Ambulansearbeidar Gro-Anita må inn på teppet etter Facebook-innlegg: – Har fått støtte frå heile landet
STØTTE: Gro-Anita Olsen Sætrum stiller med både jurist og tillitsvalgt i møtet.
privat
Legar, psykologar, sjukepleiarar og andre helsearbeidarar sender melding og skriv det er viktig eg står opp for ytringsfridomen, seier ambulansearbeidar Gro-Anita Olsen Sætrum. No stiller ho med eigen advokat i møte med leiinga.
oystein.windstad@fagbladet.no
Gro-Anita Olsen Sætrum er ambulansearbeidar for Finnmarkssykehuset. Torsdag kl. 12.15 må ho stille til møte med arbeidsgjevar og ein jurist. Ho blei kalla inn til møtet fordi ho delte ei NRK-sak på Facebook:
– Eg har fått overveldande med støtte frå folk som har funne nummeret mitt, sendt meldingar og ringt til meg. Det er legar, psykologar, sjukepleiarar, folk som jobbar i ambulanse blant anna. Dei har skrive at det er kjempeviktig at eg brukar ytringsfridomen min og at dei også har opplevd liknande problem. Det er folk frå heile landet som har teke kontakt, seier Sætrum.
• Dette kan du seie eller skrive som offentleg tilsett
MØTE: Gro-Anita Olsen Sætrum må i møte med sjef og jurist frå HR-avdelinga torsdag. Ho seier bakgrunnen har med at ho tidlegare har varsla om situasjonen ved jobben og at ho nyleg delte ein NRK-artikkel om dei same forholda på Facebook.
Privat
Stiller med advokat og tillitsvald
Fagforbundet-medlemmen har tidlegare jobba som verneombod og har vore kritisk til det ho kallar ein fryktkultur ved sjukehuset.
Saka ho delte på Facebook, og som gjer at ho blir kalla inn til møte med sjefen og jurist handlar om underbemanning i ambulansane ved Finnmarkssykehuset og brot på akuttmedisinforskriften ved Finnmarkssykehuset. Torsdag møter ho leiinga med eigen advokat som ho har betalt for sjølv, i tillegg til ein tillitsvald:
– Det gjer eg fordi eg meiner det er veldig merkeleg at ein arbeidsgjevar kallar meg inn til eit møte med møteplikt og jurist. På grunn av det eg skreiv på Facebook og NRK-saka. Eg stolar ikkje på arbeidsgjevaren min. Då er det greitt å ha med nokon som ser at møtet går rett føre seg.
• Ytringsfridom: Sjefar seg over Grunnlova
STØTTE: Gro-Anita Olsen Sætrum seier folk har ringt, sendt SMS eller skrive til ho på Facebook Messenger med støtt etter ho sto fram i NRK med at ho blei kalla inn til møte med sjefen og jurist etter Facebook-deling av ein tidlegare NRK-artikkel.
Privat
– Kan ikkje sjå grunn for at dei kan sparke meg
– Når du seier at du ikkje stolar på arbeidsgjevar – kva legg du i det. Fryktar du for jobben din?
– Eg kan ikkje sjå at dei har grunnlag for å sparke meg eller gje meg åtvaring. Eg stolar ikkje på intensjonen deira når dei seier eg skal gjere greie for ting. Det er merkeleg at det er ein jurist til stades frå leiinga si side.
– Korleis oppfattar du klimaet for ytringsfridom på jobben din?
– Det er ikkje noko klima. Det er nulltoleranse og ein fryktkultur , og det har eg skrive eit varsel om tidlegare.
• Kva kan du om ytringsfridom på jobben? Ta testen quizen her
Håpar på forandring
– Kva håpar du skal skje?
– Eg håpar arbeidsgjevar skjønar kva møte gjer med menneska bak. Dette er for å skape frykt og tie dei tilsette. Eg syns det er ein forferdeleg måte å behandle tilsette på. I staden for å skape tryggleik og tillit, skaper dei frykt. Det er trist, seier Sætrum, som har jobba 15 år som ambulansearbeidar.
Fagforbundet-medlemmen fortel ho har vore sjukmeldt av og på dei siste to åra, etter at ho kom med kritikk om arbeidsplassen som verneombod:
– Som ambulansefagarbeidar er eg forplikta til å følge helsepersonellova. Ho stiller krav til både det som er fagleg forsvarleg og at ein skal gje omsorgsfull hjelp. Ein er også forplikta til å varsle om forhold som kan føre til fare for pasientar. Ambulansepersonell strekk seg langt for å hjelpe andre til alle døgnet sine tider, og yrket har ein viss risiko for eiga helse. Ein jobbar for eit helseføretak, der ein sjølv risikerer å bli pasient på bakgrunn av korleis dei behandlar sine tilsette.
Tillitsvald støttar
Julia Thomassen er nyvald føretakstillitsvald for Fagforbundet ved Finnmarkssykehuset. Ho seier ho forstår at Sætrum skreiv eit innlegg på Facebook og stilte til intervju i NRK:
– Eg tenkjer at så lenge ein har ytringsfridom i Norge og dessutan at medlemmer tek omsyn til lojalitetsplikt ovanfor arbeidsgjevar, må ein få lov til å seie ifrå. Eg opplever at i denne saka er det forsøkt sagt ifrå til arbeidsgjevar fleire gonger tidlegare utan at det skjer noko. Då forstår eg at ein går til media i frustrasjon, seier Thomassen.
Lojalitetsplikt går ut på at tilsette ikkje kan kome med informasjon som er tausheitsbelagt eller komme med ærekrenkingar. Les meir om kva du kan seie som offentleg tilsett og kva lojalitetsplikt er her.
TILLITSVALD: Julia Thomassen er nyvald føretakstillitsvald for Fagforbundet ved Finnmarksykehuset.
Privat
Fleire fortel om fryktkultur
Tillitsvalde Thomassen seier medlemmar ved helseføretaket har fortalt om at også dei er redde for å ta ordet og seie kva dei meiner:
– Eg har høyrt frå fleire medlemmar som seier at dei er redde for å uttale seg offentleg i fare for kva arbeidsgjevar kan finne på å gjere. Slik eg oppfattar mine medlemmar, verkar det som ein del av dei meiner det er vanskeleg. Med andre ord kan dette beskrivast som ein fryktkultur, seier ho.
• Hardt ut om endringer i stor helseregion: – De tillitsvalgte er ikke sterke nok
Finnmarkssykehuset: – Retten til ytring står sterkt
Finnmarkssykehuset svarar via ein pressekontakt at møtet som Sætrum skal i torsdag er ei sak dei ikkje kan kommentere. I alle fall ikkje no.
«Juristen det blir vist til kjem frå HR, og møtet er i tråd med vanlege prosedyrar ved helseføretaket», skriv kommunikasjonssjef ved Finnmarkssykehuset Eirik Palm i ein epost.
Han skriv i tillegg, på generelt grunnlag:
«Eg vil presisere at retten til å ytre seg står sterk i Finnmarkssykehuset. Vi oppfordrar og alle våre tilsette til å ha låg terskel for å melde avvik.»