JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Kan få pengekrav etter tilsyn

Meiner private barnehagar får for lite: – Alle pengane i Læringsverkstedet kjem barna til gode

KRITISK: Trude Sydtangen, dagleg leiar i Læringsverkstedet.

KRITISK: Trude Sydtangen, dagleg leiar i Læringsverkstedet.

Læringsverkstedet

Private barnehagar slit økonomisk, og det vil gå ut over ungane. Det seier dagleg leiar i Læringsverkstedet. Ho avviser at pengar har hamna på avvege då eigarane blei milliardærar.

2024012610423320240126104233

oystein.windstad@fagbladet.no

Nyleg varsla myndigheitene at dei meiner at det har skjedd feil då Læringsverkstedet selde over 130 barnehagar til utlandet. Tilsynet meiner i ein førebels rapport at 37 millionar kroner har hamna på avvege etter ein kontroll av tre barnehagar. Dagleg leiar for Læringsverkstedet, Trude Sydtangen, meiner salet har skjedd på lovleg vis.

Samtidig meiner ho pengesituasjonen for private barnehagar er alvorleg.

Fagforeiningsleiar: – Kommersielt sirkus og fest blant barnehage-eigarar

BUSINESS: Det har blitt solgt norske barnehagar for over 11 milliardar kroner til utanlandske eigarar dei siste åra.

BUSINESS: Det har blitt solgt norske barnehagar for over 11 milliardar kroner til utanlandske eigarar dei siste åra.

Hanna Skotheim

Avvisar og åtvarar

Sydtangen seier ho støttar formålet med tilsynet som skal sikre at pengar frå foreldra og skattebetalarane skal kome barna til gode:

– Men den førebelse konklusjonen til tilsynet i dette tilfellet er feil. Dei siste åra har stadige innstrammingar i dei økonomiske rammevilkåra gjort det vanskeleg for private barnehagar å drive berekraftig. Alle pengane i Læringsverkstedet kjem barna til gode. Og vi jobbar for at alle våre barnehagar skal vere høgkvalitetsbarnehagar, ref. GOBAN-rapporten om kvalitet i barnehagar frå 2019, skriv Sydtangen i ein epost til Fagbladet.

Barnehage seld til utlandet: Husleiga blei firedobla

FIREDOBLA LEIA: Bekkeberget barnehage fekk husleia firedobla då bygget blei selt til utlandet i 2020.

FIREDOBLA LEIA: Bekkeberget barnehage fekk husleia firedobla då bygget blei selt til utlandet i 2020.

Werner Juvik

Husleige

Nyleg gjekk Fagforbundet-leiar Mette Nord ut og kalla sal av barnehagar til utlandet ein «heime-åleine-fest». Til saman har det blitt seld barnehagar for over 11 milliardar kroner til utlandet. Nord meiner at ein del kommersielle barnehagar brukar høg leie som metode for å få ut pengar frå barnehage på.

Sydtangen seier Læringsverkstedet si leie er normal:

– Læringsverkstedet er heilt trygge på at husleigenivået er innafor marknadsleige. Husleiga på bygga som blei selt i 2022, svarar til omtrent det som Læringsverkstedet tidlegare hadde som rente- og avskrivingsutgifter på dei same bygga. Reduksjonen i marginane for Læringsverkstedet og alle andre private barnehagar dei siste åra skuldast endringar i tilskotsmodell og i tilskotsutrekningar, skriv Sydtangen.

Kan få kjempekrav etter barnehagekontroll

– Vil ramme ungane

Den daglege leiaren av Læringsverkstedet er kritisk til den nye barnehagelova regjeringa har sendt på høyring.

Innstrammingane i rammevilkår og den nye lova vil slå dårleg ut for ungane, meiner Sydtangen:

– Kvaliteten på barnehagetilbodet kjem til å gå ned på sikt. Det er ikkje til barna sitt beste. Vi ber først og fremst Kunnskapsdepartementet om å lytte til høyringsinnspela og gjere ei konsekvensutredning før dei legg fram endeleg forslag til lovendringar. Vidare ber vi alle politikarane om å bli einige om ein berekraftig og langsiktig finansieringsmodell for private barnehagar. Ein modell som er til barna sitt beste.

Slik blei 37 barnehagar verdt ein halv milliard

– Satsar på kompetanse

Mette Nord meiner at pengar som har gått til eigarar ved eigedomssal, kan ha gått ut over kompetanse og bemanning. Sydtangen seier dette ikkje er tilfelle i deira barnehage-kjede.

– Læringsverkstedet jobbar kontinuerleg med å bli høgkvalitetsbarnehagar. Difor satsar vi tungt på kompetanse, både for nytilsette, assistentar og leiarar i barnehagane. Blant anna har vi ei toårig veiledningsordning for nyutdanna og eit eige akademi der tilsette kan få kurs og opplæring. Vi scorar godt på foreldreundersøkjingane, og det er ofte lange ventelister til barnehagane. Det er først og fremst på grunn av dei dyktige tilsette og gode opningstider. Bemanninga er i tråd med lovverket, som er likt for alle barnehagane.

Lei av «skitkasting» i barnehagesektoren: Vil ha nytt barnehageforlik

Eigarane blei milliardærar

Ekteparet Randi og Hans Jacob Sundby eig Læringsverkstedet. Då dei selde 138 barnehagar til utlandet, sat dei igjen med ei forteneste på rundt to milliardar kroner. Formuen tok dei med seg og flytta til Sveits, blant anna for å sleppe formuesskatt.

Til saman er 439 norske barnehagebygg eigd av utanlandske oppkjøpsfond. Tal frå SSB viser at overskotet frå private barnehagar har minka frå 589 millionar kroner i 2020 til 297 millionar kroner i 2022.

I eit intervju med E24 med overskrifta «Milliardær slår tilbake» seier Hans Jacob Sundby at han ikkje trur på nokon baksmell som følgje av granskinga frå Utdanningsdirektoratet.

– Transaksjonane er utført av KWC og Thommessen (eit verdivurderingsfirma og eit advokatfirma, red.anm.) og revidert av KPMG. Eg er trygg på at dei har gjort dette korrekt, seier Sundby til E24.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy

Leif Martin Kirknes

KRITISK: Trude Sydtangen, dagleg leiar i Læringsverkstedet.

KRITISK: Trude Sydtangen, dagleg leiar i Læringsverkstedet.

Læringsverkstedet