Utrygg eller motivert

Skal offentleg tenesteyting lukkast i kampen om arbeidskrafta i åra som kjem, er det ikkje berre ei kraftig auke i løna som må til. Organisasjonar som ikkje meistrar verdsetjande personalarbeid og heller ikkje har leiarar med høg emosjonell intelligens (EQ) vil få store vanskar med å nå sine mål, skriv Fagbladets redaktør Johnny Daugstad.

2008021909520720131216040256

Skal offentleg tenesteyting lukkast i kampen om arbeidskrafta i åra som kjem, er det ikkje berre ei kraftig auke i løna som må til. Organisasjonar som ikkje meistrar verdsetjande personalarbeid og heller ikkje har leiarar med høg emosjonell intelligens (EQ) vil få store vanskar med å nå sine mål.

Den tid er forbi då leiaren var den som hadde alle svara og så fekk undersåttane berre vere lydige. Moderne organisasjonar har tydelege mål og visjonar, men dei konkrete løysingane vert utforma og utført av dei som sit nærast oppgåvene.

Ein klok leiar ser samanhengen mellom haldning og handling – det må være samsvar mellom det som vert sagt og det som vert gjort. Det er leiaren som har ansvaret for å utvikle truverde og tillit gjennom ein likeverdig dialog. Nettopp fordi det berre er gjennom medarbeidarane sin innsats at organisasjonen kan nå sine mål.

I tillegg til naudsynt kompetanse og analytiske evner, liknar den sokalla emosjonelle intelligensen mykje på det bestefar min kalla for god folkeskikk. Lukka er at både emosjonell intelligens og folkeskikk kan lærast. Det som særmerkjer dugande leiarar er korleis dei handlar i møte med motsettingar, dilemma og paradoks. Å meistre kompliserte prosessar i ein organisasjon krev sjølvinnsikt og kunnskap om det sosiale samspelet som spelarane krev av sin kaptein.

Lagleiaren har makt til å ta dei naudsynte avgjerdene, men òg makt til å skremme. Dei som er redde, vert handlingslamma, men er dei trygge, tør dei å prøve ut nye ting og utvikle sin kreativitet.

Modige leiarar som kjenner seg sjølve kan skape og utvikle gode arbeidsmiljø. Slike organisasjonar vinn kampen om medarbeidarane. Angstfulle arbeidsmiljø har ikkje livets rett.

Ansvarlig redaktør:
Hege Breen Bakken
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy