JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Barnevernsgründer dømt til fengsel for overgrep

Leif Martin Kirknes

Ein mann i 30-åra er dømt for seksuelle overgrep mot sin eigen fosterson og ein annan mann.

2023061216032720230613095824

oystein.windstad@fagbladet.no

 

Mannen har drive selskap innan barnevern fleire stadar i landet. Måndag blei han dømt til fengsel i to år og to månader for overgrep mot eigen fosterson frå han var mellom 16 og 19 år. I tillegg blei han dømt for overgrep mot ein annan mann som var ute av stand til å samtykke eller motsette seg.

Både den dømte mannen og forsvarar Thomas Randby har avvist alle skuldingane. Det er ikkje kjent om mannen ankar.

 • Tiltalt for overgrep mot sovande mann og fosterson

Erstatning

Mannen i 30-åra eig i dag selskap som driv innan barnevern. Tidlegare har han jobba på fleire barnevernsinstitusjonar og blant anna som innleigd konsulent og saksbehandlar i fleire kommunar.

Dei to meddommarane og fagdommaren trudde ikkje på forklaringane til den tiltalte. Dei la til grunn i domen at han som fosterfar hadde eit spesielt tillitsforhold og ansvar til fostersonen. Og at mannen har utnytta sin posisjon. Oslo tingrett landa på at mannen skal betale 240.000 til dei etterlatne til den eine fornærma. Og 120.000 i oppreisning til den andre.

 

Fostersonen tok sitt eige liv

Tidlegare blei mannen frikjend av ein delt rett for å ha prøvd å bestikke og betale seg ut av overgrepsskuldingane frå fostersonen.

Fostersonen tok sitt eige liv vinteren 2021, kor tid før den opphavlege rettssaka skulle starte. Den saka blei lagt vekk, men kom seinare opp igjen, etter at politiet blant anna kom i kontakt med andre som fortalde dei hadde opplevd overgrep av mannen. 

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy

Leif Martin Kirknes