Forskjeller, ulikhet og lønn i Storbritannia:

Toppsjefane i Storbritannia har allereie tent inn ei snittløn

Finansdistriktet i London. Illustrasjonsfoto.

Finansdistriktet i London. Illustrasjonsfoto.

Colourbox.com

I løpet av årets tre første arbeidsdagar har toppleiarane i Storbritannia allereie tent inn ei gjennomsnittsløn.

2019010711270020190107114928

frifagbevegelse@lomedia.no

Ein britisk direktør kunne gå heim klokka 13.00 fredag med ei gjennomsnittleg årsløn i lomma. 4. januar var nemleg dagen ein gjennomsnittleg toppsjef tente inn årsløna til ein gjennomsnittleg brite. Det viser eit reknestykke frå tenketanken High Pay Center og HR-foreininga CIPD.

Ein gjennomsnittleg fulltidsarbeidande brite tener omtrent 325.000 norske kroner i året. Tilsvarande løn for ein gjennomsnittleg direktør i eit selskap på børsen, er 43 millionar norske kroner. Dermed kunne ein britisk toppsjef som jobbar 12-timarsdagar avslutte sin 29. arbeidstime med ei gjennomsnittleg årsløn i lomma.

Direktørløna har auka med 11 prosent i 2018, frå året før. Funna får fagforeiningane til å rase.

• Dette er lønna i over 300 yrker

– For mykje velstand blir samla opp på toppen. Vi treng å dra toppleiarløningane ned på jorda, seier generalsekretæren i hovudsamanslutninga Trades Union Congress (TUC) ifølge avisa The Guardian.

FriFagbevegelse har tidlegare undersøkt kva dag direktørane i Norges 100 største selskap har tent inn ei gjennomsnittleg årsløn. I 2018 var denne dagen 30. januar. Direktørane hadde ei snittløn på over 6,7 millionar kroner, som er 13 gongar så mykje som ein gjennomsnittleg norsk arbeidstakar. Timeløna var dermed på over 3.400 kroner.

Sjå lista over direktørløna i Norges 100 største selskap

• Meld deg på nyhetsbrevet vårt

• Følg oss på Facebook

Ansvarlig redaktør:
Hege Breen Bakken
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt:
Redaksjonen
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy