Kjølegare arbeidsmarknad for dei fleste – brennheitt for helsefagarbeidarane
SMART VAL: Monica Knapskaug er trainee i helsefag på Haukeland sjukehus. Med ny oppgåvedeling er helsefagarbeidarar i ferd med å bli langt meir ettertrakta på arbeidsmarknaden.
Kathrine Geard
Helsefagarbeidarar er stadig meir ettertrakta på arbeidsmarknaden. Nye oppgåver gjer faggruppa attraktiv, og etterspurnaden vil nok bli enda større, trur fagforeiningstopp Iren Luther.
agnes.walton@fagbladet.no
Den norske arbeidsmarknaden er framleis heit, men etterspurnaden etter arbeidskraft minkar. Det viser nye tal frå Bedriftsundersøkinga til NAV for 2023.
Ei yrkesgruppe skil seg ut: Helsesektoren treng fleire helsefagarbeidarar – og underskotet blir alt større.
Totalt oppgir NAV-rapporten at 52.850 arbeidstakarar manglar frå den norske arbeidsmarknaden, ein nedgang frå fjoråret da bedriftene kunne melde at fleire enn 70.000 tilsette mangla.
Sjukepleiarunderskotet minkar
I år som i fjor er underskotet på arbeidskraft størst i helse- og sosialsektoren. Sjukepleiaryrket er den yrkesgruppa, uavhengig av næring, der det er størst underskot i 2023: Totalt 4650 sjukepleiarar og 600 spesialsjukepleiarar.
Medan underskotet på sjukepleiarar har minka med 26 prosent på eit år, har underskotet på helsefagarbeidarar gått opp, frå 2600 til 2700.
I medvind
Utviklinga går stikk i strid med trenden på arbeidsmarknaden i stort, der bedrifter i så godt som alle yrkesområde opplyser om at dei manglar færre arbeidstakarar enn dei gjorde for eit år sida.
– Det er vanskeleg å gi ei heilskapleg forklaring på kvifor akkurat helsefagarbeidarane er blitt større mangelvare på arbeidsmarknaden. Men vi kjenner til ein del faktorar som kan stå bak, seier Iren Luther, leiar for Yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet.
Kan brukast til fleire oppgåver
Tidlegare i år kom rapporten frå den regjeringsutnemnde Helsepersonellkommisjonen, som tok for seg korleis landet skal sikre arbeidskraft i helsevesenet i framtida. Kommisjonen konkluderer mellom anna at oppgåvedelinga mellom sjukepleiarar og helsefagarbeidarar må bli tydelegare, og at fleire oppgåver skal tildelast helsefagarbeidarane.
– Eit nytt fokus blir retta mot yrket akkurat no, og det er ei utbreidd forståing om at dei kan brukast til mange fleire oppgåver. Så etterspurnaden er nok i ferd med å bli enno større, seier Luther.
• Ny rapport: Respekt for helsefagarbeidere avgjørende for å løse bemanningskrisen
Tidlegare har norske kommunar i større grad slite med å rekruttere sjukepleiarar enn helsefagarbeidarar.
I KS arbeidsgivarmonitor for 2021 svarte nesten 60 prosent av kommunane at det var «svært utfordrande» å rekruttere sjukepleiarar.
Færre enn fem prosent av kommunane svarte da at det var «svært utfordrande» å rekruttere helsefagarbeidarar.
Etter tilrådinga frå Helsepersonellkommisjonen er det venta at arbeidsplassar i helsesektoren vil prøve å auke rekrutteringa av helsefagarbeidarar for å lette på den langvarige bemanningskrisa og avlaste sjukepleiarane.
Torsdag 2. februar fekk helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol overlevert Helsepersonellkommisjonens utredning Tid for handling. Gunnar Bovim, leiar i utvalet og tidlegare Direktør ved St. Olavs hospital, til venstre.
Kathrine Geard
Ikkje alltid i vinden
Helsefagarbeidarane har ikkje alltid vore like ettertrakta som i dag.
På tidleg 2000-tal forsvann tusenvis av fagarbeidarstillingar frå norske sjukehus. I mange tilfelle vart dei erstatta med sjukepleiarar og antalet sjukepleiarårsverk auka dramatisk.
Gunnar Bovim som var leiar for Helsepersonellkommisjonen var også Direktør ved St. Olavs hospital i Trondheim under perioden da helsefagarbeidarane var på tilbaketog.
Der auka antalet sjukepleiarar med 20 prosent over ein 15-årsperiode, medan helsefagarbeidargruppa vart halvert.
«Da vi skulle nedbemanne, forsvann dei siste [helsefagarbeidarane]. Det burde vore unngått,» sa Bovim til Adresseavisen tidlegare i ar.
I 2020 gjorde sjukehusleiinga ei strategisk vending. Det vart bestemt at antalet helsefagarbeidarar skal doblast, sjukehuset skal opprette lærlingplassar og oppgåver skal overførast frå sjukepleiarane til helsefagarbeidarane.
– Vi har hatt god søking på både fagarbeidarstillingar og lærlingplassar, seier Heidi Magnussen, Organisasjonsdirektør ved St. Olavs hospital.
Magnussen seier at sjukehuset framleis jobbar for å auke rekrutteringa. Så langt har erfaringa vore at kompetansen helsefagarbeidarane stiller med har styrkt spesialisthelsetenesta. Ho reknar med at andre no vil kome etter:
– Bemanningsproblema i helsesektoren tilseier at andre sjukehus også kjem til å auke rekrutteringa no, seier Magnussen.
Nye oppgåver gjer faggruppa attraktiv
Fagbladet har tidlegare skrive om traineesatsinga til Haukeland sjukehus med mål å auke antalet helsefagarbeidarar. Monica Knapskaug er ei av dei som let seg lokke av dei gode vilkåra: heiltidsstilling, kompetanseutvikling og nye oppgåver.
– Det har vore stort og spennande å vere med på denne satsinga. Eg har fått lære av dei beste, seier Knapskaug.
POPULÆRE: Helsefagarbeidarane Monica Knapskaug og Lise Lunde under opplæring ved Haukeland sjukehus.
Kathrine Geard
Sentralt for satsinga er ei ny oppgåvedeling, der helsefagarbeidarane har fått opplæring i relevante prosessar og metodar på dei ulike sjukehuspostane der dei jobbar.
– Via programmet har vi fått PVK-kurs [perifert venekateter], noko som er ei ny oppgåve helsefagarbeidarar kan utføre. På kvinneklinikken har helsefagarbeidarar begynt å medverke ved fødsel, det er også nytt. Generelt sett har vi blitt meir inkluderte i alle arbeidsoppgåver ved sjukehuset, med unntak av medisinhandtering. Men også der skjer det endringar, seier Knaphaug.
{s2}
Ho opplever at Haukeland sjukehus har sett helsefagarbeidarane som ein ressurs, og sett moglegheitene for å vidareutvikle dei til å spele ei større rolle i helsevesenet.
– I framtida trur eg det vil bli fleire moglegheiter for denne yrkesgruppa. Tidlegare har helsevesenet hatt eit litt avgrensa syn på faggruppa, men Haukeland har vore med på å opne opp for at vi no blir ei meir attraktiv faggruppe å tilsette.
Må utdanne fleire
Medan helsesektoren aukar rekrutteringa og satsar på ny oppgåvedeling i den tøffe bemanningssituasjonen, er det andre faktorar som kan stå bak mangelen på helsefagutdanna arbeidskraft.
– Det er ikkje berre auka etterspurnad som spelar ei rolle her, seier rådgivar i Fagforbundet Ingvar Skjerve.
{s1}
Skjerve seier at ein del av forklaringa også ligg på tilbodssida. Meir må gjerast for å trekke folk til yrket og bevare kompetanse i yrket framover.
– Sjølv om nokre færre søkte seg til helse- og oppvekstfag i fjor, er det framleis den mest populære yrkesfaglege studieretninga. Det ser i utgangspunktet ganske bra ut. Men det er viktig å sjå på kor mange som gjennomfører studieløpet og jobbe aktivt for å hindre fråfall, seier Skjerve.
Heiltidsstillingar viktig rekrutteringsverktøy
Mangelen på heiltidsstillingar har pressa fagutdanna arbeidskraft ut av helsesektoren.
Ifølgje Delta sin heiltidsmonitor var det utlyst 10 stillingar for helsefagarbeidarar ved St. Olavs hospital i April 2023. Berre 20 prosent av desse var heiltidsstillingar.
Tala er svært ulike frå kommune til kommune. Monitoren viser at mange småkommunar lyser ut heiltidsstillingar medan dei store byane slit meir.
LES OGSÅ: «Fagarbeider, hvor blir du av?»
Særleg dei siste åra, i ein arbeidsmarknad der svært mange sektorar treng meir arbeidskraft, kan gode vilkår i andre næringar ha lokka til seg helsepersonell. Dette er ei utvikling som må snu dersom Statistisk Sentralbyrå sine prognoser stemmer: I 2030 er det forventa at helsesektoren vil mangle om lag 18.000 helsefagarbeidarar og 28.000 sjukepleiarar.
Sjølv om nokre færre søkte seg til helse- og oppvekstfag i fjor, er det framleis den mest populære yrkesfaglege studieretninga. Det ser i utgangspunktet ganske bra ut.
Ingvar Skjerve, rådgivar i Fagforbundet
I framtida trur eg det vil bli fleire moglegheiter for denne yrkesgruppa.
Monica Knapskaug, helsefagarbeidar