– Gullet styrkar helsearbeidarfaget

EM-vinnarane Lisa Søderlund Adsem og Ann Cathrin Hole har styrka sjølvkjensla til landets helsefagarbeidarar. Gull hjelper på omdømet til faget, mener Raymond Turøy.

2012101010572420131216202932

karin.svendsen@fagforbundet.no

Nestleiar i Fagforbundet Seksjon helse og sosial (SHS), Raymond Turøy, følgde Lisa Søderlund Adsem og Ann Cathrin Hole gjennom EM i den belgiske småbyen Spa denne veka.

– Dette var spanande, seier han.

– Og framfor alt var det kjekt at dei to helsefagarbeidarane frå Rogaland, som også er med i Fagforbundet, tok gull, syns nestleiaren i SHS.

Turøy er mektig imponert over alle ungdomane som var med i EM. Og sjølvsagt i særleg grad over Lisa og Ann Cathrin.

Godt for alle helsefagarbeidarar

Nestleiaren i SHS meiner slike meisterskap er viktige for å setje fokus på yrkesfaga og kvaliteten på yrkesutøvinga.

– Konkurransane er difor viktige for rekrutteringa til yrka. Og eg er ikkje i tvil om at innsatsen til Lisa og Ann Cathrin er med på å auke statusen til helsearbeidarfaget, seier Turøy.

Han fortel at forbundet har fått ei mengd tilbakemeldingar frå andre helsefagarbeidarar som seier dei er stolte av dei to jentene. Det har også gjort noko med deira eigen yrkesstoltheit.

– For gullmedaljane syner sjølvsagt at me har kjempegode utøvarar av yrket, seier han.

Lysande stoltheit

Raymond Turøy tykkjer Lisa Søderlund Adsem og Ann Cathrin Hole er gode representantar for helsefagarbeidaryrket.

– Når me ser dei i arbeid, er det lett å sjå at dette er eit yrke dei elskar. Det lyser yrkesstoltheit av jentene. I tillegg er dei svært reflekterte, gode til å kommunisere med kvarandre og med pasientane og har ei umåteleg god evne til å vise omsorg, seier han.

Nestleiar i SHS er også nøgd med at Kristin Halvorsen tok seg tid til å vitje europameisterskapet midt under budsjetthandsaminga.

– Når både utdanningsministeren, Tor Arne Solbakken frå LO og Sigrun Vågeng frå KS kjem, syner det at omdømet til yrkesfaga står sterkt, meiner Raymond Turøy.

Ansvarlig redaktør:
Hege Breen Bakken
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy