JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ber regjeringa gripe inn i heimekontor-debatten: – Skrikande behov

HEIME: Mindre rettar om du blir skadd på heimekontor.

HEIME: Mindre rettar om du blir skadd på heimekontor.

Jonas Fagereng Jacobsen

LO-advokat er kritisk og meiner Stortinget må gripe inn.

2024090410443220240904114056

oystein.windstad@fagbladet.no

– Eg hugsar då svært mange måtte på heimekontor under koronaen. Og dåverande arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen i Solberg-regjeringa forsikra i ei pressemelding at vi skal ha tilsvarande dekning på heimekontor som på jobben. Det gjeld ikkje lenger.

– Det kan ikkje vere slik som no at om du blir skadd i lunsjen på kontoret, får du erstatning. Skjer det i pausen på heimekontor får du ikkje, seier Alexander Lindboe.

Han er advokat i LO og har jobba med fleire saker som handlar om skade på heimekontor. Måndag kom Høgsterett med ein dom som slår fast at om du blir skadd i pause på heimekontor, får du ikkje yrkesskadeerstatning.

• Yrkesskade på heimekontor kan koste dyrt, slik stiller du sterkare.

Skada foten stygt

To av fem dommarar var ikkje einige i domen i Høgsterett. I skrivet til domen står det at ei lege hadde helgevakt og hadde matpause etter å ha jobba på heimekontor. Ho gjekk ut i hagen for å ete, falt og skada foten stygt.

Plana var at etter pausen skulle ho reise inn til sjukehuset og fortsette arbeidet. Høgsterett meiner at ho ikkje var i arbeid då ho skadde seg og at ho difor ikkje har krav på yrkesskadedekning. Grunngjevinga er at skadar som skjer i pausar frå arbeidet på heimekontor «faller utanfor lovens ordlyd». Yrkesskadedekning i heimen gjeld berre når du gjer arbeid, meiner fleirtalet i Høgsterett.

Ho sklei på isen på veg frå heimekontor – Får ikkje erstatning.

Vil ha utval som kjem med løysingsforslag

Tal frå Oslo Met og SSB viser at rundt 800.000 av oss jobbar jamleg på heimekontor. LO-advokat meiner det er sjølvmotseiande at om du blir skadd i ei pause på jobben, får du erstatning. Men ikkje om det skjer på heimekontor.

– Her må lovgjevar gripe inn. Vi kan ikkje ha ei A- og B-dekning om vi jobbar heime eller på kontoret. Regjeringa må snarleg sette ned eit offentleg utval som greier ut dette spørsmålet, seier LO-advokat Lindboe.

ADVOKAT: Alexander Lindboe er advokat i LO.

ADVOKAT: Alexander Lindboe er advokat i LO.

Privat

Folk i opne kontorlandskap har meir sjukefråver

Vanskeleg å få erstatning om skadd på reise frå heimekontor

Lindboe viser til fleire tidlegare dommar. Som blant anna slår fast at om du blir skadd på reise frå heimekontor til eit oppdrag, får du heller ikkje yrkesskadeerstatning:

– Slik det er no blir det stilt spørsmål om det var nødvendig og naturleg å jobbe på heimekontor den konkrete skadedagen. Om svaret er nei har du ikkje rett på erstatning. Denne jussen ser ut til å bli ståande med den nye Høgsterettsdommen.

– Med avgjerda der Høgsterett ikkje tok saka der ei kvinne skada seg på veg frå heimekontor til eit oppdrag, og no denne pause-dommen, teiknar det seg eit bilde om ganske restriktive avgrensingar på yrkesskadeerstatning på heimekontor. Det er eit skrikande behov for avklaring når det gjeld desse dommane, seier Lindboe.

Akademikerne: – Sikkerheitsnettet kan ikkje forsvinne på heimekontor

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy