Helseministeren vurderer å fjerne en kategori i støtta til tannregulering

No vil helseminister Høie fjerne offentleg støtte til tannregulering

Helseminister Bent Høie (H).

Helseminister Bent Høie (H).

Erlend Angelo (arkivfoto)

Helseminister Bent Høie (H) meiner foreldre vil spare pengar på at staten kuttar 100 millionar i offentleg støtte til tannregulering. Merkeleg argument, meiner venstresida.

2018081009074120180810115004

tormod@lomedia.no

Helseministeren seier til Stavanger Aftenblad at han skal ta ei endeleg avgjering før statsbudsjettet blir lagt fram 8. oktober.

– Eit viktig omsyn er at dagens system faktisk legg press på foreldre, mange av dei med dårleg råd, til å betale for kostbar tannregulering for barnet sitt. Ifølge Helsedirektoratet er svært mykje av denne behandlinga ikkje nødvendig av medisinske grunnar, berre av kosmetiske, seier Høie til avisa.

Han viser dessutan til at Sverige og Danmark ikkje gir støtte til tannregulering.

Patrick må betale en halv årslønn for å få orden på tennene sine

Kutt for dei med «klart behov»

Det er snakk om å kutte støtta til den såkalla gruppe c. Dette er dei som har «klart behov» for tannregulering, til forskjell frå gruppe b og gruppe a som har «stort behov» og «svært stort behov».

– Med unntak av ei undergruppe, nemleg dei som har stor plassmangel til fortennene, har direktoratet råda oss til å fjerne refusjonen som gjeld i dag, seier Høie til Stavanger Aftenblad.

Personane i gruppe c får 40 prosent av utgiftene dekka og 60 prosent med søskenmoderasjon. Ifølge helseministeren var det omtrent 10.000 personar som fekk denne støtta i fjor, på omtrent 100 millionar kroner til saman.

Åtte av ti vil betale mer skatt for billigere tannhelse

Ap: Merkeleg argument

Arbeidarpartiets Tellef Inge Mørland seier overfor FriFagbevegelse.no at det er merkeleg å argumentere med at foreldre vil spare pengar på kutt i offentleg støtte.

– Dei som har god økonomi vil framleis ha moglegheit til å betale for tannregulering. Det vil forsterke dei sosiale forskjellane innanfor tannhelse. Tannregulering er allereie dyrt, påpeikar Mørland, som er medlem i helse- og omsorgskomiteen.

– Mange føler seg sosialt stigmatisert fordi dei ikkje klarer å ta vare på tannhelsa si. Vi snakkar om unge personar som er avhengig av foreldra sin økonomi, utdjupar han.

(Artikkelen held fram under bildet)

Tellef Inge Mørland, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og medlem i helse- og omsorgskomiteen.

Tellef Inge Mørland, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og medlem i helse- og omsorgskomiteen.

Arbeiderpartiet (pressefoto)

Ein skal ikkje kunne sjå på smilet til folk om dei er fattige eller ikkje, istemmer helsepolitisk talsperson Sheida Sangtarash i SV. Dette er klassisk høgrepolitikk for dei rikaste, meiner ho.

– Ordninga må ryddast opp i og forenklast, men vi løyser ikkje behovet for forenkling ved å fjerne den. Det er som å sage av arma fordi ein har vondt i handleddet, seier Sangtarash i ein e-post til FriFagbevegelse.no.

Vil ha tannhelse inn i egenandelsordningen: – Du kan se på tanngarden om noen er fattig eller ikke

Galopperande prisar

Tellef Inge Mørland meiner det må gjerast noko med prisnivået på tannregulering, men at å kutte i støtta til inntil 10.000 personar er feil medisin.

– Om ein får støtte til unødvendig tannbehandling, er det betre å gi støtta til dei som har behov. Ein kan godt sjå på ordninga, men å kutte for dei som har eit klart behov er feil tilnærming, seier Ap-politikaren.

– Ei av utfordringane har vore prisveksten innanfor tannregulering. Vi må heller sjå på tiltak som held prisane i sjakk. Høie bør sette seg ned med tannlegeforeininga for å finne ut kva mekanismar som må på plass sånn at prisane ikkje galopperer, seier Mørland.

SVs Sheida Sangtarash seier seg enig og peikar på to problem: at refusjonane blir etne opp av private tannlegar som tek høge gebyr og store forskjellar mellom kostnadar i ulike delar av landet.

– Om Høie vil løyse dette problemet kan han innføre statlege satsar. Det er ei rimelegare og meir naturleg løysing. Han må også ta inn over seg at tennene er ein del av kroppen og begynne å jobbe for å fullfinansiere tannhelse.

Kvikksølvofferet Gro Elise vant over alle

Ansvarlig redaktør:
Hege Breen Bakken
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy