Israelsk domstol vil konfiskere og selje norsk hjelpebåt
Her legg Kårstein til kai i Oslo i mai, på veg til Gaza for å bryte den israelske maritime blokaden. Båten skal donerast til fiskarane og har også med seg medisinsk materiell til innbyggarane.
Tormod Ytrehus (arkivfoto)
Ein israelsk dom pålegg israelske myndigheiter å konfiskere og selje den norske hjelpebåten som er på veg til Gaza. – Absurd, seier Ship to Gaza Norway.
tormod@lomedia.no
Båten «Kårstein» er no i Palermo, på veg til Gaza for å bryte den israelske maritime blokaden. Den er lasta med medisinsk utstyr til innbyggarane. Båten segla frå Norge med støtte frå norsk fagrørsle og fleire LO-forbund.
No har ein israelsk domstol bestemt at myndigheitene skal konfiskere den norske båten, saman med den svenske båten «Freedom».
Vil gi pengene til terrorofre
Båtane skal seljast og pengane bli gitt til israelske terrorofre som kompensasjon, skriv israelske Jerusalem Post om dommen som vart avsagd 11. juli. Båtane er verdt mellom 700.000 og 1.500.000 norske kroner, ifølge avisa.
– Det er typisk at dei prøver all verdas, absurde juridiske grunnlag for å prøve å stoppe oss, seier Torstein Dahle, leiar for Ship to Gaza, organisasjonen bak det norske bidraget til «fredsflotiljen», til FriFagbevegelse.no.
Aktivistane sitt krav er at palestinarane skal få reise fritt ut og inn av Gaza.
Protestbåten ble oppgradert på Fagforbundets feriehjem i Bærum
I denne videoen forteller Fagforbundet-medlem og SV-politiker Mikkel Grüner om hvorfor han blir med båten hele veien til Gaza:
Imøtegår dommen
I retten vart det argumentert med at båtane sannsynlegvis kjem til å hamne i Hamas sine hender og bli brukt til å angripe israelske marinefartøy.
Ifølge rettsdokumenta får organisasjonen lov til å imøtegå dommen før den endelege rettsordren blir gitt.
– Vi vil sjølvsagt svare på dommen rettsleg i Israel, men den er absurd. Den manglar eit kvart seriøst haldepunkt. Båtane skal gis til fiskarane sin organisasjon, seier Dahle.
Usikkert om dommen blir ståande
Dommaren har ikkje sagt korleis myndigheitene skal konfiskere skipa. Jerusalem Post skriv at det er usikkert om dommen står om den blir anka, sidan israelsk høgsterett i 2016 skreiv ut ein dom som hindra myndigheitene frå å konfiskere det svenske skipet Estelle.
– Vi veit ikkje korleis dei vil bruke dommen, om dei vil prøve å stoppe båtane eller rett og slett ta dei frå oss, seier Dahle, som opplyser om at dei har engasjert ein israelsk advokat.
– For første gong vil flotilje-organisatorane finne ut at det er ein pris å betale for provokasjonane deira, systematiske brot på internasjonal lov og for å støtte terroristorganisasjonar, seier leiaren for Shurat Hadin Israel Law Center, organisasjonen som tok saka til retten.
LO fordømmer Israels «uforholdsmessige maktbruk» på grensen til Gaza
Søkelys på Gaza
Måndag la båten til kai i Palermo på Sicilia, der alle som skal vere med på siste strekning, møtest.
Der får dei blant anna opplæring i å utøve ikkje-valdeleg motstand «hvis/når israelske marinesoldater ulovlig border båtene våre», skriv Ship to Gaza på heimesidene sine.
Båten segla ut frå Bergen 30. april og har sidan då vore innom norske og europeiske hamner for å sette søkelys på blokaden av Gaza og skjebnen til omkring to millionar innbyggarane.
– Dei mange israelske drapa på demonstrerande og protesterande menneske i Gaza har opprørt folk, og oppslutninga om Freedom Flotillas besøk har vore større enn venta i dei ulike hamnebyane, opplyser organisasjonen.
Fagforbundet vedtok å støtte boikott-bevegelsen
Sahar (27) er en av 280 israelere som er dømt til fengsel for å ikke ville delta i okkupasjonen
MS «Kårstein»
• En 19 meter lang fiskebåt i tre som inntil seks år siden ble brukt til fiske i arktiske strøk. Bygd i 1963. Den har for andledningen blitt omdøpt «Al Awda», som på norsk betyr tilbakevendingen.
• Båten kastet loss ved Bergen 30. april og forlot Oslo 12. mai. Maksfarten er på åtte knop og den er forventet å nå Gaza i slutten av juli.
• På Marine Traffic sine nettsider kan du følge ferden.
• Mannskapet om bord er Herman Elias Breksten (kaptein), Charlie Andreasson (styrmann), Jan Petter Hammervold (kokk) og Mikkel Grüner (matros). Zohar Chamberlain Regev fra Spania er båtsjef. I tillegg skal en lang rekke delegater delta på deler av reisen.
• Det er Ship to Gaza Norway som har tatt initiativet til aksjonen. De tar del i den internasjonale kampanjen Right to a just future for Palestine, organisert av Freedom Flotilla Organisation.
• Målet er sette fokus på den ulovlige blokaden av Gaza og om mulig gi båten til palestinske fiskere.