JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Gaza

Tillitsvalde: Det nyttar ikkje lenger å vere bekymra og berre snakke om diplomati og forhandlingar

Har starta opprop for sanksjonar

HANDLING: Sara Bell har jobba med Palestina-spørsmål i fleire år. No krev ho og andre at LO er tydelege på å følge opp eigen politikk og jobbar for sanksjonar mot Israel. For brot på folkeretten.

HANDLING: Sara Bell har jobba med Palestina-spørsmål i fleire år. No krev ho og andre at LO er tydelege på å følge opp eigen politikk og jobbar for sanksjonar mot Israel. For brot på folkeretten.

Bjørn A. Grimstad

Regjeringa bør jobbe for sanksjonar mot Israel. Og LO bør legge press på regjeringa til å snu. Det meiner tillitsvalde i Fagforbundet og Fellesforbundet som har fått hundrevis av signaturar etter invasjonen av Gaza.

2023111509132520231115091325

oystein.windstad@fagforbundet.no

Det nyttar ikkje lenger å vere bekymra og berre snakke om diplomati og forhandlingar ovarfor Israel:

– Alt tolmod med Israel som okkupasjonsmakt er forbi og vi ber om at LO tek til orde for andre verkemiddel, seier Sara Bell som er regionsekretær i Fagforbundet Vestland. Ho er ein av initiativtakarane til Fagbevegelsens opprop for Palestina som til no har fått nesten 800 signaturar. Og med andre verkemiddel meiner ho blant anna økonomiske sanksjonar, våpenembargo og forbod mot varer produsert på okkupert land.

{f1}

Hovudkontoret sprengt på Gaza, LO gjev halv million

STØTTE: Det har vore fleire markeringer og demonstrasjonar foran stortinget. Både til støtte for Israel. Og som denne markeringa som var til støtte for Palestina. Rundt 1200 israelarar blei drepne i 07. oktober og 240 tekne som gissel. Til no har over 11.000 palestinarar blitt drepne i Israel sitt svar.

STØTTE: Det har vore fleire markeringer og demonstrasjonar foran stortinget. Både til støtte for Israel. Og som denne markeringa som var til støtte for Palestina. Rundt 1200 israelarar blei drepne i 07. oktober og 240 tekne som gissel. Til no har over 11.000 palestinarar blitt drepne i Israel sitt svar.

Sissel M. Rasmussen

Krev ny linje og snuoperasjon av regjeringa

Den 7. oktober drap Hamas-terroristar rundt 1200 israelarar. Etter det har staten Israel drepe over 11.000 palestinarar, rundt halvparten barn. Ifølge tal frå palestinske helsemyndigheiter på Gaza. I takt med bombing av blant anna sjukehus og flyktningeleirar på Gazastripen ulmar det i store delar av norsk fagrørsle. Og det blir kravd ei tydelegare LO-leiing:

– Oppropet er ei felles forferding over situasjonen i Gaza. Og eit felles ønske om ein veldig tydeleg LO-leiar som går ut og uttalar seg i tråd med kongressens vedtak, seier Bell som har vore Fagforbundet Vestland sin Palestina-ambassadør i ni år.

BOIKOTT: Fleirtalet på LO-kongressen stemte for boikott av Israel og at LO skal jobbe for dette.

BOIKOTT: Fleirtalet på LO-kongressen stemte for boikott av Israel og at LO skal jobbe for dette.

Leif Martin Kirknes

Norske barn på Gaza vil truleg slite med traume

Liv Tørres leder LOs internasjonale avdeling. Ho seier at LO støttar alt som står i oppropet, og er krystallklar at de må bli slutt på krig og okkupasjon. LO-leiinga har teke dette opp med utanriksministeren. Les heile svaret frå Liv Tørres her:

{u1}

LO: Ein mill. medlemmer og vil ha boikott

Og med vedtaket viser Bell til avstemminga på LO-kongressen i 2022. Kongressen bestemmer kva LO skal meine og gjere. Eit stort fleirtal stemte for at «LO også støttar ein internasjonal boikott av Israel»

– Har LO-leiinga ikkje vore tydelege nok?

– Eg meiner LO-leiinga har skrive ei god utsegn, men vi etterlyser at dei tek i bruk og ser på intensjonane i kongressvedtaket. Det handlar om å ansvarleggjere den norske staten sin handel med og investeringar i delar av den israelske okkupasjonen av Palestina. Norge tener pengar på å handle saman med selskap som driv på okkupert land, seier Bell.

Oljefondet eig 66 selskap som hjelper israelsk okkupasjon

VÅPEN: Sara Bell ønskar blant anna både politiske vedtak og ei gransking som sikrar at norske våpen ikkje ender opp å bli brukt i krigen mellom Hamas og Israel eller til okkupasjonen av Vestbredda og Gaza.

VÅPEN: Sara Bell ønskar blant anna både politiske vedtak og ei gransking som sikrar at norske våpen ikkje ender opp å bli brukt i krigen mellom Hamas og Israel eller til okkupasjonen av Vestbredda og Gaza.

Michael Brøndbo

Viser til tyngda av LO

Alle partia på Stortinget, bortsett frå KrF og Frp, meiner Israel bryt folkeretten. SV og Rødt vil ha straffetiltak som sanksjonar, mens Venstre, Sp, Ap og Høgre er imot.

– Har LO nok innflytelse og kjøtvekt til å kunne påverke Ap og regjeringa når det kjem til sanksjonar mot Israel?

 – Eg meiner at LO som er ein organisasjon som har over ein million medlemmer, kan ta ei tydeleg rolle i dette spørsmålet. Eg er fullstendig klar over at det er delte meiningar internt i LO og blant LO sine tillitsvalde i desse spørsmåla. Difor kan ein i det minste starte med dei investeringane. Og vi må kunne sjå på økonomiske sanksjonar, seier Bell.

Debatt: Korfor er vi ikkje ueinige med regjeringa?

Trur på folkeleg organisering

Bell trur det som vil ha størst effekt for å få slutt på krigen er ei brei internasjonal folkeleg organisering:

– Om norsk helsepersonell, lærar, barnehageungar, nyfødde og pensjonistar hadde blitt utsett for kollektiv utsvelting og bombing. Då ville vi i den organiserte arbeidarklassen forventa ein sterk og einskapleg reaksjon frå ei samla global fagrørsle. Det bør sivile i Gaza kunne forvente av oss, seier Bell og legg til:

– Eg rettar meg mot LO-leiinga og forventar den same tydelege talen i Unio, YS og Akademikerne. Kom ut av kontora og snakk høgt om dette. Vi treng at den organiserte arbeidarklassen er ei sterk og tydeleg stemme. Det er viktig i Norge og internasjonalt. Det er dei folkelege rørslene no som kan legge press globalt.

LO-Leiinga: – Er einig med alt i oppropet

KLAR TALE: Liv Tørres har jobba som direktør for Nobels Fredssenter og er i dag leiar av LO si internasjonale avdeling. Ho seier regjeringa får høre i klartekst kva LO meiner om boikott og Israel.

KLAR TALE: Liv Tørres har jobba som direktør for Nobels Fredssenter og er i dag leiar av LO si internasjonale avdeling. Ho seier regjeringa får høre i klartekst kva LO meiner om boikott og Israel.

Herman Bjørnson Hagen

LO er krystallklare at de må bli slutt på krig, okkupasjon og har teke dette opp med utanriksministeren, seier Liv Tørres som leiar av LO si internasjonale avdeling.

ØYSTEIN WINDSTAD

oystein.windstad@fagbladet.no

Liv Tørres er tidlegare generalsekretær i Norsk Folkehjelp, har vore fleire gonger på Gaza og har vener som ho no ikkje får kontakt med etter invasjonen. Tørres er leiar for Internasjonal avdeling i LO:

– Vi er fullt einige i det som står i oppropet basert på kongressvedtaket. Eg såg ingen ting i det oppropet som eg syns er kontroversielt eller vanskeleg.

Har møtt regjeringa og arrangert demo

– Kva har LO gjort etter krigen braut ut?

– Vi har gjort to sekretariatbehandlinger som er krystallklåre. Vi har ei løyving til Folkehjelpa sitt Gaza-arbeid. Vi har jamlege oppdateringar på sosiale medium med klare posisjonar både frå LO-leiaren si Facebook-side, LO si internasjonale side og LO si hovudside. Vi har vore i møte med utanriksministeren. Vi har hatt arrangement som vi har vore medarrangør for framfor Stortinget med klare krav. Vi har betydeleg innsats i samarbeid og kontakt med nasjonale og internasjonale organisasjonar, seier Tørres.

BOIKOTT?: Utanriskminister Espen Barth-Eide (Ap) seier han og regjeringa ikkje vil jobbe for boikott av Israel og meiner det er feil veg å gå.

BOIKOTT?: Utanriskminister Espen Barth-Eide (Ap) seier han og regjeringa ikkje vil jobbe for boikott av Israel og meiner det er feil veg å gå.

Leif Martin Kirknes

Jobbar både offentleg og på bakrommet

– Sara Bell og dei andre bak oppropet ønsker at LO-leiinga er tydelegare når det kjem til sanksjonar for brot på folkeretten. Kva seier du til det?

– Eg meiner at leiinga og LO-leiaren har vore krystallklåre i alle desse postane som er lagt ut på sosiale medium og i utsegna. Samtidig er det ikkje sånn at alle våre posisjonar er best tent med alltid å legga ut på sosiale medium. Noko kan vi oppnå betre resultat og meir bevegelse på om vi tek det bilateralt i mindre fora eller direkte med regjeringa og stortingspolitikarar. Punkt nummer ein, det er ingen tvil om kor vi står. Punkt nummer to, det er heller inga tvil om at regjering, utanriksminister og stortingspolitikarar veit godt kva LO-politikk er og får den gjenteke med jamne mellomrom.

Har argumentert for boikott til regjeringa

– Kva gjer LO med tanke på kongressvedtaket og regjeringa?

– Vedtaket seier vi skal støtte ein internasjonal boikott av Israel. Det har blitt kommunisert klart frå kongressen og vidare til regjeringa. Det er inga tvil om at regjeringa veit godt kva vi meiner i den saka. Samtidig er utanriksministeren klar på at økonomisk boikott og sanksjonar av Israel er uaktuelt. Barth-Eide seier Sanksjonar må skje i internasjonalt samarbeid for at de i det heile tatt skal ha noko moglegheit for å fungere. Det er ikkje støtte til det internasjonalt. Det er der vi står på det spørsmålet. 

Håper Israel blir pressa til våpenkvila

– Korleis ser du på sjansen til å få med regjeringa på å starte diskusjonen om sanksjonar for brot på folkeretten?

– Det skal eg vere forsiktig i å spekulere om. Utanriksminister Barth-Eide har vore klar på det med sanksjonar. Men, eg har lyst til å legge til at det som førebels er uklart er kor langt regjeringa er villig til å gå i ein kombinasjon av press og dialog. For å få Israel til å opne for våpenkvile og trekke seg tilbake frå palestinsk jord, etter kvart.

Jobbar internasjonalt

Tørres fortel at LO no jobbar med internasjonale samarbeidspartnarar for å få Israel til å respektere folkeretten:

– Vi har internasjonalt betydeleg kontakt med andre landsorganisasjonar og den internasjonale samanslutninga. Vi har to stykke som er i Tunisia no på møte med den Arabiske og internasjonale International Trade Union Congress. Og i alle desse samanhengane er vi soleklare på vedtaka som blei fatta på LO-kongressen. Vi er krystallklare no og har vore det frå så snart Israel starts sine militære angrep med krav om våpenkvile, krav om tilgang for humanitær hjelp og krav om vern for sivile. 

Ser på kva som vil ha størst effekt

Tørres har budd og jobba fleire år i Sør-Afrika og har doktorgrad i statsvitskap. Ho har blant anna granska kva slags type sanksjonar som var mest effektivt mot apartheid-regimet i Sør-Afrika:

– Målet må også vere å finne fram til dei pressmidla som faktisk vil funke ovanfor Israel i den situasjonen vi er i no. Når vi finn dei, då vil vi sjølvsagt gjere det vi kan for å overtyde regjeringa om å støtte tiltaka. Det kan jo også hende at vi må tenke heilt nytt, når denne konflikten er over. Vi vil aldri vike i støtta til palestinarane og i kampen for at rettigheiter og respekt for at Folkeretten skal gjelde alle, men det kan tenkast at vi må tenke nytt når det gjeld val av verktøy og pressmiddel når vi ser kva som skjer på bakken dei neste dagane og vekene, seier Tørres til Fagbladet.

Fakta om oppropet

• Oppropet krev stopp i krigen

• Økonomiske sanksjonar mot Israel om ikkje våpenkvile

 • Humanitær hjelp snarleg

• Fordømming av overgrep mot sivile

• Alle krigsbrotsverk skal etterforskast, tiltalast og straffeforfølgast

• Ei varig løysing i tråd med folkeretten

• Desse står bak:

•Stine Westrum – leiar, Fagforbundet Helse, Sosial og Velferd Oslo

• Berit E.H. Tevik – leiar, Fagforbundet Barn og Oppvekst, Oslo

• Jorge Alex Dahl – leiar, Unionen fagforeining

• Joachim Espe – leiar, Bygningsarbeidernes fagforeining

Sara Bell – Fagforbundet Vestland

(Kjelde: Opprop.net)

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy
VÅPEN: Sara Bell ønskar blant anna både politiske vedtak og ei gransking som sikrar at norske våpen ikkje ender opp å bli brukt i krigen mellom Hamas og Israel eller til okkupasjonen av Vestbredda og Gaza.

VÅPEN: Sara Bell ønskar blant anna både politiske vedtak og ei gransking som sikrar at norske våpen ikkje ender opp å bli brukt i krigen mellom Hamas og Israel eller til okkupasjonen av Vestbredda og Gaza.

Michael Brøndbo

HANDLING: Sara Bell har jobba med Palestina-spørsmål i fleire år. No krev ho og andre at LO er tydelege på å følge opp eigen politikk og jobbar for sanksjonar mot Israel. For brot på folkeretten.

HANDLING: Sara Bell har jobba med Palestina-spørsmål i fleire år. No krev ho og andre at LO er tydelege på å følge opp eigen politikk og jobbar for sanksjonar mot Israel. For brot på folkeretten.

Bjørn A. Grimstad