FÅR FAST KONTRAKT: Fritidskontakt Rune Gudmundsen har jobba med den same brukaren sidan 2018. No har Skien kommune snudd og gjev han kontrakt som tilsett og ikkje innleigd. Akkurat slik som Gudmundsen sjølv meinte er rett.
Øystein Windstad
oystein.windstad@fagbladet.no
– Det blir feiring med bobler og sol i helga, seier Runde Gudmundsen. Han er ein av 25.000 i Norge som jobbar som fritidskontakt, de nye namnet på støttekontakt.
Nyleg gjekk han ut i Fagbladet og kravde fast jobb. Den faste stillinga betyr at han no får feriepengar, sjukepengar og forsikring om det skulle skje noko på jobb. Han får også automatisk høgare løn kvar vår når lønsoppgjeret kjem.
• KS: – Kommunane må gå igjennom fritidskontakt-kontraktane
Fleire skal få ny kontrakt
I går fekk han telefonen om at Skien kommune tilbyr han fast arbeidskontrakt og at dei ikkje lenger leier han inn på oppdrag. Etter det Fagbladet erfarer, ser no kommunen på om alle fritidskontaktane i kommunen skal bli tilsette og ikkje lenger vere innleigde:
– Eg blei jo veldig glad for at dette lykkast. Og så er det jo fint at Skien kommune går føre og viser veg, tenker eg. For det er vel andre kommunar som no kjem etter Skien, seier Gudmundsen.
Han jobbar til vanleg fulltid i Skatteetaten og arbeider som fritidskontakt i tillegg. Gudmundsen fortel at etter at han stod fram i Fagbladet har han sett fleire andre fritidskontaktar som skriv i kommentarfelta at dei er i same situasjon og ønsker å bli tilsette og ikkje innleigde.
• Støttekontakt Arvid kjempa, fekk fast jobb og etterbetalt ein halv million kroner
– Stolt
Då Gudmundsen stod fram med si sak i Fagbladet, la han vekt på at han ikkje tok denne kampen for seg sjølv, men for andre som kanskje ikkje hadde like god innsikt i lover og regler. Han har bakgrunn innan økonomi og jus og jobbar til dagleg i eit A-krimsenter.
– Er du i ferd med å nå målet ditt om at også andre skal bli tilsett og ikkje gå glipp av feriepengar og sjukepengar fordi dei er hyra inn?
– Det er iallfall eit godt steg på veg, at alle skal få moglegheiter til arbeidskontrakt ja, seier Gudmundsen og legg til:
– Eg er stolt over å ha lykkast etter å ha brukt stemma mi, stilt opp til intervju og fått til forandring, seier Gudmundsen.
Fagbladet har vore i kontakt med Skien kommune som seier dei vil kome tilbake med intervju og meir informasjon etter at dei har gått igjennom kontraktene til alle fritidskontaktane.
FLERE KRAV: For helsepersonell med utdanning gjennomført utenfor EØS består godkjenningsprosessen i Norge av to trinn. Søkeren har tre år på seg til å fullføre norskopplæringen og de andre kravene for godkjenning.
karin svendsen
KUTTER: Nå kutter Trygve Slagsvold Vedum i skatten til mange unge.
Amanda Pedersen Giske / NTB
UNBOXING: Hjemmesykepleierne synes klærne ser gode og varme ut. – Vi føler oss verdsatt, sier Cathrine Torvund (foran). F.v.: Mirjete Demaku, Vanessa Olsen og Grete Fredheim.
Marte Bjerke
FRAVÆRENDE: Daværende statsminister Jens Stoltenberg tenker på sykelønna, mens kronsprinsen holder tale under regjeringens middag før Håkon og Mette-Marits bryllup i 2001.
Terje Bendiksby / NTB
Hjelpepleier Unni Betten og sykepleier Amanda Roksvåg setter pris på hverandres innsats på jobb.
Martin Guttormsen Slørdal
VIL IKKE MED: Både Gunn Nypen (59) (t.v.) og Mona Pettersen (53) sier de vil bytte arbeidssted dersom den boligen de arbeider på, blir overtatt av en privat operatør.
Berit Baumberger