JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Vil ha slutt på ufrivillig deltid

No får antageleg sjukepleiar Åse Kristin endeleg heil stilling: Kan gå frå 33,22 prosents vikariat til full jobb på Stortinget

NYUTDANNA: Åse Kristin Ask Bakke blei ferdig utdanna sjukepleiar i fjor. Ho og fleire venner frå kullet jobbar ufrivillig deltid.

NYUTDANNA: Åse Kristin Ask Bakke blei ferdig utdanna sjukepleiar i fjor. Ho og fleire venner frå kullet jobbar ufrivillig deltid.

Øystein Windstad

Åse Kristin jobbar ufrivillig deltid i heimesjukepleia. Løna hennar er mindre enn det ho hadde som student, og lån til eige husvære kan ho gløyme. Om nokre dagar kan ho bli blant dei aller yngste på Stortinget.

2021082414101220210825150608

oystein.windstad@fagbladet.no

Starten på sjukepleiarjobben blei ikkje heilt som planlagt for Åse Kristin Ask Bakke. Ho og dei andre i kullet starta yrkeslivet med å gå rett inn i ein pandemi. Ho og vennene frå utdanninga har og møtt noko anna:

– Med den vikarstillinga eg har no tente eg meir som student. I oktober går vikariatet mitt på 33,22 prosent ut og då er det uvisst kva som skjer etterpå.

• Sjekk kor mykje deltid det er i din kommune

EKSEMPEL: Åse Kristin Ask Bakke var med i ein panelsamtale på Utøya nyleg. Ho vart brukt som eksempel på kva ufrivillig deltid fører til. Her saman med Victoria De Oliviera i Fagforbunedet Ung og Jonas Gahr Støre.

EKSEMPEL: Åse Kristin Ask Bakke var med i ein panelsamtale på Utøya nyleg. Ho vart brukt som eksempel på kva ufrivillig deltid fører til. Her saman med Victoria De Oliviera i Fagforbunedet Ung og Jonas Gahr Støre.

Øystein Windstad

Landets yngste varaordførar

Ask Bakke kjem frå Harøya i Møre og Romsdal. Som 19-åring blei ho valt til landets yngste varaordførar. Til hausten blir det enten å jakte vakter som sjukepleiar. Eller Stortinget. Blir det Løvebakken, er ho klar på kva ho vil ta tak i:

– Eg har prøvd å få huslån i banken. Men, når dei såg at eg har eit vikariat på 33,22 prosent som går ut i oktober blei det nei. Tilbakemeldinga er at eg må ha høgare stillingsprosent og gjerne fast jobb. Ein sjukepleiar tener ikkje all verda i utgangspunktet. Det gjer at eg må leie saman med ei veninne. Ho er og sjukepleiar med eit lite vikariat og har same problem som meg. Ho får ikkje fast jobb, seier Ask Bakke til Fagbladet. Ho står på 2. plass på stortingslista til Møre og Romsdal Arbeidarparti. Ifølgje meiningsmålingane det siste året og no seinast 21. august ser det ut som det blir stortingsplass.

• Dei to har fem jobbar men blei avvist av banken

JOBB NUMMER EIN: Åse Kristin Bakke seier heile faste stillinger blir hennar jobb nummer ein, om ho blir valt inn på Stortinget.

JOBB NUMMER EIN: Åse Kristin Bakke seier heile faste stillinger blir hennar jobb nummer ein, om ho blir valt inn på Stortinget.

Øystein Windstad

Mobilen i handa og livet på vent

Fagforbundet-medlemmen fortel at ho og mange av vennene frå studiet ikkje kan planlegge liva sine:

– Du må heile tida ha mobilen klar i handa i tilfelle sjefen spør om du vil jobbe ekstravakt. Eg har ei veninne som står opp 06:30 om morgonen. I tilfelle sjefen ringer og ho må ta bussen. Du veit ikkje kva løn som kjem på slutten av månaden. Det gjer at du ikkje torer å ta fri i helgene. Du må planlegge livet ditt etter jobben. Du må jakte vakter heile tida, sier sjukepleiaren. Ho fortel at det første ho vil ta tak i om ho kjem på Stortinget, er retten til heile fulle stillingar.

• Ap vil lovfeste retten til heile faste jobbar

– Skjer meg i hjartet kvar gong

I løpet av intervjuet kjem ho fleire gonger tilbake til inntrykka ho sit igjen etter eit år i heimesjukepleia:

– Det er dårleg bemanning i helse fordi kommunane har dårleg råd. Det gjer at me må springe frå pasient til pasient. På ei tidlegvakt har eg kanskje 13 pasientar. Det skjer meg i hjartet kvar gong eg må gå ifrå ein pasient og du ser at dei vil spørje om noko. Men, dei tek seg sjølv i det og seier at nei, det var ingen ting, fordi eg ser du har så dårleg tid. Det har eg opplevd fleire gonger. Samtidig veit du at du kanskje er den einaste dei ser i løpet av denne dagen. Då er det ganske jævlig å gå derifrå. Men du veit du må, fordi au neste person treng hjelpa di, fortel Ap-politikaren.

• Han blei sagt opp av kommunen, men banka dei i retten

Vil ha meir til kommunane

Ho meiner ein styrka kommuneøkonomi er avgjerande:

– Det må kome fleire hender, slik at fleire ønsker å stå i heiltidsstillingar. Me ser og at sjukefråværet går ned med fleire faste stillingar. Det handlar og om dei me er til for, brukarane og pasientane. Dette er overførbart til barnehage og skule, eksempelvis, seier ho og legg til:

– Me må og få på plass heiltidsmiddel, slik som i Bergen. Der fekk dei bruke nok pengar til få folk i heile faste stillingar. Det kostar. Det må me berre vere ærlege på. Det er dette som må til for å få eit seriøst arbeidslivet med trygg helse og omsorg for dei brukarane me er til for.

• Meiningsmåling: No vil "alle" ha heile faste jobbar

Vil ha fleire arbeidsfolk på tinget

Ask Bakke håpar at det blir fleire på Stortinget som har bakgrunn frå arbeidslivet:

– Eg trur det er viktig at vi får inn på tinget folk som er lærar, sjukepleiarar eller som jobbar i industrien. Som veit kor skoa trykker. Det er noko heilt anna å ha gått i dei skoa og kjent det på kroppen sjølv. Eg kjem til å ha kollegaer som vil kviskre meg inn i øyret kva som er viktig for sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, om eg blir valt inn på Stortinget, seier ho til Fagbladet.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy