Endring av abortlova: Kvifor endre på noko som fungerer?

2019030714580020190410203756
Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Hanna Skotheim

Når kvinner sin rett til sjølvbestemt abort står på spill, retten min til å bestemme over eiga kropp blir brukt i forhandlingar, er det tid for handling, skriv ungdomskandidat for Vågå Ap.

Ungdomskandidat for Vågå Arbeiderparti ved kommunevalet 2019 og Seksjonsleiar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet Vågå.

Eg ber om orsaking for å måtte melde at det framleis går føre seg ein kamp, ein kamp om fridom og likskap.

Spør du meg om vi treng denne dagen i 2019, er svaret tydelegare enn på mange år.

Når kvinner sin rett til sjølvbestemt abort står på spill, retten min til å bestemme over eiga kropp blir brukt i forhandlingar, er det tid for handling.

Når kvinner sin gjennomsnittlege månadslønn er 87,5 prosent av menns, og når 35 prosent av kvinnene jobbar deltid, og berre 14 prosent av mennene gjer det same, er ikkje dette lenger eit spørsmål.

Så spør du meg om vi treng denne dagen i 2019, då er svaret mitt, ja.

At det i 2019 i det heile tatt skal vera nødvendig å forsvara min rett til å bestemme over eiga kropp, er skremmande. Vi har nå den blåaste regjeringa sidan før den andre verdskrigen. Vi er inne i det sjette året med denne regjeringa, og eg meiner at likestillinga har vorte svekka i løpet av desse åra.

Nå er det til og med lagt fram eit nytt forslag på abortlova. Kvifor endre noko som alt fungerer? Denne lova har våre kvinner kjempa hardt for, og vi skal fortsetta å kjempe for denne lova og rettane våre. Det som er trist, er at dette skal vera nødvendig 41 år etter at abortlova vart kjempa fram. Det som er enda meir trist, er at statsminister Erna Solberg forhandlar vekk kvinner sine rettar for sjølv å skaffe seg makt.

Det er nå viktigheita med kvinnedagen kjem fram. Vi må nå ta opp igjen kampen som kvinner har kjempa for, og fortsette å kjempe. Nå står nok ein gong kvinner sine framtidige rettar på spel, og det er vårt ansvar å kjempe for dei.