JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

26. januar er Portøranes dag

No er portørane på veg inn i sjukeheimane

Portørar er på veg inn i sjukeheimane.

Portørar er på veg inn i sjukeheimane.

Frøydis Falch Urbye

Alle sjukehus treng portørar for å frakte pasientar, medisinar og utstyr. No er dei på veg inn i sjukeheimane.

2021012512455220210125131131

karin.svendsen@fagbladet.no

Portørseksjonen på Stavanger universitetssjukehus (SUS) vann Utdanningsprisen i Helse Vest 2020. Dei deler prisen med Rogaland fylkeskommune. Prisen fekk dei mellom anna for samarbeidet med ein vidaregåande skule og ein sjukeheim. Dei har sett i gang eit prøveprosjekt der lærlingar på SUS og vg2-elevar på Bergeland vidaregåande tek ein del av praksisen på Lervig sykehjem.

Dette er noen av yrkesgruppene hun mener sykehjem har minst like stor bruk for som sykepleiere

Mangel på læreplassar

– Vi har ikkje hatt nok læreplassar til portørane, fortel Jan Åge Moen, sjølv portør og no rådgjevar på sjukehuset. Moen arbeider i divisjon for driftsservice, som er den eininga som fekk prisen.

Dei som ynskjer å bli portør, tar to år på vidaregåande helse- og oppvekstfag. Deretter går dei to år i lære. Dersom dei får læreplass. Elles kan eit tredje år på skule vere ei løysing. I tillegg til skulevegen er det også mogleg å ta fagbrev som portør som praksiskandidat.

Resultatet av samarbeidet mellom SUS og fylkeskommunen har resultert i at elevar som ikkje får læreplass, kan ta vg3 på skulen. Hausten 2020 oppretta fylkeskommunen nemleg ein vg3-klasse for portørar. Eit anna resultat er at nokre vg2-elevar får ein praksisperiode på sjukeheim.

Dette er Fagforbundets gratulasjon til portørene på dagen.

Dette er Fagforbundets gratulasjon til portørene på dagen.

Portørane leverer

Hittil har dei fleste portørar arbeidd på sjukehusa. Jan Åge Moen meiner kommunehelsetenesta også kan ha nytte av denne yrkesgruppa.

– Tanken bak prosjektet i Stavanger var at vi ville vise at portørane kan vere ein ressurs også i kommunane, seier han.

Før jul hadde to elevar og to lærlingar ein praksisperiode på Lervig. I januar i år tar sjukeheimen imot tre lærlingar og to elevar.

– Det er positivt at dei vil halde fram med samarbeidet. Det viser at portørlærlingane har levert, meiner rådgjevaren på SUS.

Jan Åge Moen fortel at elevane og lærlingane hentar og bringar til frisør og fotpleie som er på sjukeheimen, og at dei følgjer bebuarar som har ærend utanfor sjukeheimen.

– Oppgåvene deira er allsidige. Til dømes kontrollerer dei hjelpemiddel, og dei ordnar med personaltøy, seier Moen.

Portørane og korona

Mykje logistikk

Ragnhild Torkelsen, nestleiar på Lervig sykehjem, seier at det har vore ei positiv oppleving å ha lærlingar på sjukeheimen.

– Utfordringa vår var å finne ut kva for oppgåver vi kunne overføre til dei, fortel ho.

Etter å ha lese læreplanen for portørar kom dei fram til at portørlærlingane kunne ta seg av mykje forskjellig arbeid. Mellom anna handterer dei avfall, held orden på lager og legg lintøy på plass i hyller. Dei komande portørane hentar og deler også ut post og aviser og sørger for at mattrallene kjem ut til fem avdelingar med 15 små avdelingar i rett tid.

– Med mange små grupper har vi mykje logistikk. Der har portørane vore svært nyttige, seier Torkelsen.

Ho meiner også at det er effektiv bruk av ressursar at dei følgjer bebuarane når dei skal på sjukehuset. Og at dei kan ta heilvask og skift på seng.

Nyttig på ein stor sjukeheim

Nestleiar på Lervig sykehjem trur ikkje alle sjukeheimar vil ha like stor nytte av å tilsette ein portør.

– Nytteverdien heng etter mitt syn saman med storleiken og kompleksiteten på sjukeheimen, seier Ragnhild Torkelsen.

– Eg ser at det er mange oppgåver som det er hensiktsmessig at pleiarane slepp å bruke tid på. Den tida dei får frigitt, kan dei bruke på bebuarane. Men vi får jo ikkje tilført ekstra midlar, så vi måtte ha gjort om ei stilling viss vi skulle ha tilsett ein portør, seier ho.

Hittil har SUS dekt alle utgifter til prøveprosjektet.

Fagprøven under koronaepidemien

Fleire fagbrev

Lasse Haugland arbeider i Helse Bergen og er leiar i Fagforbundet si faggruppe for portørar. Han er ein av dei som har arbeidd hardt for at denne yrkesgruppa skulle få høve til å ta fagbrev. Haugland var sjølv blant dei fyrste som tok fagprøven då det var mogleg frå 2016.

Han opplyser at mellom 800 og 850 arbeider som portørar i norske sjukehus. Av desse er om lag 300 kvinner. Så vidt han veit, er det ikkje mange sjukeheimar som har oppretta ei stilling for portør.

– Men vi har no ein del i praksis, så eg håper at dette talet vil auke kraftig.

Ny utdanning

Sidan 2016 og fram til 2019 tok 174 fagbrev som portør. Av desse var 48 kvinner. Dei aller fleste var godt vaksne med lang arbeidserfaring. Heile 160 tok fagprøven etter kurs og vurdering av realkompetansen, altså som praksiskandidatar. 14 ungdomar gjekk på skule og i lære før dei bestod fagprøven.

"Det har vore ei positiv oppleving å ha lærlingar på sjukeheimen."

Ragnhild Torkelsen

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy