JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Barnehagepedagog vil vite kva milliardærar faktisk tener

Hege vil at du skal få milliard-innsyn

PERMISJON: Hege Bae Nyholt er i permisjon frå jobben som barnehagelærar. No vil ho at du skal få vite kva dei som har blitt milliardærar på barnehage faktisk har i formue.

PERMISJON: Hege Bae Nyholt er i permisjon frå jobben som barnehagelærar. No vil ho at du skal få vite kva dei som har blitt milliardærar på barnehage faktisk har i formue.

Ihne Pedersen

Mens ho i 17 år har trøysta, kledd på og heldt barnehender, har ho sett ei lita gruppe bli milliardærar på barnehage. No vil barnehagepedagogen som kom på tinget at du skal få vite kor mykje pengar eigarane av kommersiell barnehage faktisk har tent.

2022121209561620221212125951

oystein.windstad@fagbladet.no

I fjor haust gjekk Hege Bae Nyholt frå å snakke med ungar på morgonsamling, til å snakke frå Stortinget sin talarstol. No vil ho og Rødt gjere noko med at det er vanskeleg å få vite kva folk tener og har i formue. Fagbladet skreiv nyleg om korleis fleire eigarar av dei største kommersielle barnehagekjedene har tent milliardar. Dette kjem fram i søk i skattelistene.

• Desse barnehagemilliardærane seier dei no vil drive ideelt

STORTINGET: Til vanleg jobbar Hege Bae Nyholt i Sjetten barnehage i Trondheim. No er ho ein av åtte stortingsrepresentantar for Rødt.

STORTINGET: Til vanleg jobbar Hege Bae Nyholt i Sjetten barnehage i Trondheim. No er ho ein av åtte stortingsrepresentantar for Rødt.

Leif Martin Kirknes

Vil at du skal få milliard-innsyn

Det har blitt vesentleg mindre søk i skattelistene etter at dei som blir søkt på, får varsel om kven som har søkt. Rødt kjem med forslag om at du igjen skal kunne søke anonymt i skattelistene. I tillegg vil dei du skal kunne få vite mykje meir enn før:

– Det er ikkje full openheit om skatt og dei tala som står der representerer ikkje den ekte inntekta eller formuen. Det er eit demokratisk problem at det ikkje er full openheit om skatten. Vi vil at informasjonen frå skattemeldinga skal bli meir tilgjengeleg og forståeleg. For folk som meg som ikkje er noko racer i matte, seier stortingsrepresentanten.

Skattemeldinga viser ikkje alt

Ho viser til at det ikkje står den fulle inntekta til folk i skattemeldinga. Det er inntekt etter diverse frådrag. Og skattemeldinga viser ikkje kor mykje folk faktisk har i formue. Blant anna skriv Nettavisen og Kapital at faren og sonen som eig lakseselskapet Salmar har 30 milliardar meir i formue enn skattetala viser.

• Slik blei 37 norske barnehagar verdt over ein halv milliard

Krev å vite kven som eig velferd

Nyholt er kritisk til at det er avdekt ukjente eigarar av selskap i barnevernet:

– I barnevernssektoren veit vi ikkje kven som eig selskapa. Det er problematisk av fleire grunnar. Det er fellesskapets pengar som brukast til barn og familiar som treng det. Då bør vi vite kven som er i andre enden. Og det bør vi vite når det går gale. Kven har ansvaret? Vi veit ikkje nødvendigvis kven som eig selskap som opererer i Norge. Vi bruker mykje av våre skatteinntekter til å kjøpe plass i kommersielle velferdstenester som barnevern eller barnehage, seier barnehagepedagogen.

• Sjekk kor mykje private tente på offentlege oppdrag

– Eit demokratisk problem

Nyholt er kritisk til at folk ikkje får vite i detalj kor fellesskapet sine pengar ender:

– Når vi brukar av fellesskapet sine midlar til å kjøpe tenester for det offentlege, er det eit problem at vi ikkje har fullt innsyn i kva Sundby-ekteparet eller Adolfsen-brørne (eigarar av barnehage-kjeder red.anm) faktisk tener eller eig, seier Nyholt. Her kan du lese kor mykje Adolfsen-brørne og Sundby-ekteparet har på bok ifølge skattelistene.

– På tida at eigarane er like opne som dei på golvet

– Kva med dei som meiner at deg eg tener har ingen andre noko med å kunne søke opp?

– Det kan du ikkje seie om du har tent og spart pengar ved å drifte barnehagar. Det er ikkje ei privatsak. Eg trur vi har meir å tene på eit gjennomsiktig samfunn enn det motsette, seier Nyholt. Ho viser til at kollegaene hennar i barnehagane er opne om kva dei får:

– Det var nettopp barnehagestreik, og det blei forhandla i full openheit om kven som fekk kva. Blant dei som jobbar på golvet. Då er det rett og slett eit tankekors et vi har så lite innsikt i økonomien til dei som er på toppen, seier stortingsrepresentanten.

Fryktar ikkje fleire innbrot grunna skattelistene

– Eit motargument er at kriminelle kan bruke skattelistene for å finne plassar å gjere innbrot?

– Ein førebygger kriminalitet gjennom å få ned forskjellane i samfunnet og andre tryggingstiltak. Eg trur ikkje skattelistene er den viktigaste årsaka til innbrot. Dette dreier seg om vinningskriminalitet eller desperasjonskriminalitet fordi ein ikkje har pengar. Men i forslaget vårt ligg det at søkjeloggen bør kunne lagrast og bli brukt av politiet i fall det er mistanke om slik kriminalitet.

Kan få fleirtal

Rødt og Nyholt har i utgangspunktet gode sjansar til å få igjennom forslaget om anonyme søk i skattelistene. Det var Solberg-regjeringa som gjorde det slik at det visast kven som har søkt på andre i skattelistene. Ap, SV og Sp ville at det framleis skulle vere mogeleg med anonyme søk.

– Eg håpar inderleg at vi får støtte for forslaga. Dei raudgrøne var tydeleg på dette i den førre perioden. Eg håpar at dei vil stemme for sin eigen politikk når dei sit i regjering, seier barnehagepedagog Nyholt og avsluttar:

– Vi vil ha meir openheit, gjennomsiktigheit og transparent samfunn.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy