JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Brian Cliff Olguin

Finn ut om du har for låg løn

Har du riktig løn? Slik sjekkar du kva kollegaene dine tener

Du kan nytte same metode som gravejournalistane

Jobbar du i det offentlege, kan du enkelt sjekke kva dei rundt deg får på konto. Du kan anonymt få vite lønna til kollegaene og har krav på svar etter tre dagar.

oystein.windstad@fagbladet.no

Jobbar du for ein kommune, fylkeskommune eller staten? Då har du ei moglegheit ikkje mange er klar over og brukar: Du kan få vite det aller meste om kven som tener kva på jobben din.

Framgangsmåten har til no for det meste blitt brukt av gravejournalistar og enkelte tillitsvalde.

Men den enkle metoden er noko absolutt alle kan ta i bruk. Blant anna for å finne ut om andre med same utdanning og erfaring får meir i løn enn du.

Jobbar du i kommunen? Sjekk når du får meir lønn inn på konto

Be om innsyn

Journalist Vegard Venli er medlem av Pressens Offentlighetsutvalg og har brukt metoden mange gonger. Han har blant anna vunne Den store journalistprisen og SKUP-prisen og heldt fleire foredrag om offentleglova.

Gravejournalist Vegard Venli er medlem av Pressens Offentlighetsutvalg og har brukt metoden mange gonger.

Privat/selfie

– Om ein helsefagarbeidar eller Nav-tilsett ønsker å finne ut kva kollegaene tener for å finne ut om dei har rett løn, kva gjer dei då?

– Då kan du be om innsyn i kva kollegaer i samanliknbare stillingar tener. På di avdeling eller i ein annan kommune.

Reinhaldaren blei medlem: Gjekk opp over 100.000 i løn

Slik gjer du det

– Korleis gjer du det reint praktisk?

– Du skriv ein epost til postmottaket om at du gjerne ønsker å få vite kva den eller dei personane i den stillinga tener. Du treng ikkje gjere det meir komplisert enn det, seier Venli, som har bakgrunn frå Kommunal Rapport, Dagbladet, NRK og Aftenposten.

Sjå undersaka for eit eksempel på ein mail du kan klippe ut og sende.

{u1}

Kan søke anonymt

I dag kan alle søke i skattelistene og finne ut kva andre tener og har av verdiar. I dag er systemet slik at dei du søker på vil få beskjed om kven som har søkt. Slik er det ikkje om du vil vite kva offentleg tilsette tener.

– Det står i forarbeida til offentleglova at du kan be om innsyn anonymt, seier Venli.

Les meir om retten til anonymt innsyn i forarbeida til offentleglova her (Side 31 red.anm).

• Sjekk kor mykje meir du får i månaden etter lønsoppgjeret

– Samarbeid gjerne med tillitsvald

Gravejournalisten seier at om veldig mange sender innsynskrav frå anonyme epost-adresser, kan det skape støy. Han ber folk som vil finne ut om dei har rett løn vurdere å samarbeide med ein tillitsvald:

– Den tillitsvalde kan ta på seg den rolla og skrive at han eller ho lurer på om ein tilsett har rett løn, og ønsker difor å be om innsyn. Ein må ikkje gjere det slik, men når ein deler grunnen er det lettare å forstå innsynskravet. Ein unngår slik at folk blir unødvendig stressa. Det er likevel ingen grunn til stress. Det er ikkje ei privatsak kva offentleg tilsette tener i Norge. 

INNSYN: Stig Berntsen er hovudtillitsvald i Helseetaten i Oslo kommune og har fått innsyn fleire gonger i lønna til ei rekkje tilsette.

Øystein Windstad

• Karin gjekk opp over 40.000 då barnehagen blei offentleg

Har innsyn i løna til «alle»

Ein tillitsvald som har søkt innsyn aktivt, er Stig Berntsen:

– I Oslo kommune har eg fått innsyn i kva alle tener i Helseetaten, der eg er tillitsvald for 250 medlemmer, seier Berntsen som er hovudtillitsvald og klubbleiar i Fagforbundet Helseetaten i Oslo.

Det er ein del av jobben som tillitsvald, meiner Berntsen.

– Hovudavtalen vår seier at tillitsvalde har både rett og plikt til å drøfte forhold som rører ved tilsette sine løns- og arbeidsvilkår. Vi er nøydde til å vite kva folk tener om vi skal kunne gjere vårt verv som fagforeining, seier han.

Tillitsvalde Berntsen meiner innsyn er avgjerande for å finne ut om likelønsprinsippet blir følgt:

– Vi ønsker at folk i same jobb og med like lang erfaring skal ha lik løn. Der vi finn avvik frå dette, brukar vi informasjonen frå innsynet til å legge inn lønskrav. Det er openbert at om du skal meine noko om eiga løn, må du vite kva andre tener. Det skal vere likebehandling i det offentlege.

Klubbleiar Berntsen seier han ikkje trur mange er klar over moglegheita til å søke innsyn om løn, som tillitsvalt eller privatperson. Det kan også gjelde sjefen.

– Eg har prata med ein del tillitsvalde som har blitt avvist. Det har blitt hevda at den enkelte si løn er eit personleg forhold og underlagt teieplikta. Det stemmer openbert ikkje. Om folk har lik løn for likt arbeid er eit openbert demokratispørsmål.

Derfor er sjekking av løn mogleg

Gravejournalist Venli viser til «Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd»:

– Alle kommunar, eksempelvis, er underlagt offentleglova. Der er utgangspunktet at alt er offentleg, med mindre det følger ein heimel. Det finst ikkje heimel i lov i Norge for å halde hemmeleg kva offentleg tilsette tener. Alle kan krevje innsyn og offentleglova er heilt blind for kven som kan få innsyn.

Første gongen Venli sende inn innsynskrav om løn, sjekka han ein ordførar.

– Då fann eg at han fekk utbetalt 160.000 kroner meir enn han hadde krav på.

Analyse: Trur høgare løn vil gje dyrare lån

Har tre dagar på å svare

Etter at du har sendt e-posten med innsynskrav, skal det ifølge lova gå relativt raskt å få svar:

– Lova blir tolka slik at det offentlege er pliktig til å svare deg innan ein til tre dagar, seier Venli.

– Er det slik i praksis?

– Mi erfaring er ofte må du purre etter tre dagar. Lova seier at om du ikkje har fått svar etter fem arbeidsdagar skal dette reknast som eit avslag som du kan klage på.

Avslag kan klagast vidare til statsforvaltar (tidlegare fylkesmannen, red.anm.) på manglande behandling på innsynskrav.

Ved hjelp av offentleglova har du med andre ord krav på å få vite kva alle offentleg tilsette tener.

– Det er veldig mange som ringer meg og spør om kva paragraf dei skal vise til når dei søkjer innsyn i løn. Du treng ikkje å vise til noko som helst. Når du kontaktar det offentlege, kan du berre be om innsyn i det du ønsker. Det er opp til det offentlege å seie nei og vise til ein paragraf. Får du avslag på innsyn i løn, bør du klage. Eg blir overraska om ein kommune vil få medhald i eit avslag på innsyn i løn av statsforvaltaren.

• Lågt løna får over 20.000 kr meir

Kva med personvern?

Datatilsynet, som jobbar for å sikre personvernet, slår fast at du kan søke om innsyn i løna til offentleg tilsette. Men ikkje alt er offentleg. Informasjon om bankkontonummer, fagforeiningsmedlemskap og bidragstrekk er ikkje offentleg informasjon og kjem inn under teieplikta. Les meir her om Datatilsynet sitt syn på personvern og løna til offentleg tilsette.

Her er epost du kan sende

Det første du må gjere er å finne den rette epostadressa til postmottaket. Vidare kan du enkelt og greitt skrive dette om du er tillitsvald og vil hjelpe eit medlem:

Tittel: Innsynskrav løn

Eg er tillitsvald og ønsker å finne ut om eit medlem har rett løn. Difor søker eg om innsyn i løna til denne/desse personane....... (fyll inn namn)

Retten til innsyn følger av offentleglova.

Ser fram til positivt svar, beste helsing (ditt namn og tittel).

Her er ein epost du kan sende på vegner av deg sjølv som privatperson:

Tittel: Innsynskrav løn

Eg ønsker å finne ut om eg har rett løn. Difor søker eg om innsyn i løna til ..... (fyll ut namnet på den eller dei du vil vite kva tener).

Retten til innsyn følger av offentleglova.

Ser fram til positivet svar, beste helsing.....

Beste helsing..... (fyll inn ditt namn. Du kan vere anonym, om du ønsker).

Korleis finn du rett adresse?

E-postadressa finn du på nett.

Søker du på «postmottak» og namnet på kommunen, fylkeskommunen eller arbeidsplassen, finn du adressa lett.

Jobbar du eksempelvis i Vestvågøy kommune, vil adressa vere postmottak@vestvagoy.kommune.no. Jobbar du i staten, på til dømes sjukehuset i Stord, er det post@helse-fonna.no.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy

::-----------------------------------

t: Tittel i bildet [x][]

t!-----------------------------------

u: Skygge under tittel [x][]

u!-----------------------------------

w: Hvit tittel [x][]

w!-----------------------------------

z: Tittelstørrelse [7][12]

z!-----------------------------------

h: Tittel-plassering [] (0=øverst 9=nederst)

h!-----------------------------------

y: Bilde 2 som bilde på mobil []

y!-----------------------------------

a: Video som hovedbilde:

auto [x] kontr [x] loop [x] ikke fs [x] stille [x]

a!-------------------------------------------------

s: Artikkel er Scrollsnap[]

s!-----------------------------------