Ho er leiar for 400.000 medlemmar
Difor vil ho at kommunetilsette skal få meir enn andre
LØFT: Mette Nord er leiar av Fagforbundet og vil at dei i kommunane skal få ei støre lønsauke enn andre i år.
Øystein Windstad
Fagforbundet-leiar Mette Nord seier ho er glad for at LO-leiaren har gjort noko uvanleg: – Dette er snakk om 200 yrkesgrupper som har blitt hengande etter.
oystein.windstad@fagbladet.no
Det kan gå mot eit tøft lønsoppgjer til våren. Vanlege folk har fått det tøffare. Dei som jobbar i kommunane, har fått litt mindre å rutte med dei siste par åra i forhold til delar av privat sektor. I går gjekk LO-leiar Peggy Hessen Følsvik med utspel som overraska mange: Alle som jobbar i kommunane må få eit større lønsløft enn andre.
• LO vil gje meir til dei som jobbar i kommunane
Fryktar for at kommunane kneler
Fagforbundet har over 400.000 medlemmer og rundt 160.0000 av dei jobbar i kommunane. Med alt frå reinhald, helsefag til brann og redning:
– Dersom vi blir akterutseglt i ein sektor, så kan det få fatale konsekvensar for at vi kan klare å levere gode tenester til innbyggarane, seier Nord og viser til at kommunetilsette har fått ein prosent mindre enn dei som jobbar i industrien dei siste åra. Den delen av industrien som eksporterer varer til utlandet, blir kalla frontfaga. Frontfagsmodellen går ut på at ingen grupper i LO generelt sett får meir i løn enn dei som jobbar i eksportindustrien. For å sikre at norske varer ikkje blir for dyre og taper konkurransen når dei blir selt til utlandet.
• Helse- og sosial på botnen i lønsutvikling i 2022
Spår flukt frå kommunane til private
Nord i Fagforbundet fortel det er uvanleg at ho og LO-sjefen ber om meir pengar til dei som jobbar i kommunane. Men Fagforbundet-leiaren viser til desse tala: I 2020 fekk frontfaga 2,2 prosent og kommunane til samanlikning 1,7 prosent. I fjor fekk frontfaga 3,1 prosent og kommunane 2,6 prosent. Allereie no er det stor mangel på tilsette i eldreomsorga:
– Kommunane treng arbeidskraft i alle leire og alle yrke. Fortset lønsutviklinga slik, risikerer vi flukt frå kommunane til privat sektor. Vi er avhengige av å løfte heile laget, seier Nord. Ho meiner dette løftet ikkje er eit brot med LO-linja. Nord seier at frontfagsmodellen har rom for at om nokon blir hengande etter, kan dei bli kompenserte med å få eit løft slik at dei kjem på linje med andre i lønsutviklinga.
• Vi vil mangle 18.000 helsearbeidarar om nokre år
Peikar på leiarløner: – Er illojale mot eigen modell
Leiaren av det største fagforbundet i landet er kritisk til at dei i kommunane har fått mindre, medan enkelte grupper har fått store løft:
– Det er nokre bransjar som stikk unna. Med bonusar og leiarløningar. Dette er ein illojalitet mot eigen modell, som me ser i delar av industrien, seier Nord som åtvarar mot at det er ein alvorleg kamp for arbeidskrafta i alle bransjar no.