Skatt på personalbillett:

Er det rimelig at pensjonerte bussjåførar må skatte av frikortet? Ja, meiner Siv Jensen

Det er enklare for pensjonistane å komme innanfor den skattefrie grensa på 10.000 kroner, seier finansminister Siv Jensen.

Det er enklare for pensjonistane å komme innanfor den skattefrie grensa på 10.000 kroner, seier finansminister Siv Jensen.

Håvard Sæbø

Finansministeren avviser at regjeringa sine nye skattereglar for personalbillettar er urimelege.

2019081415310020190815095004

tormod.ytrehus@lomedia.no

Dei nye skattereglane for dei billege billettane til tilsette i kollektivtransporten, samt familien deira og pensjonerte tilsette, kan føre til at mange tusen må ut med ekstra skatt når reglane trår i kraft kommande år.

I eit skriftleg spørsmål til finansminister Siv Jensen (Frp), spør stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) om det er urimeleg at også pensjonerte bussjåførar må betale skatt for det såkalla frikortet sitt. Finansministeren avviser at dei nye reglane er urettferdige.

– Dette svaret viser at regjeringa ikkje vil ta omsyn til verken at transportnæringa tidlegare har hatt unntak for skatteplikt eller at pensjonistane eigentleg har betalt for frikortet gjennom eit aktivt yrkesliv med lågare lønn, skriv Ap-politikar Ingrid Heggø i ein e-post til FriFagbevegelse.

Her er lista over avgifter og kutt som rammer arbeidsfolk

Skattefri grense

For bussjåførane er frikortet nemleg ein rett som er framforhandla mellom arbeidstakarane og arbeidsgivarane i staden for høgare lønn. Frikortordninga gjeld også for bussjåførar som mottar alders- eller uførepensjon, slår den såkalla bussbransjeavtala fast, så lenge dei har 15 år bak seg i jobben.

Denne typen billett er definert som personalrabatt og gåve, ifølge departementet, noko som gjer personalbillettane skattefrie opp til ein marknadsverdi på 10.000 kroner til saman. Verdien over denne grensa blir skattlagt som lønn.

«Pensjonerte bussjåførar som får fribillettar, kan òg nytte dette fritaket sidan rabatten har samanheng med tidlegare arbeidsforhold», skriv finansministeren som meiner regjeringa ryddar opp i reglane og på denne måten behandlar arbeidstakarar meir likt.

Skatt på personalbillett: Slik er den nye ekstraskatten for tilsette i kollektivtransporten

Honnørpris

Det er samtidig færre pensjonistar, samanlikna med dei som er i jobb, som må betale skatt for frikortet, ifølge Siv Jensen. Grunnlaget for skattlegginga er nemleg marknadsprisen på tilsvarande billettar.

Finansministeren viser til at «marknadsprisen for bussbillettar ofte er lågare for pensjonistar, noko som inneber at dei vil kunne få fleire billettar skattefritt enn arbeidstakarar».

NHO anslår at 12.000 bussjåførar har tilgang til frikortordninga. Jernbanedirektoratet har tidlegare opplyst at nesten 15.000 tilsette og pensjonistar bruker fribillettar i jernbanen.

{f1}

Skattekaos

Ap-politikar Ingrid Heggø meiner regjeringa ikkje har undersøkt konsekvensane av dei nye skattereglane godt nok. Skatten på personalbillettar skulle eigentleg vore innført allereie 1. januar i år, men har blitt utsett heile to gongar.

«Likevel verkar det som reglane framleis ikkje er klare for transportselskapa og pensjonistane i transportselskapa», skriv Heggø i spørsmålet og peikar på at «korleis ei handheving av innraporteringsplikta for pensjonistar skal bli er vanskeleg å finne ut av».

p

FriFagbevegelse har tidlegare skrive om at mange arbeidsgivarar no slit med å finne grunnlaget for skattlegginga av personalbillettar, slik dei har ansvar for. Det eksisterer nemleg ikkje samanliknbare billettar på marknaden for dei fleste personalbillettar og det er dermed vanskeleg å finne marknadspris.

Finansministeren svarer at endringane har vore ute på høyring og vart vedtekne i revidert nasjonalbudsjett i fjor, nettopp for å gi næringa tid til å tilpasse seg endringane.

Her kan du sjå alle regelendringane:

Skattedirektoratet foreslo i 2016 endringar i regelverket for skattlegging av naturalytingar. Dette er betaling eller gåver i ein form som ikkje er pengar.

Endringane ville gjere personalbillettar for tilsette i kollektivtransporten, skattepliktige.

Formålet var å gjere regelverket likt for alle, lage skattefrie beløpsgrenser og gi arbeidsgivar ansvar for å trekke skatt av ytingane. Dermed skulle skjønn bli mindre nødvendig.

Reglane vart vedtekne i revidert nasjonalbudsjett i mai i fjor.

I mars gjorde regjeringa nye endringar i skattereglane for personalrabattar og gåver. Årsaka var at omfanget av ordningane var større enn dei trudde på førehand. Dei nye reglane seier følgande:

• Ein kan få personalrabatt på 100 prosent, framfor maksimalt 50 prosent som opprinneleg foreslått.

• Den skattefrie grensa for personalrabatt er på 8000 kroner, i staden for 7000 kroner.

• Den skattefrie grensa for gåver er 2000 kroner, framfor 1000 kroner.

• Endringa av skattereglane for fribillettar vart utsett til 1. juli sånn at transportselskapa skulle få «tid til å utforme billettordninger som i større grad er i samsvar med den enkeltes private reisebehov og nye skatteregler».

I mai varsla regjeringa at dei utset regelendringane for personalbillettar i transportnæringa fram til 1. januar 2020, etter henvendingar frå arbeidsgivarane som ville ha meir tid til å lage automatiserte system.

Kjelde: regjeringa.no

Ansvarlig redaktør:
Hege Breen Bakken
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy