JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Lønnsoppgjeret 2023

Ann Kristin (36): I fjor røyk sydenturen med barna. I år ryk kinoturane óg

STRAMT: – Ungane har ikkje heilt forstått det. Dei vil gjerne ha det eine eller det andre, men det kan dei ikkje få. Vi seier berre «vi får ta det seinare», seier Ann Kristin Sandelin.

STRAMT: – Ungane har ikkje heilt forstått det. Dei vil gjerne ha det eine eller det andre, men det kan dei ikkje få. Vi seier berre «vi får ta det seinare», seier Ann Kristin Sandelin.

Anita Arntzen

Prisane stig framleis. Kommuneansatte Ann Kristin Sandelin ar kutta utgiftane til beinet. Ho tør ikkje håpe på noko lønnsløft.

2023022210595820230228102623

agnes.bridge.walton@fagbladet.no

– Det blei ingen sydentur i fjor, nei, seier Ann Kristin Sandelin.  

Sandelin (36) er barne- og ungdomsarbeidar og jobbar i barnehage. I fjor snakka ho med Fagbladet om familieøkonomien og den dramatiske prisstigninga.  

 Samtidig som prisane auka i rekordfart viser nye tal at dei kommunetilsette vart lønnstaparar i fjor – igjen. Men når LO-leiaren krev at kommunetilsette skal prioriterast i årets lønnsforhandlingar, trur ikkje Sandelin at dette vil føre til store endringar i praksis.  

I år må lønna øke mer enn prisene, krever LO

– Det har gått så langt at vi har kutta ut fritidsaktivitetar med barna. Ein kinotur var vanlig før. No er det heilt utelukka å bruke 400 kroner på det, seier Sandelin frå kjøkkenet på Aurskog.  

Allerede tidleg i 2022 forstod familien på fire at dei måtte omprioritere kraftig for å klare seg, sjølv om Ann Kristin og mannen Jan-Tore har ei samla inntekt som ligg tett opp mot det norske gjennomsnittet.  

Dei hadde håpa på eit godt utfall i fjorårets lønnsforhandlingar og kanskje til og med ein sydentur til sommaren – men det skjedde ikkje.  

LO-leiar: Kommunetilsette må få meir 

Framfor lønnsforhandlingane i år kom LO-leiar Peggy Følsvik med eit uvanleg krav: Dei kommunetilsette må få meir.  

– Dei tre siste åra har dei kommunalt tilsette tapt terreng mot privat sektor. Det går ikkje lengre. I år må dei tilsette i kommunane sikrast eit skikkeleg lønnsløft, sa Følsvik til VG. 

Forskjellen mellom gjennomsnittslønna i privat og kommunal sektor er større no enn nokon gong sidan 2015, viser tal frå SSB.  

I 2022 tente ein arbeidstakar i privat sektor i snitt 15 prosent meir enn dei som jobbar i kommunene. Året før var gapet på litt over 11 prosent.   

 

https://datawrapper.dwcdn.net/9dpvH/4/

 

Dei som sakker akterut i lønnsveksten er ikkje optimistiske om at trenden vil bli lett å snu.  

– Vi har ikkje mykje håp om at dette skal bli betre gjennom lønnsforhandlingane. Vi har gitt litt opp eigentleg, seier Sandelin.  

Rekna veldig feil 

I april i fjor tok forbrukarøkonom i Sparebank1 Magne Gundersen fram ei prognose for familien på fire, basert på forventa prisvekst. Dyrare straum, mat, drivstoff og renteutgifter skulle koste dei nesten 50.000 kr ekstra i løpet av året, rekna han ut.  

– Han rekna veldig feil da, seier Sandelin.  

Magne Gundersen er einig.

– Ja, vi bomma skikkelig. Det var det mange prognoser som gjorde for eitt år sida. Eg hugsar den familien godt. Vi la til grunn fem prosent auke i matprisane men det landa på meir enn det dobbelte.  

Undersøkelse: Hver fjerde nordmann har bedt om økonomisk hjelp

Realiteten vart mykje tøffare enn prognosene tilsa. I alt steig prisnivået (KPI) 5.8 prosent i 2022. For familien innebarndet mange tusen kroner i auka utgifter utover det både dei og forbrukarøkonomen hadde forventa.   

– Eg pendlar til jobben og må ha bil. Prisen på diesel er nesten dobla, og vi må ofte ut med 3000 kroner i månaden berre der.  

{s1}

I tillegg har rentene auka utgiftene til bustad; frå 14.000 kroner i månaden då dei kjøpte huset til rundt 20.000 kroner i dag.  

Fortvilar over matprisane

Sandelin seier at det verste sjokket har vore straum- og matprisane. Gundersen, som projiserte 5 prosent auke i matprisane, undervurderte marknadsendringa kraftig: Den faktiske matprisendringa i fjor var på heile 11,5 prosent.  

– Frå juni og utover steig matprisane raskt. Konsumentane har allerede endra mentalitet og handlevaner. Folk har ikkje råd til impulskjøp, dei planlegg matinnkjøpet nøye, tek godt vare på restar, og ser etter tilbod og billigvarer, seier Gundersen.  

Sjekk kor mange tusen meir i månaden du er venta å få 

Når familien Sandelin handlar i dag er det berre basisvarene som får plass i korga. Slik har det aldri vore før. Og det hender at uventa utgifter hamnar på kreditt, seier Sandelin og sukkar tungt.  

– Ungane har ikkje heilt forstått det. Dei vil gjerne ha det eine eller det andre, men det kan dei ikkje få. Vi seier berre “vi får ta det seinare”.  

Håper på lønnsløft  

Ved fjorårets lønnsforhandlingar fekk frontfaget, altså den konkurranseutsette industrien, ei ramme for lønnsauke på 3,7 prosent.  

Kommunane auka lønna i tråd med ramma, men tal frå Teknisk Beregningsutvalg viser at lønnsveksten i det private vart mykje større.  

Slik var det også i 2021 og i 2020: Tilsette i frontfaget fekk ei lønnsauke på 2,2 prosent i 2020 – dei kommunetilsette fekk 1,7 prosent. I 2021 fekk frontfaget 3,1 prosent, og kommunene 2,6.  

https://datawrapper.dwcdn.net/zR4OO/2/

Etter fleire år med skeivfordeling er forskjellane mellom sektorane markant større.  

LO-leiaren har sagt at ho ynskjer å snu utviklinga i år gjennom å prioritere dei som har fått minst over fleire år. Dersom dette faktisk skjer vil det vere eit uvanleg grep. LO, som organiserer arbeidskraft på tvers av sektorane, tar sjeldan til orde for å prioritere ei gruppe over andre.  

– Det er klart dei kommunetilsette treng eit løft no. Men eg har ikkje håp om at det vil skje. Arbeidsgivarane har jo også utgifter og alle er under press, men utan oss er det ingen som kan gå på jobb. Det er jo vi som passer på ungane, seier Sandelin.  

Framleis tøffe tider 

Sjølv om veksten i det private drar ifrå, er det svært få som har opplevd dei siste åra som ein fest.  

For så godt som alle grupper har reallønna, altså kjøpekrafta til utbetalinga du faktisk sit igjen med, gått ned. Og det er ikkje forventa at reallønna vil auke etter lønnsoppgjeret i år heller; lønnsutviklinga vil framleis vere treigare enn prisstigninga.  

– Vi må førebu oss på at renta aukar to-tre gonger til. Det kan bli tøft for mange. Men ikkje alle prisar vil stige i same takt som dei har gjort. Dersom straumen held seg på dagens nivå, for eksempel, vil det bety at kostnadsnivået overlag held seg litt meir stabilt, seier Gundersen.  

– No har vi kutta på mat, og vi har kutta på fritidsaktiviteter. Eg veit ikkje kva meir vi kan kutte, seier Sandelin.  

 

Det er klart dei kommunetilsette treng eit løft no. Men eg har ikkje håp om at det vil skje.

Ann Kristin Sandelin, barnehageansatt

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy