JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Når du skal forhandle høgare løn: – Du har krav på å vite minst like mykje som styreleiar og sjefen

Lønsforhandlingene mellom LO og NHO startar med eit handtrykk mellom Peggy Hessen Følsvik og Ole Erik Almlid. Dette biltetet er få åpninga i fjor.

Lønsforhandlingene mellom LO og NHO startar med eit handtrykk mellom Peggy Hessen Følsvik og Ole Erik Almlid. Dette biltetet er få åpninga i fjor.

Tormod Ytrehus

Tillitsvalde kan få vite så godt som alt om pengane som er eller har vore i bedrifta. Svært mange veit ikkje det, meiner siviløkonom og forfattar Bjørn Rudaa.

2024021208523920240214090936

oystein.windstad@fagbladet.no

 

Korrupsjonsjeger Eva Joly oppfordrar norske tillitsvalde til å sjekke korleis det står til med pengane til bedrifta. Fordi det ofte skjer at tala ser kunstig dårlege ut, slik at leiinga skal sleppe unna skatt og høgare løner. Korleis skal du gå fram og få det innsynet Joly oppfordrar til? Bjørn Rudaa si nyaste bok forklarar korleis du går fram for å finne ut av pengestraumane.

 

Eva Joly på Fagforbundet-konferanse: – Bruk sjansen til å sjå sjefen i korta

Du kan få vite «alt»

Svært mange er ikkje klar over kor mykje tillitsvalde kan få innsyn i:

– Du har krav på å få innsyn i ikkje berre dei offisielle regnskapa som alle kan hente ut frå i Brønnøysundregistra. Tillitsvalde har også krav på å få innsyn i dei interne regnskapa. Her kan det hende at dei tillitsvalde får teieplikt. Men er det snakk om økonomiske uregelmessigheiter som i McDonalds-eksempelet har du varslingsrett etter arbeidsmiljølova. Tillitsvalde kan også ha varslingsplikt etter andre lover som kvitvaskingslova om det er mistanke om økonomisk lovbrot, seier Rudaa.

Han legg til:

– Poenget med innsynsretten i bedrifta sine økonomiske forhold er viktig når ein skal ha lov- og avtalebestemte drøftingar med dei tillitsvalde og tilsette. Og dessutan i lokale lønnsforhandlingar.  

Lønsforhandlingar? No kan du sjå kor mykje pengar selskapet har

FORFATTAR: Boka til Bjørn Rudaa "Lokale lønnsforhandlinger" kom i fjor. Den guidar tillitsvalde gjennom bedriftsøkonomi og korleis ein kan skaffe seg solid oversikt over penge-situasjonen på arbeidsplassen.

FORFATTAR: Boka til Bjørn Rudaa "Lokale lønnsforhandlinger" kom i fjor. Den guidar tillitsvalde gjennom bedriftsøkonomi og korleis ein kan skaffe seg solid oversikt over penge-situasjonen på arbeidsplassen.

Ola Tømmerås

Kor er det innsynsretten kjem frå? Den står omtalt blant anna i hovudavtalen mellom LO og NHO. Den blir kalla arbeidslivet si grunnlov. Med andre ord: Er du tillitsvald i ei bedrift som er med i NHO, har du rett til å få innsyn i stort sett alt som handlar om pengar. Er du tillitsvald i eit kommunalt selskap eller føretak, har du den same innsynsretten. Sjekk ut hovudavtalen i KS, og spesielt del C.

Har du lågare løn enn kollegaen? Sjekk løna i 350 yrke her

Du kan sjekke så ofte du ønsker

Spesialrådgjevar Rudaa fortel at tillitsvalde har krav på å få vite stoda oftare enn styret:

– I hovudavtalen mellom NHO og LO står det vidare at tillitsvalde skal ha informasjon om bedrifta sin økonomi minst ein gong i månaden. Eller så ofte ein ber om det. Medan det står i aksjelova at dagleg leiar skal informere styret ein gong kva fjerde månad. Det betyr at Hovedavtalen har strengare krav til informasjon enn aksjelova. Dette skriv eg om i boka som understrekar betydning av drøftingsplikten, seier Rudaa.

Høgsterett har slått ned på manglande innsyn med tillitsvalde. Det skjedde i Trans Ocean-saka:

 – Her landa retten på at selskapet gjorde feil ved å ikkje drøfte ei kontrakt med dei tillitsvalde. Retten slo fast leiinga burde ha drøfta ei planlagt kontrakt med dei tillitsvalde, fordi den ville ha påverka både bedrifta og sysselsettinga. Drøftingsplikta går veldig langt ned i bedrifta sin økonomi, seier Rudaa.

 

Sjekk kor mange tusen kroner dyrtida har ete av bankkontoen din her

Slik gjer du det

Og korleis går du som tillitsvald konkret fram? Send epost til leiinga, fortel Rudaa:

– Du føl opp at avtalen om minst månadleg orientering om økonomien blir følgt opp frå leiinga. Eventuelt med purringar til dagleg leiar der du ber om innsyn i rekneskap, interne rekneskap og bedrifta sin økonomiske situasjon, seier Rudaa.

Til dagleg jobbar Rudaa, som er utdanna siviløkonom, i omstillingsenheten i Fagforbundet. Han har arbeida i LO og Fagforbundet sidan 1995.

 

Vikar fant «hemmeleg» regel: Tilkallingsvikarar kan ha rett på sjukepengar for vakter som ikkje er avtalt

Han meiner det er både for mange leiarar og tillitsvalde som ikkje er klar over kva tillitsvalde har krav på å vite:

– Det er mange som har for liten kunnskap og forståing om bedriftsøkonomi til å stille dei gode spørsmåla. Slik at dei kan vere kritiske og be om innsyn. Eg syns også det er trist at ein i mange aksjeselskap ikkje greier å få til tilsetterepresentantar i styret, slik aksjelova gir opning for, seier Rudaa.

Han fortel at motivasjonen til å skrive boka «Lokale lønnsforhandlingar. Bedriftsøkonomi som verktøy for lokale tillitsvalde», som Fagbladet omtalte då boka kom ut, var å gje kunnskap og meir innflytelse til tillitsvalde.

 

Ti tips: Slik forhandlar du betre løn

Jobbar du offentleg? Du har full innsynsrett i alt

Når det gjeld offentleg sektor, gjev offentleglova alle rett til å krevje innsyn i offentlege dokument som rekneskap. Det er ikkje krav om det som kallast sakleg interesse. Det er nok å sende ein epost med innsynskrav på epost.

– Men det er verdt å merke seg at det kan bli gjort unntak frå innsyn for tips eller liknande dokument om lovbrot frå private. Det kan bidra til at varslarar i større grad blir sikra anonymitet, forklarar Rudaa.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy
SIVILØKONOM: Bjørn Rudaa har skreve boka "Lokale lønnsforhandlinger", som guidar tillitsvalgte i bedriftsøkonomijungelen.

SIVILØKONOM: Bjørn Rudaa har skreve boka "Lokale lønnsforhandlinger", som guidar tillitsvalgte i bedriftsøkonomijungelen.

Yngvil Mortensen

Lønsforhandlingene mellom LO og NHO startar med eit handtrykk mellom Peggy Hessen Følsvik og Ole Erik Almlid. Dette biltetet er få åpninga i fjor.

Lønsforhandlingene mellom LO og NHO startar med eit handtrykk mellom Peggy Hessen Følsvik og Ole Erik Almlid. Dette biltetet er få åpninga i fjor.

Tormod Ytrehus