Trur ikkje på Høgre og Frp: Fryktar framleis at sjukeløna kan ryke
FRYKTAR KUTT: Både Bjørnar Skjæran, leiar for Ap si stortingsgruppe og Fagforbundet-leiar Mette Nord trur partia på høgresida kan snu om dei får fleirtal og kjem i regjering til hausten.
Bildemontasje: Vidar Eriksen/Fagbladet.
Både Høgre og Frp seier dei ikkje vil kutte i sjukeløna. Det stolar verken Ap sin leiar på Stortinget eller sjefen i det største fagforbundet på.
oystein.windstad@fagbladet.no
Vil du framleis få full løn om du blir sjuk? Debatten har rasa i haust og vinter. Etter kvart kom Høgre og Erna Solberg og sa til VG at dei ikkje vil røre sjukeløna om dei får vilja si.
I starten av februar fortalde Frp at dei har ombestemt seg og vil ha full løn om du blir sjuk. Då er det berre Venstre igjen som seier dei vil kutte i sjukeløna.
• Forskar: Sår tvil om «verdas høgaste sjukefråvær»
Ap-Skjæran: Stolar ikkje på høgresida
Betyr det at sjukeløna er sikra om høgresida kjem til makta i haust? Ja, trur blant andre Dagens Næringsliv på leiarplass.
Nei, seier Ap. Parlamentarisk leiar Bjørnar Skjæran stolar ikkje på garantiane frå Erna, eller frå eit Frp som nyleg har snudd:
– Frp ryggar, det er bra. Men ingen ting får meg til å tru at det er rett å senke skuldrene. Arbeidarrørsla har stått i kamp for sjukeløna dei siste 25 åra. Den einaste garantisten for sjukeløna er eit sterkt Ap, seier Skjæran som ropte sjukelønvarsku før jul.
SKEPTISK: Bjærnar Skjæran var tidlegare nestleiar og havbruks- og fiskeriminister i Støre-regjeringa. No er han parlamentarisk leiar for Ap.
Håkon Mosvold Larsen / NTB
Frp ryggar, det er bra. Men ingen ting får meg til å tru at det er rett å senke skuldrene.
Bjørnar Skjæran, parlamentarisk leiar i Ap
• Sjekk kor mykje du kan tape: NHO vil ha svensk sjukeløn i Norge
Fryktar skattekutt blir viktigare enn sjukeløn
Heller ikkje Fagforbundet-leiar Mette Nord trur sjukeløna er garantert med ei borgarleg regjering:
– No har Frp snudd fram og tilbake. Det er ingenting som tyder på at dei ikkje kan gjere det i neste runde. Og dei skal jo finansiere alle skattekutta sine, seier Nord.
Fagforbundet har rundt 413.000 medlemmer og er det største Fagforbundet i landet.
KRITISK: Fagforbundet-leiar Mette Nord trur sterke krefter som alle ungdomspartia på høgre-sida samt NHO blant andre vil presse på for sjukelønskutt.
Kathrine Geard
No har Frp snudd fram og tilbake. Det er ingenting som tyder på at dei ikkje kan gjere det i neste runde.
Mette Nord, leiar i Fagforbundet
• Høgre: Ikkje planer om kutt, men garanterer ikkje for sjukeløna
Største Høgre-lokallag vil kutte
Skjæran trur kutt-kreftene ikkje kjem til å gje seg etter valet:
– Kraftfulle stemmer på høgresida, leia av NHO som stilte ultimatum om kutt i sjukeløna, og dessutan Oslo Høgre og tenkjetanken Civita kjem neppe til å gje seg når valet er over. I tillegg fortset Venstre sitt råkøyr, medan Erna Solberg snakkar «om rettferdig» kutt i sjukeløna.
• Norsk snittløn: Vil koste deg 122.000 kr å vere sjuk i eitt år
Trur Frp kan snu
Ap-politikaren ser for seg at Frp kan kome til å snu til hausten om dei kjem i regjering. Og då kan det meste skje med sjukeløna, trur Skjæran:
– Det er ingen grunn til å stole på Frp. Før valet i 2013 garanterte dei mot bompengar om dei kom i regjering. Etter dei fekk makta sette dei ny norsk rekord i bompengar, ein rekord som framleis står. Dei gjekk au til «krig» mot byråkratiet, men då dei kom i regjering esa det ut med fleire tusen nye stillingar. Dei lova au å halde seg unna ei oppmjuking av arbeidsmiljølova, men gjekk laus på den etter valet. Det er eit hav mellom kva dei seier før valet og kva dei gjer i regjering.
• NHO: Vil ha breidt politisk forlik om sjukeløna
– Vil slite med rekningane
Fagforbundet-leiar Nord seier at kva partia på høgresida skal stå for når det kjem til blant anna sjukeløn ikkje er vedteke enno:
– Dei skal behandle desse spørsmåla på landsmøta til våren.
Nord viser til ei undersøking blant Fagforbundet sine medlemmar frå i fjor. Det svaret over 30 prosent at dei vil slite om dei får ei uventa utgift på 10.000 kr:
– Det svarar til at ein er sjuk rundt fire gonger og vi får svensk sjukeløn i Norge der ein ikkje får pengar den første dagen. Dette har blant andre NHO teke til orde for, og Frp meint før. Eit slikt kutt vil kunne får store konsekvensar for folk sine moglegheiter til å betale rekningane sine, rett og slett, seier Fagforbundet-leiar Nord.