JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Frustrerte fagarbeidere: – Er barne- og ungdomsarbeidarane på veg ut?

Titti Brun, fagbladet

Det spør ein av dei i eit Facebook-innlegg: - Vi har ein unik praktisk pedagogisk kompetanse som ikkje er på veg ut, seier May-Britt Sundal som sjølv er barne- og ungdomsarbeidar og som sit i leiinga i Fagforbundet.

2023083109533420230831095335

oystein.windstad@fagbladet.no

Innlegget på Facebook-gruppa til Fagforbundet sine barne- og ungdomsarbeidarar har fått over 50 kommentarar. Ein medlem som jobbar i skule starta tråden og skriv:

«Eg og fleire føler vi ikkje er anerkjende. Vi er ofte assistentar og vi som jobbar i skule blir skyfla rundt gjennom dagen. Vi er ikkje med på fellestid med lærarane og har ikkje plantid i verken skule eller sfo. Om bua (barne- og ungdomsarbeidar) ikkje lenger er «godt nok», at det fagbrevet ikkje har betydning anna enn at det må stå i utlysingstekst, kva er bra nok då?», skriv medlemmen.

I tillegg rettar medlemmen kritikk mot Fagforbundet og meiner det ikkje blir gjort nok for barne- og ungdomsarbeidarane. Medlemmet vurderer å gå over til eit konkurrerande forbund. Forfattaren av innlegget er anonym.

– Det skal ikke være en enkel vei å kunne kalle seg fagarbeider

Delte meiningar

Debatten går livleg i tråden, der nokon kjenner seg igjen i å føle seg oversett. Medan andre har motsette erfaringar. Eit medlem skriv:

«Eg opplever at BUA har ein veg å gå før dei når igjen helsefagarbeidarar når det gjeld framsnakking og yrkesstolthet. Om ikkje det hadde vore for Fagforbundet hadde ikkje BUA eksistert».

Eit anna medlem som jobbar på skule svarar dette:

«Eg opplever det motsette, hos oss er BUA likestilt på linje med andre pedagogar med tanke på møtetid. Vi har også nødvendig plantid. Ca 2 timar full stilling møtetid på 3,5 timar i tillegg».

3. november utpekt til barne- og ungdomsarbeideres æresdag

– Det krev eit heilt lag

May-Britt Sundal har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. I dag er ho leiar av yrkesseksjon kyrkje, kultur og oppvekst i Fagforbundet.

May-Britt Sundal har sjølv fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

May-Britt Sundal har sjølv fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

Per Flakstad

Ho seier det krev eit heilt lag av yrkesgrupper for å oppdra eit barn. Og at Fagforbundet vil bli meir synlege:

– Kommentarane på Facebook viser at vi ikkje er flinke nok til å formidle ut til våre medlemmer om alt vi gjer for fagarbeidarane og dei andre yrkesgruppene i skule. Dette viser at vi må bli flinkare i vise medlemman kva som skjer. Nasjonalt trenger vi tilbakemeldingar om dei utfordringane våre medlemmer opplever i sin yrkeskvardag.

Her kaster bua-lærling Kjersti (22) seg utfor: – Jeg har tenkt mange ganger at det her er skummelt

– Ikkje på veg ut

– Er barne- og ungdomsarbeider-yrket litt på veg ut?

– Absolutt ikkje. Fagforbundet har via Fagleg råd helse og oppvekst, arbeidet med dei nye læreplanene for barne- og ungdomsarbeidarfaget. Eit av måla var å styrke pedagogisk kompetanse i faget, seier Sundal og fortset:

– Eg opplever at det har vore stor progresjon i barnehagane, blant anna. Vi har ein veg når det kjem til sfo- og skule-sektoren. Men i rapporten Spørsmål til Skole-Noreg (NIFU rapport 2021:25 red anm) svarar rektorane at barne- og ungdomsarbeidarar er den profesjonen dei meiner er særleg nyttig kompetanse i skulen.

– Kva gjer Fagforbundet for denne yrkesgruppa?

– Vi gjer ganske mykje. Vi er deltakande i fagleg råd for helse- og oppvekst. Fagforbundet har tre faste medlemmer i rådet. Oppgåve til rådet er blant anna å sikre at fag- og yrkesutdanningane dekker arbeidslivets behov for kompetanse, kor barne- ungdomsarbeidarfaget er eit av faga, seier Sundal.

I denne barnehagen er det nesten like mange voksne som barn

– Viktig at tillitsvalde blir inkluderte

Sundal meiner det er viktig at tillitsvalte er med når det skal tilsetjast nye folk. Fordi det kan av og til vere mangel på kunnskap om kva ein barne- og ungdomsarbeidarar kan:

– Mange gløymer at dette er ein praktisk-pedagogisk kompetanse som er relevant for arbeid i skulen.

Legg vekt på lokal drøfting

Det kan eksempelvis skje at det blir tilsett ein miljøterapeut i skulen når ein barne- og ungdomsarbeidar sluttar, utan at ein har drøfta omgjering av stillingskravet med tillitsvalte:

– Av og til kan skulen trenge kompetansa til ein miljøterapeut, andre gongar kompetansa til ein fagarbeidar. Dette er drøftingar som må skje lokalt, og ikkje i nasjonale krav. Vi har ulike elevar med ulike behov, derfor har vi tillit til at dette arbeidet skal skje lokalt. Men då forventar vi at partane lokalt har kompetanse til ein fagarbeidar.

Henry (1) får gratis barnehage. Se hvor mye familien sparer

Tillitsvalde tek seg av lærlingar

Forskingsrapporten (FAFO 2017:01) «Gjør fagbrevet en forskjell» viser at arbeidsplassar som har lærlingar, har betre kunnskap om kompetansen til ein barne- og ungdomsarbeidar enn dei som ikkje har:

– Dette er endå ein grunn for å ta imot fleire lærlingar i sektoren, legg May-Britt Sundal til. Ho viser til at Fagforbundet har mange medlemmer som har tatt på seg ansvaret for opplæringa av lærlingane rundt om i landet. Samt at Fagforbundet har medlemmer som har teke på seg ansvaret for å rettleie studentar og nyutdanna.

Fra grasrota: En god SFO krever flere ansatte

Vegen til BUA

Den vanlegaste vegen til fagbrev er to år på vidaregåande skule og to år som lærling. Dei elevane som ikkje får læreplass, kan ta siste året på skulen (VG3). Dei med realkompetanse kan søke seg inn på «Fagbrev på jobb» i samarbeid med arbeidsgjevar.

Den mest brukte ordninga er praksiskandidatordninga, som passar for vaksne som har jobba i over fem år innan faget. Sundal rår alle som vil ha fagbrev om å ta kontakt med fylkeskommunen for å finne kva veg som er best. Ho minner om at om du er over 25 år og ikkje har vidaregåande, kan du har rett til gratis vidaregåande opplæring.

Vil at medlemmer får etterutdanning

Sundal fortel at Fagforbundet jobbar for at medlemmane skal få tilbod om kompetanse og meir kunnskap:

– Fagforbundet har jobba mykje med etter- og vidareutdanning for fagarbeidarar. Både når det gjeld høgare yrkesfagleg kompetanse og høgare akademisk kompetanse. I fylkeskretsen har vi tillitsvalte som deltar i fordeling av dei statlege lokale kompetansemidla. Dette arbeidet skjer i samarbeid med dei andre partane og i samhandling med statsforvaltar. Dette for å sikre at Fagforbundets medlemmer blir inkludert i kompetansemidla, seier Sundal.

Vil gi skolefritidsordningen eget kapittel i opplæringsloven: – Vi må tørre å si at SFO ikke har høy status

Jobbar for løn under utdanning

Ho viser også til at Fagforbundet har samarbeida med regjeringa om å auke talet på studieplassar for høgare yrkesfagleg utdanning. Deriblant oppvekstfag:

– No jobbar vi vidare med at arbeidsgjevar skal løne medlemmer som vidareutdannar seg. Vi veit at mange barne- og ungdomsarbeidarar ønsker å utvikle seg innan faget. Derfor har det vore viktig for oss å vere ein aktiv pådrivar for at det skal utviklast gode og relevante læreplanar for fagskuletilbodet, seier Sundal.

Fakta om barne- og ungdomsarbeid (BUA)

• Jobbar innan sfo, aks, skule, fritidsklubbar og barnehage

• Over 40.000 jobbar med BUA i følgje tal frå SSB

• Utdanninga er to år på skule og to år med lærlingtid

• Fagforbundet har arrangert yrkesskonkuranse for BUA sidan 2008.

• Søkarar til helse og oppvekstfag var 10168 i 2021, 9667i 2022 og 8970 I 2023.

https://www.udir.no/tall-og-forskning/statistikk/statistikk-fag-og-yrkesopplaring/analysebrett-endringer-yrkesfagene/

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy
May-Britt Sundal har sjølv fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

May-Britt Sundal har sjølv fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

Per Flakstad

Titti Brun, fagbladet