LO vil ha statleg utbygging av bustader. Sjå kva Ap svarar
STENGJER UTE: Prisane spesielt i dei største byane pressar folk med vanlege løner ut. LO krev tiltak frå Ap og regjeringa.
Sissel M. Rasmussen
Prisgaloppen på bustader gjer no at folk med vanlege løner blir skvisa ut av byane: – Det er blodig urettvist, seier bustadpolitisk talsperson i Ap Siri Gåsemyr Staalesen.
oystein.windstad@fagbladet.no
Nyleg skreiv Fagbladet om helsefagarbeidar Julie som ikkje har råd til eigen bustad. Ei gransking av LO viser at det har blitt så dyrt å kjøpe tak over hovudet at einslege fagarbeidarar kan gløyme eigen bustad i Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.
No vil LO at staten bygger bustader. Ap seier dei deler LO sin frustrasjon over at bustadmarknaden pressar arbeidarar ut av byane:
– Det er blodig urettvist. Bustadmarknaden har blitt ein ulikheitmaskin. Der har vi som stat ei viktig rolle å sørgje for at kommunane klarer å legge til rette for auka bustadbygging. For vi meiner at det beste vi kan gjere, er å dempe prisveksten, slik at fleire får høve til å komme inn på bustadmarknaden, ved å bygge meir, seier bustadpolitisk talsperson i Ap, Siri Gåsemyr Staalesen.
• Regjeringen gir en milliard ekstra til Husbanken
SATSING: Ap-politikar Siri Gåsemyr Staalesen seier regjeringa har som mål at det skal byggast over 100.000 nye bustader dei neste fem åra. Og at Husbanken skal få meir pengar.
Bernt Sønvisen / Arbeiderpartiet
• LO vil ha statleg selskap til å bygge bustader
Vil sjå på alle forslag
Det er ikkje så ofte politikarar og parti går ut med konkrete mål for noko dei vil. Det har Ap og regjeringa gjort når det kjem til bustad. Dei vil at det skal byggast 130.000 nye bustadar innan 2030. Staalesen seier at Ap inviterer byggenæringa og andre som har forslag til å kome med idear til korleis dei skal greie å nå det hårete målet innan fem år.
I fjor var eit botn-år for bygging i Noreg. Ifølgje SSB er det 30 år sidan sist det har kome så få byggeløyve. Staalesen seier at LO er velkomne til å sette seg ned saman med regjeringa:
– Her er det berre for LO å ta kontakt med kommunalministeren og få ein diskusjon om dette er noko som vi ønsker å vurdere. Vi ser på alt, men eit statleg bustadselskap er ikkje ein del av vårt partiprogram, seier Staalesen.
• UNDERSØKING: Arbeidsfolk pressast ut av byane
Fakta om bustadbygginga i Noreg
• Det blir sett i gang færre bustadar enn det trengst
• I 2024 blei det gjeve løyve til å starte bygging av 18.679 bustadar
• Det er det lågaste talet på byggeløyver sidan 1993
• Talet på byggeløyver seier noko om kor mange bustader som vil bli bygd vanleg vis eit år eller to etter
• Talet på fullførte bustadar har sunket kvar år sidan 2018
(Kjelde: Statistisk sentralbyrå)
https://datawrapper.dwcdn.net/gNBhq/1/
– Vi rustar opp Husbanken
LO vedtok nyleg at dei vil ha ei stor satsing på Husbanken som skal gje lån til dei som ikkje har nok eigenkapital. Staalesen seier det er i tråd med Ap sin politikk og det regjeringa har gjort:
– Vi har gjenreist Husbanken, og der vi har auka utlånsramma med 70 prosent – frå 19 til 32 milliardar kroner. Det har bidratt til at fleire har kome inn på bustadmarknaden. Vi ønskjer å fortsette oppbygginga av Husbanken. Og terskelen for å kjøpe eige bustad bør senkast, seier den bustadpolitiske talspersonen for Ap.
• Har fast jobb i barnehage og får ikkje kjøpe bustad
Dette vil LO og Fagforbundet
• LO-kongressen vedtok ei bustadpolitisk fråsegn på kongressen nyleg. Der heiter det mellom anna at:
• «LO meiner at opprettinga av eit statleg bustadselskap bør vurderast, som i samarbeid med kommunane kan sørgje for boligløsninger som i dag ikkje dekkes av det kommunale butilbodet eller kommersielle bustadutviklarar».
• Målet er å dempe prisveksten både for dei som eig og leiger.
• LO vil at det statlege bustadselskapet skal Bygge ein ikkje-kommersiell leigesektor:
• «Ein sektor for allmennbustader som er rimelege, ikkje kommersielle utleigebustader som er tilgjengelege for vanlege folk», står det vidare i vedtaket.
• LO vil at kommunane skal sette av område til ikkje-kommersiell leige. Og at det skal settast grenser for kor lenge utbyggarar kan sitte på eigedommar før dei bygger bustader.
• LO vil vidare at mange fleire skal få Husbanklån og ei ny satsing på leige-til-eige.
• LO har ein million medlemmer og Fagforbundet med sine 413.000 medlemmer har vore ein pådrivar for eit statleg bustadselskap.
Vil ha meir leige-til-eige
Staalesen seier at i tillegg til å satse på at fleire får råd til sin første bustad via Husbanken, skal byggeprosessane gå raskare. Med hjelp av KI, effektivisering og digitalisering skal sakshandsamingstidene for bygging gå ned. Eit anna viktig tiltak er at ho og Ap ønsker at fleire skal få råd til å kjøpe bustaden dei leiger:
– Vi ønskjer å gje kommunane moglegheit til å få større variasjon i byggemåten og buformene, til dømes fleire leige-til-eige-leilegheiter. Dette arbeidet er godt i gang, seier Staalesen.
• Vil ha skatt på bustad og får støtte frå forskar