Det nyttar å føre avvik

Dei arbeidde halvanna år utan å få setje inn vikarar. Takk vere systematisk dokumentasjon av avvik, sette helse- og sosialsjefen ned foten. Austevoll kommune måtte finne andre måtar å spare på.

2008062310533220131216055114

Bebuarane og dei tilsette ved Eidsbøen bufellesskap har vore gjennom ein svært slitsam periode. Sjukefråveret var ein periode høgt blant dei 18 fast tilsette. Då det ikkje vart sett inn tilstrekkeleg med vikarar, vart dei friske òg sjuke. Bebuarane merka mangel på personell. Dei 17 brukarane vart til tider tildelt mindre tid enn dei hadde fått gjennom enkelt­vedtak, og enkelte endra åtferd.

15 prosent fråver

– Kommunen skulle spare, og leiinga bestemte at vi skulle halde bruk av vikarar på eit minimum, fortel Linn-Beathe Suphammer, vernepleiar og dagleg leiar ved bufellesskapet i Auste­voll kommune i Hordaland.

Eigentleg skal dei vere tre på vakt både dag og kveld. Men det var etter kvart meir unnataket enn regelen. Meir vanleg var det at dei gjekk to og to på vakt.

– Me kom inn i ein vond sirkel, seier tillitsvald ved Eidsbøen, Gunn Kristensen.

– Folk var så slitne at dei blei sjuke. Og då vart det meir og gjere for dei som var igjen på jobb. Dei sleit seg i sin tur også ut og blei sjuke. Sjukefråveret auka etter kvart til 15 prosent.

Alle avvik skal bli registrerte

Avviksskjema heng lett synleg på veggen inne i personalrommet på bustaden. Noko Kari Suphammer, som er hovudtillitsvald i kommunen, er svært nøgd med det.

– Det er viktig at skjema er lett tilgjengeleg. Det gjer det så mykje lettare å ta det i bruk når det trengs, seier ho.

– Om noko skjer, og du må leite etter skjemaet, eller kanskje ikkje finn det med det same, gløymer du kanskje å føre avvik.

Ho understrekar også kor viktig det er at dei tilsette heilt systematisk og konsekvent skriv avviksmeldingar.

– Kvar gong brukaren ikkje får den tenesta han eller ho har krav på gjennom vedtak, skal det skrivast avviksmelding. Ein skal også føre avvik kvar gong ein av dei tilsette har vore utsett for vald eller truslar, seier Kari Suphammer.

Mange avvik

Etter halvanna år utan lov til å ta inn vikarar, hadde dei tilsette ved Eidsbøen registrert om lag hundre avvik som var melde vidare til helse- og ­sosialsjefen.

Dei som arbeidde ved bufellesskapet, var samde om at dei ikkje lenger var i stand til å gje brukarane eit forsvarleg tilbod. Alle fekk hjelp til det mest naudsynte, men det skorta på tiltak som skulle auke trivsel og bidra til auka sjølvstende.

Oppskrift frå Austevoll

Dagleg leiar, verneombod og tillits­valde tok kontakt med helse- og sosialsjefen i kommunen og vart innkalla til eit møte med han.

På bakgrunn av dokumentasjonen på alle avvika, det høge sjukefråveret og samanhangen mellom avvika og vakter med for få tilsette, oppheva han forbodet mot bruk av vikarar der og då. Han kunne ikkje bere ansvaret for ein slik drift.

– Dette er eit godt døme på kor viktig det er at alle tilsette og leiinga registrerer alle avvik. Viss ikkje gjer dei faktisk ikkje jobben sin. Alle avvik ein ikkje kan rette opp i på avdelinga, skal meldast vidare til høgare hald seier Kari Suphammer.

I dag er sjukefråveret nede på normalt nivå. Arbeidspresset på den enkelte tilsette er redusert, og bebuarane får dei tenestene dei har fått godkjend i enkeltvedtaka.

KVALITETSARKIVET - KVALITETSHS

Ansvarlig redaktør:
Hege Breen Bakken
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt:
Redaksjonen
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy