Lange vakter ga bedre teneste

Karmøy kommune innførte lange vakter rundt ein brukar. Etter åtte år trengte han ikkje lenger to miljøarbeidarar. No er det nok at ein tilsett følgjer han frå morgon til kveld.

2012022110213720131214174835

karin.svendsen@fagforbundet.no

På Karmøy har dei prøvd ut mange ulike turnusar. Tanken bak alle endringane har vore å auke kontinuiteten for brukarane og betre arbeidsmiljøet for dei tilsette.

Lange dagar

Elisabeth Torkelsen og Hanne Lund arbeider i eit rekkjehus med fire bustader for vaksne brukarar samt personalbase. Her bur personar med store og samansette funksjonshemningar, og alle dei tilsette går lange vakter. Dei arbeider 14 timer kvar dag i sju dagar før dei har tre veker fri. Dei har pause mellom ein og halvannan time kvar dag. Den andre veka i friperioden har dei ein kontordag pluss bakvakt.

Elisabeth og Hanne er begge knytt til eit team på åtte som arbeider for to av dei fire brukarane som bur her. Før var teamet sett saman av seks miljøarbeidarar og -tera­peutar, og dei følgde ein brukar.

– Vaktskifte var ein stressfaktor for brukaren. No slepp han det, seier Elisabeth. Ho har vore her sidan ho heldt på med omsorgsarbeidarutdanning for ti år sidan.

– Det har vore ti fantastiske år, syns omsorgsarbeidaren som no er i gang med vidareutdanning i målretta miljøarbeid.

Ingen vikarar

Dei tilsette opplever at dei lange vaktene gjer det mogleg å skape dagar med betre flyt og fleire gode opplevingar.

– Vi kan gjere kjekke ting som dagsturar og lange reiser, seier Elisabeth. Ho meiner også at ho blir betre kjend med brukarane når dei er saman heile dagen.

– Vi ser dei på ein annan måte, og vi les dei tydelegare. Eg ser om noko er gale, og kan spørje om han eller ho til dømes har vondt i hovudet. Det er viktig for ein brukar som har lite språk.

I den førre langturnusen frå 2001 måtte dei ta inn vikarar ved sjukdom og ferieavvikling. I evalueringa av arbeidsmiljøet gav dei tilsette uttrykk for at vikarbruken var ein stor belastning. Etter at den nye turnusen med bakvakt vart innført, kjende dei seg trygge på at dei alltid vil arbeide med kollegaer som kjenner brukaren godt.

– Det er heilt stabilt her no. Det veg opp for belastninga med mange, lange dagar etter kvarandre, meiner Elisabeth og Hanne.

Lang veke

For tungt er det. Kanskje er dei slitne fjerde eller femte dagen. Då er dei redde for at dei ikkje er merksame nok, at dei ikkje er hundre prosent til stades.

– Men som regel går det fint, og eg får ei vanvittig kjensle av meistring når eg går av vakt den sjuande dagen, fortel Hanne.

Ho er vernepleiar og har om lag sju års røynsle frå ulike bustader i verksemda, dei siste to–tre åra i denne bustaden i Rusvikvegen. Hanne er samd i at stabiliteten for brukarane er viktig, og at lange vaktar er best, men ho tykkjer sjølv det er mykje å arbeide ei heil veke.

Positiv utvikling

Den nye turnusen frå 2009 fungerte bra for dei tilsette. Brukaren var inne i ei positiv utvikling; han kommuniserte betre og vart rolegare.

– Sjukefråveret fell umiddelbart. Det same gjorde talet på utfordrande åtferd. Eg trur det kom av omlegging av turnus, men òg av di det hadde gått seg til i den nye bustaden, seier verksemdsleiar Elin Hansen.

Brukaren, som før hadde trengt følgje av to miljøarbeidarar eller -terapeutar heile dagen, viste ei så god utvikling at nokon ymta frampå om at det kanskje ville vere betre for han berre å ha ein om gongen. Han hadde fått betre språk, og trong ikkje lenger vedtak om tvang.

For to år sidan gikk dei over til å arbeide ein til ein med denne brukaren Men dei tek framleis vare på tryggleiken til dei tilsette.

– Med bakvaktsordninga er ein av dei tilsette alltid klar til å rykke ut, til dømes ved utfordrande åtferd. Men etter to års drift har det enno ikkje vore naudsynt å nytte denne moglegheita, seier Elin Hansen.

Ingen turnus passar alle

Verksemdsleiaren fortel at då dei la om turnusen i 2009, starta dei med blanke ark. Alle dei tilsette fekk høve til å søke på nytt. Nokon valde å halde fram i bustaden, andre søkte seg til andre arbeidsplassar i kommunen.

– Det må vere frivillig å arbeide lange vakter. Men ein eller to kan ikkje øydeleggje ei turnusordning som fungerer godt for brukaren og for dei andre tilsette, meiner Elin Hansen.

Ho er overtydd om at kva for ein turnusordning som passar dei tilsette, handlar om innstilling og nettverk.

– Men uansett om vi vel denne eller ein meir ordinær turnus, vil han ikkje passe alle frå dei er 20 til dei er 67 år, seier verksemdsleiaren.

Før innføring av lange vakter arbeidde dei tilsette i bustader for personar med utviklingshemning gjennomsnittleg mellom 40 og 50 prosent. No er gjennomsnittleg arbeidstid mellom 70 og 85 prosent.

På bustaden i Rusvikvegen 3 arbeider dei tilsette bare lange dagvakter. Alle som er tilsett i langturnusen, arbeider 100 prosent.

Her arbeider totalt 13 personar, åtte i langturnus og fem på ettermiddag og natt. Fire av dei 13 er menn.

På tre andre stader i verksemda praktiserer dei lange vakter i helgene.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy