JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Vil gi jobbtilbud til alle unge under 30 - på sjukeheim eller i barnehage

SAMAN: Nestleiar Helene Harsvik Skeibrok og helseminister Jan Christian Vestre har kome med ei liste med fem punkt som skal gje fleire folk i helse og oppvekst.

SAMAN: Nestleiar Helene Harsvik Skeibrok og helseminister Jan Christian Vestre har kome med ei liste med fem punkt som skal gje fleire folk i helse og oppvekst.

Alf Ragnar Olsen

Helseministeren vil starte eit nytt nasjonalt program: – Ungdom skal gå frå å vere dei som står utanfor til å bli dei som bygger landet, seier Jan Christian Vestre.

2025050708315320250507114236

oystein.windstad@fagbladet.no

For første gong på lenge går helsekøane ned, etter tiltak frå regjeringa og helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre. No vil han og ein leiande tillitsvald prøve seg på ei anna stor utfordring: at 100.000 unge står utanfor arbeidslivet.

– Målet er at ingen ungdom skal kjenne på følelsen av å vere unyttig eller gløymt, seier Vestre (Ap).

LO-kongressen: Fagforbundet vil gje uføre rett til AFP

UNGE I SVING: Helseminister Jan Christian Vestre vil starte eit nasjonalt program til hausten: Alle unge utan arbeid vil få tilbod om jobb i helse og omsorg.

UNGE I SVING: Helseminister Jan Christian Vestre vil starte eit nasjonalt program til hausten: Alle unge utan arbeid vil få tilbod om jobb i helse og omsorg.

Alf Ragnar Olsen

Ungdomsprogrammet

• For ungdom mellom 16 og 30 år som står utanfor arbeidslivet eller utdanning.

• Skal gje fleire unge ein ny sjanse gjennom jobbing i barnehage, SFO, sjukeheimar og anna helsejobbar.

• Kjem frå Ap sitt partiprogram vedteke våren 2025.

• Der står det at Ap vil «etablere eit nytt arbeidsprogram for unge under 30 år som sikrar dei jobb i barnehage, SFO eller helse og velferd innan tre månader».

• Fagforbundet og Ap har også gått saman om fire andre punkt for å sikre fleire i helse.

• Satsing på heile faste stillingar, mindre bruk av vikarbyrå, meir oppgåvedeling og gje fleire sjansen til å ta fagbrev på jobb.

Landsdekkjande ungdomsprogram

Han står skulder til skulder med nestleiar i Fagforbundet, Helene Harsvik Skeibrok. Regjeringa og Fagforbundet har gått saman om ei plan på fem punkt som skal sikre fleire hender på dekk i helse. Sentralt står den nye ungdomssatsinga:

– Kvar einaste ungdom som kjem i jobb gjennom dette programmet, er ein seier for heile samfunnet, seier helse- og omsorgsminister Vestre. Han fortel at ungdomsprogrammet skal starte opp til hausten og bli utvida til å gjelde heile landet i løpet av dei fire neste åra. Tiltaket er inspirert av prosjektet Menn i helse, som med stor suksess har fått menn inn i omsorgssektoren og sikra dei fagbrev.

HAR TRUA: Helene Harsvik Skeibrok seier den nye satsinga til regjeringa vil gje sårt tiltrengte nye folk til helsesektoren.

HAR TRUA: Helene Harsvik Skeibrok seier den nye satsinga til regjeringa vil gje sårt tiltrengte nye folk til helsesektoren.

Alf Ragnar Olsen

Dette er Fagforbundet sine tre viktigaste saker på LO-Kongressen

– Vendepunkt

Helene Harsvik Skeibrok har bakgrunn som omsorgsarbeidar.

– Vi i Fagforbundet har lenge etterlyst tiltak som faktisk treff unge som står utanfor – dette programmet kan bli eit vendepunkt, seier Skeibrok.

Programmet skal gje opplæring og arbeidstrening i barnehage, SFO og sjukeheimar. Og ende med fagbrev og fast jobb.

Ueinige om Israel boikott på LO-kongressen

Fryktar ikkje konkurranse

Skeibrok fryktar ikkje at rekrutteringsprogrammet vil skvise ut dei som allereie jobbar i helse og omsorg:

– Dei treng fleire hender. Det er jobb nok til alle, så det er inga reell frykt for oss. Når ein ikkje har den formelle utdanninga eller kompetansen, så er det mange andre funksjonar innanfor helse og omsorg ein kan bidra med som er veldig viktige. Også for å avlaste helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og anna helsepersonell, seier Skeibrok og viser til at vi vil mangle 180.000 helsearbeidarar om nokre år.

Vil ha utsiling

Fagforbundet-nestleiar Skeibrok og minister Vestre møter Fagbladet under ein pause i LO-kongressen på Folkets hus i Oslo.

– Ikkje aller er eigna til å jobbe med barn eller i omsorgsyrke. Kva vil de gjere for å sikre at de får inn dei enga i dette programmet?

– Ein vil jo prøve seg litt. Viss ein har motivasjon for det, er litt nysgjerrig, interessert, prøver seg litt og ser om det kan vere noko – og Bygge vidare på det. Det vil vere ein naturleg stillingsprosess. Men det vil ikkje vere for alle. Det å vere eigna gjeld i alle yrke, seier Vestre.

– Frå utanforskap til samfunnsbygging

Helse- og omsorgsministeren meiner det er viktig at alle unge no får tilbod om jobb:

– Å satse på unge som står utanfor, er like viktig som å bygge veg og infrastruktur. Det handlar om samfunnets berekraft, seier han og legg til:

– Dette programmet er ein del av eit større prosjekt: Å sikre at alle har ein plass, ei rolle og ei framtid i det norske fellesskapet. Her kan unge som står utanfor bli til dei som byggjer landet, seier Vestre.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy