Nytt kurs om kunstig intelligens på jobben
– Lite kunnskap om KI kan gje klasseskille i arbeidslivet
KI PÅ JOBBEN: Tek-ekspert Torgeir Waterhouse (tv) og opplæringsansvarleg i Fagforbundet Oslo, Fredrik Olstad, meiner mange veit fir lite om KI på jobben. Dei kjem med eit nytt kurs for 300 tillitsvalde om kva KI på jobben vil bety.
Øystein Windstad
Jobben din vil bli påverka av kunstig intelligens. Og vi risikerer eit A- og B-lag i arbeidslivet, seier fagforeiningsmann og får støtte av tek-ekspert som skal kurse tillitsvalde om KI-revolusjonen.
oystein.windstad@fagbladet.no
Dei siste åra har den kunstige intelligensen blitt brukt til alt frå skriving av e-postar til jobbsøking. Kva vil skje med deg og jobben din når KI blir brukt til anna og meir? Ein fagforeiningsmann og ein tek-ekspert har no funne saman og deler tankar om dette:
– Fagforbundet må henge med. Folk har brukt KI i nokre år, men ein har ikkje sett kor mykje det kan påverke tenestene og dei tilsette, seier Fredrik Olstad, som er opplæringsansvarleg i Fagforbundet Oslo. Han arrangerte nyleg kurset «Innføring av KI på arbeidsplassen og tillitsvalgtes rolle». Han arrangerer no eit nytt kurs til sommaren.
• Brukar kunstig intelligens på jobb: Forutser sjukefråver og fyller vaktplanene
JOBBE MED: Fredrik Olstad, opplæringsansvarleg i Fagforbundet Oslo, meiner vi må jobbe med AI på jobben: - KI-revoulsjonen har kome for godt. Fagrøyrsla og tillitsvalde må sørge for at KI blir brukt på ein måte som er bra både får brukarar og tilsette.
Øystein Windstad
Fryktar A- og B-lag
Spesielt administrasjon og kontorjobbar vil først merke KI. Olstad meiner det er avgjerande at tillitsvalde og fagforeiningsmedlemmer veit meir:
– Tillitsvalde må forstå korleis kunstig intelligens påverkar for å kunne meine noko om det. Viss vi skal vere med tidleg i omstillingsprosessane, må vi vite kva vi snakkar om, seier fagforeiningsmannen. Han ser at KI-utviklinga går rivande raskt og at det er fare for at vi kan få eit nytt digitalt klasseskilje på jobben:
– Det er ei stor bekymring for at kunstig intelligens kan skape eit A- og B-lag, der nokon heng med, og andre blir ståande igjen utan kompetanse til å vere med på utviklinga, seier han og får støtte frå ein anerkjend tek-ekspert.
• Ein av tre kommunar har brukt kunstig intelligens
IT: Torgeir Waterhouse har jobba med IT og IT-politikk i over 25 år. Han har bakgrunn frå blant anna Forbrukerrådet og IKT Norge. Han er også aktiv i organisasjonen Lær Kidsa Koding, når han ikkje jobbar som rådgjevar eller held foredrag.
Øystein Windstad
Ser omstilling kome
Torgeir Waterhouse er partnar i rådgjevingsselskapet Otte og kursa nyleg rundt 70 Fagforbundet-tillitsvalde i Oslo. Han driv også eit selskap som brukar KI for å sortere ut pukkellaks frå villaks i elver. Tek-eksperten ser ein fare for at det kan gå med nokre i arbeidslivet som med pukkellaksane. I ei blindgate, medan andre symjar fort vidare:
– Omstilling må skje på ein skikkeleg måte. Viss ikkje risikerer vi at dei som allereie har mykje kunnskap og tilgang på teknologi, trekkjer ifrå, medan andre blir ståande att med færre moglegheiter.
• Støre: Kunstig intelligens utfordrer allerede demokratiet betydelig
VENTELISTE: Det var rundt 70 som fekk plass på AI-kurset til Fagforbundet Oslo i mars. Og rundt like mange som stod på venteliste. Neste kurs får plass til vesentleg fleire.
Øystein Windstad
Vil ha sterk hand på rattet
Olstad meiner fagrørsla har ein ting å gjere – kople seg på:
– KI-revolusjonen er her enten vi vil eller ikkje. Han kjem ikkje til å gå vekk. Viss tillitsvalde blir kopla på, viss fagrørsla får ei hand på rattet, kan dette bli eit gode. Tillitsvalde skal vere med og forme korleis tenestene blir. Sik at kunstig intelligens gir betre arbeidskvardag for tilsette og betre tenester for borgarane, seier han og legg til:
– No må dei tillitsvalde vite: Kva er kunstig intelligens? Korleis fungerer det? Kva kan vi bruke det til? Og kva skal vi ikkje bruke det til?
• KI i helse: – Erstattar ikkje menneske
Nytt kurs med plass til 300
Og for å svare på desse spørsmåla Blir Torgeir Waterhouse med på eit nytt seminar. Han får med seg filosof og foredragshaldar Einar Øverenget, som har jobba mykje med omstilling i arbeidslivet.
Det nye seminaret skjer 11. juni. Denne gongen har Olstad booka Scandic Valhall med plass til 300 deltakarar. Kurset er opent for tillitsvalde i Fagforbundet Oslo. Olstad seier det kan vere plass til tillitsvalde frå andre stadar og ber interesserte om å ta direkte kontakt.
Teknologi-ekspert Waterhouse trur at KI gjort rett vil løfte arbeidskvardagen til mange:
– Ein av dei store verdiane ved KI er at han kan fungere som ein assistent i kvardagen, som gjer at arbeidstakarar kan fokusere på det dei faktisk er best på – å jobbe med andre menneske, seier han og legg til:
– Om vi gjer dette riktig, kan KI skape fleire moglegheiter enn utfordringar, men det krev at vi tar aktive val for å sikre at utviklinga kjem alle til gode.