Torill Evensen (51) måtte få hjelp hos Frelsesarmeen då pengane frå Nav lot vente på seg.
Tormod Ytrehus
tormod@lomedia.no
To dagar etter at lønnskompensasjonen frå Nav var på plass, vakna permitterte Torill Evensen (51) opp til ei månadslønn på kontoen.
– Dette var herleg, seier ho og pustar letta ut.
• Permitterte Torill (51) måtte hente mat hos Frelsesarmeen: – Du står med lua i handa
Arbeidsgivars ansvar
Evensen fekk ein sms frå Nav onsdag kveld. Torsdag morgon hadde ho fått pengane, nesten 26.000 kroner. Det er lenge sidan ho har hatt eit så stort beløp på kontoen.
{f1}
– Det er herleg å vite at eg ikkje går tom for pengar, treng å vere svolten og redd for at straumen skal stengast av. Eg veit framleis ikkje om eg har ein jobb å gå til, men det kortsiktige problemet er løyst.
For å få lønnskompensasjonen, ei utbetaling på inntil 18 dagar full lønn frå Nav, må arbeidsgivar melde inn informasjon om permittering og lønna. Du skal bli varsla av Nav når dette er gjort. Innan tre arbeidsdagar skal pengane vere på konto.
• Her forklarer arbeidsministeren hvorfor han fjerner økte dagpenger igjen
Få ut fingeren
– Eg håpar alle andre arbeidsgivarar er like kjappe som min. Bedriftene må få ut fingeren og prioritere dette her, alt anna må leggast til side, seier Evensen som er nattresepsjonist på Comfort-hotellet på Flesland i Bergen.
Nav seier nemleg at du må søke sjølv dersom arbeidsgivaren din ikkje melder inn informasjon. Korleis, er framleis uklart. På nettsidene sine skriv dei at dei «kommer tilbake med mer informasjon når denne er klar».
• Så mye mindre får du i dagpenger fra november
Over to månader
Magasinet har tidlegare skrive om at Evensen måtte hente mat hos Frelsesarmeen fordi ho i mars ikkje fekk ei krone frå Nav. Som mange lågtlønte hadde ho ikkje pengar på bok.
Etter at koronatiltaka førte til massepermittering, vedtok Stortinget 20. mars å sikre permitterte ein lønnskompensasjon. Samtidig reduserte dei dagane arbeidsgivar må betale full lønn frå 15 til to dagar.
Det tok godt over to månader før ordninga var på plass. Til samanlikning var kompensasjonsordninga for bedrifter på plass etter eit par veker.
– Eg synest framleis politikarane burde teke meir omsyn til oss vanlege folk, samanlikna med bedriftene som berre kunne logge seg inn og få pengar dei kanskje ikkje har krav på ein gong, seier Evensen.
• Er du blitt arbeidsløs? Her er noen tips om hva du bør gjøre
Betale tilbake forskot
Tysdag kunne vi lese på Nav sine nettsider at dei ikkje trekker forskot på dagpengar frå lønnskompensasjonen. Evensen har likevel bestemt seg for at ho skal betale tilbake iallfall delar av forskotet med ein gong.
– Rekninga kjem jo ein eller annan gong.
To ting arbeidsgivar må gjere:
Arbeidsgivarar må gjere to ting for at Nav kan betale ut lønnskompensasjon:
1. Rapportere inn permitteringar og opplysingar om arbeidsforhold i den såkalla a-meldinga.
2. Melde inn fødselsnummer og berekna lønn per dag i løysinga på nav.no.
Pensjoner og trygder i Norge blir endret i mai hvert år. Mange lurer på hvor mye uføretrygda øker.
Hanna Skotheim
Per Flakstad
HELE LAGET: – Det har vært viktig for LO Kommune å sikre at hele laget får et godt lønnsoppgjør, ikke bare enkeltgrupper, sier Mette Nord.
Per Flakstad
PEKER PÅ DE MEST LAVTLØNTE: – Alle pensjonister må få en inntekt som er tilstrekkelig til å leve verdige liv, sier Mette Nord.
Per Flakstad
VIL OPP: De to første lønningene fra nyjobben gikk i stor grad med til å betale regninger og inkassokrav, forteller Malin Sandvik Bergdal.
Glen Musk
ØKT REALLØNN: – Vi forhandler alltid med mål om å komme til en løsning. Samtidig er kravet fra våre medlemmer tydelig på at vi skal sikre hele laget økt reallønn, sier Mette Nord.
Per Flakstad