FRIKJEND: Juryen i Borgarting lagmannsrett meiner nokon har kome med eit forslag om pengar mot å droppe skuldingar. Men, fleirtalet av juryen meiner det er tvil om kven som kan ha kome med forslaget.
Leif Martin Kirknes
oystein.windstad@fagbladet.no
Sakene mot barneverns-gründeren i 30-åra starta med at han blei skulda for seksuelle overgrep mot sin eigen fosterson.
Mannen, som i dag eig to selskap i privat barnevern, blei også skulda for å ha foreslått å betale fostersonen og hans tvillingbror 100.000 kroner kvar for at alle skuldingane om overgrep skulle bli droppa.
• Fostersonen tok sitt eige liv før rettssak
Delt rett
Saka gjekk i Borgarting lagmannsrett i slutten av august og torsdag kom dommen. Alle dommarane var einige om at det har kome eit forslag om at den tidlegare fostersonen og hans tvillingbror skulle få pengar om overgrepsskuldingane blei droppa.
Når eit fleirtal av dommarane landa på frifinning, er det fordi dei meiner det er rimeleg tvil om det var barneverns-gründeren sjølv som kom med forslaget.
To av sju dommarar tok dissens og meinte det var heva over rimeleg tvil at det var den tiltalte som kom med forslaget om til saman 200.000 kroner for å trekkje skuldingane om overgrep. Fleirtalet peika ikkje på kven dei meiner eventuelt har kome med pengeforslaget, men at det er tvil rundt om det var tiltalte eller ikkje.
• Jobba i barnevern samtidig som han var tiltalt for overgrep
BELASTANDE: Thomas Randby er forsvarar til barnevernsgründeren og fortel skuldingane har gått ut over arbeidsmuligheitene til klienten.
Øystein Windstad
Forsvarar: – Svært letta
Thomas Randby i Elden Advokatfirma har forsvart barneverns-gründeren og skriv dette i ein epost om domen:
– Vår klient er svært letta over nok ein gong å ha blitt blankt frifunnen i rettsapparatet (sjå avsnittet under, journ.anm.).
Han er heilt klar på at skuldingane mot han er uriktige. Etter mitt syn er domen riktig. Påtalemyndigheita skal truleg snarleg ta stilling til hovudtilltalen. Vår klient har vore under etterforsking sidan desember 2017 – i snart fem år. Dette har vore ei ekstremt belastande periode. Vi håpar at påtalemyndigheita no set sluttstrek og legg vekk heile saka mot vår klient.
• Nesten 30.000 jobbar i privat barnehage: Dette er grunnen til mogleg streik
Kan bli ny runde om overgrep i retten
VG har laga både ein podkast og nettdokumentar om skuldingane mot den tidlegare fosterfaren. Våren 2021 blei barnevernsgründeren frikjend for skuldingane om overgrep mot fostersonen. Det skjedde etter at den tidlegare fostersonen tok sitt eige liv og påtalemyndigheitene ikkje lenger hadde noko vitne. Politiet har henta inn nye bevis i den påståtte overgrepssaka. Det er no opp til statsadvokaten i Oslo om det blir ein ny tiltale og sak i retten om overgrepsskuldingane.
REFSER: – Først og fremst er det Ap som må ta seg inn over seg at så mange LO-medlemmer ikke ser på oss som det naturlige valget, sier Trond Giske.
Ole Martin Wold
NY UTSIKT: – At jeg tar ting med humor, er bare en overlevelsesgreie, sier Berit Hafsmo, som ble kastet ut fra Skitbyen og nå bor her, i en lavblokk et annet sted i Trondheim.
Berit Baumberger
HTV: Erik Borgersrud er hovudtillitsvald for Fagforbundet på Nav Gamle Oslo. – Dyrtid i samfunnet fører til auka utgifter til sosialhjelp. Samtidig kjem det mange flyktninger som treng vår assistanse, dette utfordrar oss. Vi må jobbe effektivt og godt innan dei økonomiske rammene vi har.
Anita Arntzen
ENDRET ORGANISERING: – Vi har vært for dårlig organisert og for dårlig på å hevde oss, sier Julianne Schönen (t.h.), sammen med Christina Marie Andersen og papillonen Tussi.
Kristin Svorte
Barnetrygden øker med 2400 kroner i året for barn over seks år.
Martin Guttormsen Slørdal
KUNNSKAP: Som pårørende visste Henriksen at morens atferd var svært avvikende.
Kathrine Geard