Frøydis Falch Urbye
Yrkesseksjonsleder helse og sosial Fagforbundet Vestland
Fagfolka er kjernen i helsetenesta. Utan fagfolk har me ikkje helsetenester. Dei som er på golvet, som møter pasientar, som held logistikken i gang og som held lokala reine.
Fagfolk er ein dyrebar ressurs som me må ta vare på, viss me òg i framtida skal ha ei helse- og omsorgsteneste i verdsklasse.
• Avlastar legane: Her leiar helsesekretærane legekontoret
For lenge har me kasta bort fagkompetanse. Medan sjukepleiarane våre vart smurt meir og meir tynt utover og får fleire og fleire oppgåver, har tendensen vore motsett for til dømes helsefagarbeidarane.
Dette er ein trend som ikkje går i lengda. Me kan ikkje basere tenesta på overarbeidde sjukepleiarar som skal gjere «alt» – dei må få tid til å gjere kjerneoppgåvene deira, og tid til å gjere dei med den kvaliteten som yrkesstoltheita og -etikken tilseier.
Samstundes vart fagarbeidarane våre stadig undervurdert. Oppgåver vert tildelt meir basert på tradisjon enn faktiske vurderingar av reell kompetanse, og høvet til å utvikle seg i jobben er tynt.
Løysinga på båe desse utfordringane er betre oppgåvedeling, og skal me møte framtidas behov for tenester, kjem ein ikkje utanom dette. Det gler oss at mange stader jobbar godt med oppgåvedeling. Rapporten om oppgåvedeling mellom helsefagarbeidarar og andre i sjukehusa som kom i fjor var oppløftande, og KS sitt TØRN-prosjekt har mange spennande pilotar. Likevel går arbeidet for seint.
• Fikk pris for arbeid med oppgavedeling mellom sykepleiere og helsefagarbeidere
No er tida for å kome med eit skikkeleg løft. Me må leggje bort profesjonskampen og utdaterte tradisjonar, og sjå framover. Helsepersonellova seier at alt me gjer skal vere «fagleg forsvarleg», og det er dette me må leggje til grunn for alt me gjer. Spørsmålet ein då må stille seg er «korleis kan me setje våre tilsette i stand til å løyse oppgåvene me har?».
Kompetanseheving er nøkkelen. Ikkje ei gammaldags tilnærming kor dei med høgast utdanning får mest høve til kompetanseheving, men ei tilnærming kor ein satsar på heile laget. Dette handlar ikkje om at til dømes ein helsefagarbeidar skal plutseleg bli ein sjukepleiar. Det handlar om å anerkjenne faget til helsefagarbeidaren, og at utdanninga legg eit solid grunnlag for vidareutvikling som ein må leggje til rette for.
Helsepersonellkommisjonen seier at me må satsa meir på utdanning av fagarbeidarar som er relevante for helse- og omsorgstenestene. Kommisjonen foreslår og å setje i gang eit systematisk og forpliktande kvalitetsutviklingsprogram, som skal fremje betre organisering av arbeidsprosessar og riktig oppgåvedeling i helse- og omsorgstenestene. Fagforbundet vonar at desse forslaga blir teke på alvor.
• Fra grasrota: Har vi det for travelt og er underbemanna, må vi vise det fram
Me har ei utruleg bra helseteneste. Tenk kva me kan få til når me nyttar kompetansen til alle.
Helsesekretæren, portøren, helsefagarbeidaren, barsel- og barnepleiaren og alle dei andre undervurderte fagfolka i tenesta. Ikkje berre vil tenesta bli betre for pasienten, men ho vert òg betre for alle dei andre som jobbar i ho, og som då faktisk får lov til å fokusere på kjerneoppgåvene sine.
Det er på tide å anerkjenne fagfolka. Alle fagfolka. Den einaste måten å løyse oppgåvene er saman. Då må me få fart på arbeidet med oppgåvedeling.
SPARER IKKE SELV: – Det er vel typisk kvinner det, sier Ruth Petersen.
Eivind Senneset
UTENFOR: Nicolay Hellestø mener Fagforbundet og LO må kreve en mye sterkere statlig styring av markedet enn i dag.
PRIVAT
Pensjonister kan forvente seg en månedlig økning og etterbetaling for mai.
Gorm Kallestad / NTB
NYTT FORSLAG: Mette Nord i Fagforbundet har lagt et forslag på bordet.
Alf Ragnar Olsen
HEKTISK: Nestleder Odd Haldgeir Larsen i Fagforbundet på LO-kongressen mandag.
Per Flakstad
TOLKER VEDTAKET: Sjeføkonom Roger Bjørnstad i LO.
Jan-Erik Østlie
privat
Frøydis Falch Urbye
privat