JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Bemanningskrise? Her fekk dei kø av unge til jobber i eldreomsorga

SATSAR: Sortland kommune satsar på å kjøre variantar av den same kampanja som ifjor.

SATSAR: Sortland kommune satsar på å kjøre variantar av den same kampanja som ifjor.

Skjermdump: Sortland kommune/Nettrakett

Vikarmangelen var så stor at kommunen skulle til å beordre helsearbeidarar på jobb i ferien. Så skjedde noko som gjorde at kommunen for første gong fekk inn fleire helsevikarar enn dei trengde.

2023020909563020230209131514

oystein.windstad@fagbladet.no

Sommarferien var dagar unna. Leiinga i kommunen såg med alvorleg blikk på det som skulle ha vore ein bunke med søknadar: Dei måtte ha minst 30 vikarar, og til no hadde berre 15 unge søkt om sommarjobb.

Kommunalsjef for helse og omsorg i Sortland kommune, Sture Jacobsen, frykta at han måtte kalle tilbake feriar. Og beordre helsepersonell til å jobbe i fellesferien. Men, så bestemte dei seg for å prøve noko heilt nytt. Og som dei ikkje ante om ville vere 100.000 kroner ut av vindauget, eller om det vill hjelpe på den akutte vikarmangelen.

– Ikkje på noko tidspunkt trudde vi at så mange ville søke sommarjobb i helse, seier helsesjef Jacobsen.

SJOKKA: Kommunalsjef for helse og omsorg i Sortland kommune, Sture Jacobsen, trudde knapt sine eigne auger då det tikka inn over 70 som ville ha sommarjobb i helse.

SJOKKA: Kommunalsjef for helse og omsorg i Sortland kommune, Sture Jacobsen, trudde knapt sine eigne auger då det tikka inn over 70 som ville ha sommarjobb i helse.

Skjermdump: Sortland kommune/Nettrakett

Måtte stoppe kampanjen

Resultatet blei den mest uventa og største rekrutteringssuksessen i kommunen si historie: Over 70 søkarar og langt fleire som ville jobbe i helsetenesta enn dei hadde plass til. Slik at ein god del søkarar fekk tilbod om sommarjobb i andre delar av kommunen, som og mangla folk.

Lesaranes melding til helsepersonellkommisjonen: – Vi har altfor få hender og jobber til vi stuper

Arkitektane bak kampanjen var firmaet Nettrakett og digital rådgivar Lasse Marthinussen:

– Idéen her var å vise kor feitt det er på Sortland, og kor bra det kan vere, seier rådgjevaren som sjølv kjem frå Sortland.

Kommunen bad selskapet om å skru av kampanjen før tida, grunna pågangen.

– Tener gode pengar som helsevikar

Marthinussen i Nettrakett fortel at nøklane var å finne ut kva ungdom og unge vaksne på sommarjobbjakt er ute etter:

FISKE: Nytt fiskeustyr var navnet på ein av videoane i kampanja som fortalde kva ein kan bruke løna frå sommarjobben på.

FISKE: Nytt fiskeustyr var navnet på ein av videoane i kampanja som fortalde kva ein kan bruke løna frå sommarjobben på.

Skjermdump: Sortland kommune/Nettrakett

– Målsettinga deira for å ta sommarjobb er hovudsakleg å tene pengar. Så ærlege må vi vere. Samtidig må dei vere sikre på at dei veit kva dei går til. Vi måtte eliminere uvisse. Vidare måtte vi fortelje dei at dei kan tene ganske gode pengar på å ha sommarjobb innanfor helse og omsorg. Vi laga filmar som fortalde kva arbeidsoppgåvene gjekk ut på og at dei fekk god støtte hele vegen, seier den digitale rådgjevaren.

{s1}

Facebook og Instagram

Sortland kommune og Nettrakett la ut videoane på Facebook for å nå foreldregenerasjonen. Dei brukte vidare Instagram og Snapchat for å nå dei unge direkte. Med titlar som «Eg fekk råd til førarkort fordi eg hadde sommarjobb i Sortland kommune». Og «drøymer du om dataspel PC?»

SATSAR: Sortland kommune satsar på å kjøre variantar av den same kampanja som ifjor.

SATSAR: Sortland kommune satsar på å kjøre variantar av den same kampanja som ifjor.

Skjermdump: Sortland kommune/Nettrakett

– Ein jobb med meining

Marthinussen fortel at formelen dei brukte for kampanjen kan funke i andre kommunar:

– Dette er noko som kan gjerast mange plassar i landet. Vi er opne for å gjenta suksessen fleire plassar.

Tillitsvalgte i hjemmesykepleien etter eldreskandalene: – Vi hadde sett for oss at det var enda verre

Helse- og omsorgssjef Sture Jacobsen seier dei greidde å få fram noko vesentleg:

– Å jobbe som helsevikar er ein meiningsfull jobb som vil bety ein forskjell for andre. Du får gode kollegaer, du får treffe andre ungdommar og du blir teken godt vare på. Det er ein meiningsfull jobb som betyr noko for andre der du kan utgjere ein forskjell, seier helsesjefen. KLP, som blant anna driv med forsikring og pensjon til dei som jobbar i kommunane, gav kampanjen terningkast seks.

LØN: Linn Sverresdatter i Norsk sykepleierforbund og Mette Nord i Fagforbundet under panelsamtalet hos KLP. Begge er einige om at at løna til helsearbeidarar må opp.

LØN: Linn Sverresdatter i Norsk sykepleierforbund og Mette Nord i Fagforbundet under panelsamtalet hos KLP. Begge er einige om at at løna til helsearbeidarar må opp.

Øystein Windstad

Fagforeiningsleiarar: Løna i helse må opp

Nyleg arrangerte KLP eit seminar om ei av dei største utfordringane i vår tid: Vi vil mangle tusenvis av helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Kampanjen til Sortland kommune blei vist som eit konstruktivt eksempel på korleis ein kan få tak i fleire folk til helsesektoren.

Sju millioner i helsekø. 500 unødvendige dødsfall hver uke. Midt i den britiske helsestormen står norske Ida (37)

I panelet var Fagforbundet-leiar Mette Nord, leiar av Sjukepleiarforbundet Lill Sverresdatter, Tor Arne Gangsø frå KS og Sverre Thornes, konserndirektør i KLP. Både Nord i Fagforbundet og Sverresdatter i Sjukepleiarforbundet var klare på at løna må opp skal fleire jobbe innan helse. Sjå kva paneldeltakarane ønsker å gjere for å løyse bemanningskrisa i helse her.

LØYSING:   I panelet for å få fleire til å jobbe i helse deltok Sverre Thornes, konserndirektør i KLP, leiar av Sjukepleiarforbundet Lill Sverresdatter. Fagforbund-leiar Mette Nord og Tor Arne Gangsø frå KS.

LØYSING: I panelet for å få fleire til å jobbe i helse deltok Sverre Thornes, konserndirektør i KLP, leiar av Sjukepleiarforbundet Lill Sverresdatter. Fagforbund-leiar Mette Nord og Tor Arne Gangsø frå KS.

Øystein Windstad

Idéen her var å vise kor feitt det er på Sortland, og kor bra det kan vere

Lasse Marthinussen, digital rådgivar

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy