JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Har tilsett 15- og 16-åringar ved sjukehus

– Ein 15-åring bør ikkje bli utsett for å sjå nokon som ligg og skrik på grunn av smerte og som kanskje døyr

KRITISKE: Tillitsvalde frå Fagforbundet, Delta og Sykepleierforbundet er kritiske til at 15-17-åringar jobbar på geriatrisk døgnpost.

KRITISKE: Tillitsvalde frå Fagforbundet, Delta og Sykepleierforbundet er kritiske til at 15-17-åringar jobbar på geriatrisk døgnpost.

Werner Juvik

– Leiinga har bomma med å plassere så unge der det er sjuke eldre, seier Fagforbundet-tillitsvalde René Utgaard.

2022082309285820220823092900

oystein.windstad@fagbladet.no

Leiinga ved Sykehuset i Østfold Kalnes har tilsett seks ungdommar frå 15 til 17 år til å jobbe som driftspersonell ved geriatrisk døgnpost. Dei skal ikkje delta i behandling av pasientar, men blant anna fylle opp skap og skuffer med utstyr, vaske rom og anna logistikkarbeid, skriv Sykepleien. Ungdommane går vakter som sommar- og ekstrajobb. Tilsetjingane er eit prøveprosjekt fram mot vinteren.

•Vil ha eiga bachelorutdanning for helsefag

– 15-åring bør ikkje sjå nokon som kanskje dør

René Utgaard er føretakstillitsvald for Fagforbundet meiner dei unge vil møte på eldre og sjuke pasientar:

– Dette er veldig lite gjennomtenkt. Ikkje fordi det er 15- og 16-åringar. Om me hadde plassert dei til å ta imot varer i kjellaren er det ein ting. Dei har bomma med å tilsette ungdommane på geriatrisk sengepost. Det ligg sjuke eldre menneske også på korridor. Sjuke pasientar ser ikkje om du er 15 eller 22 i sjukehusuniform. Ser dei deg i uniform, grip dei tak i deg, seier Utgaard og legg til:

– Ein 15-åring bør ikkje bli utsett for å sjå nokon som ligg og skrik på grunn av smerte og som kanskje døyr. Vi skal ikkje utsette barn for noko som kan føre til potensielt psykisk traume, meiner han.

• Alle får snart billigare nettleie frå september

– SNU: René Utgaard er føretakstillitsvald for Fagforbundet ved Sykehuset Østfold Kalnes og håpar leiinga snur. Han er redd for at ungdommane kan kome tett på eldre og sjuke som har det vondt og døyr.

– SNU: René Utgaard er føretakstillitsvald for Fagforbundet ved Sykehuset Østfold Kalnes og håpar leiinga snur. Han er redd for at ungdommane kan kome tett på eldre og sjuke som har det vondt og døyr.

Privat

Etterlyser drøfting

Tillitsvalde frå Sykepleierforbundet, Delta og Fagforbundet meiner leiinga ikkje har gjort dei nødvendige drøftingane før tenåringane blei tilsett:

– Sjukehuset svarer at dei har vore i dialog med tillitsvalde. Den har vore veldig vag og i bestefall med ein plasstillitsvald som ikkje har drøfterett. Ingen frikjøpte har blitt kontakta, seier Utgaard til Fagbladet. Han peikar på at fleire vaksne tilsette bør få full jobb:

– Vi har vaksne familiefolk som ikkje får fulle stillingar. Om alle hadde fått den stillingsprosenten dei ønsker, har ikkje eg eit problem med at ungdom kan få prøve seg. Eksempelvis på lager i kjellaren. Men, ikkje i spesialhelsetenesta.

• Beskjed frå grunnfjellet og tillitsvalde: Dette må Ap gjere for å snu skuta

Leiinga avviser kritikken

Astrid Eri-Montsma er avdelingsleiar ved geriatrisk sengepost ved Sykehuset Østfold Kalnes. I eit intervju med VG avviser ho at dei unge kjem tett på pasientane:

– Det er eg ueinig i. Vi har vore svært tydelege med ungdomane og anna personell. Eg kan ikkje seie at det har vore noko risiko. I tillegg ligg det svært få pasientar på gangen, fortel ho i eit intervju med VG laurdag. Avdelingsleiaren seier dette om drøfting med tillitsvalde:

– Vi har snakka med dei lokale tillitsvalde på avdelinga. Vi tenkte ikkje at det var nødvendig når dei jobba i tillegg til dei faste tilsette, seier Eri-Montsma.

• Hjelpepleiar Berit slit meir og tener mindre med ny turnus

– Ei moglegheit vi greip

Avdelingsleiaren seier til Sykepleien at jobbinga kan vere ein veg inn i arbeidslivet:

– Sommarjobb og ekstrajobb for elevar er ein flott måte å bli kjent med ulike delar av arbeidslivet på. Då vi høyrde at det er utfordrande for ungdom å finne sommarjobb, såg vi geriatrisk avdeling som ei moglegheit som vi greip tak i, seier ho via sjukehuset si kommunikasjonsavdeling til Sykepleien.no. Ho fortel vidare at dei unge har ei fast liste med oppgåver dei skal igjennom. Eksempelvis lagerarbeid, påfylling av forbruksvarer, reinhald og desinfisering. Dei har arbeidsuniform og nøkkelkort.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy