JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Charlotte (19) står i mål for Palestina: – Kvar gong vi går på banen, viser vi at vi er eit land

RØRT: – Det er varmande å sjå at så mange både møtte opp på kampen vår og at folk i Norge demonstrerer til støtte for Palestina, seier Charlotte Phillips (til høgre) saman med landslagsmålvakt-kollega Safa Othman.

RØRT: – Det er varmande å sjå at så mange både møtte opp på kampen vår og at folk i Norge demonstrerer til støtte for Palestina, seier Charlotte Phillips (til høgre) saman med landslagsmålvakt-kollega Safa Othman.

Privat

Det er ein siger i seg sjølv berre det at vi er her i Norge og at så mange bryr seg, seier keeper Charlotte Phillips på det palestinske fotballandslaget.

2025040812470620250408141756

oystein.windstad@fagbladet.no

Det palestinske kvinnelandslaget i fotball var inviterte til å spele venskapskamp mot Vålerenga søndag på Intility Arena i Oslo:

– Vi gjer det vi kan for å representere eit land mange seier ikkje eksisterer. Kvar gong vi går på banen, viser vi at vi er eit land når vi går med flagget på drakta. Vi viser at vi eksisterer, kan spele og er sterke. Det er vårt ansvar å vise at palestinske kvinner spesielt er sterke og suksessfulle. Trass i okkupasjonen og alt som har blitt gjort mot oss. Vi kan få det til og ha suksess, seier Charlotte Phillips.

Ho bur i Canada og har palestinsk mor og far frå Bahamas. Sjekk ut perleredningane til Phillips i videoane nederst i saka.

Fagforbundet: Vil forby handel med selskap som opererer på okkuperte område

KLAR FOR KAMP: Bidlet er frå ei trening laurdag, dagen får det palestinske kvinnelandslaget i fotball møtte den regjerande norske seriemesteren Vålerenga.

KLAR FOR KAMP: Bidlet er frå ei trening laurdag, dagen får det palestinske kvinnelandslaget i fotball møtte den regjerande norske seriemesteren Vålerenga.

Privat

Vil vere ei stemme i verda

Over 2000 møtte opp for å sjå Phillips og det palestinske fotballandslaget mot Vålerenga søndag.

– Berre det at vi er her og kan stille som eit landslag er ein siger for oss. Vi gjev ei stemme til dei som vanleg vis er stemmelause. Vi prøver å gje ei stemme til Palestina i det internasjonale samfunnet. Og vise kven palestinarane faktisk er, seier Phillips.

Det er ekstra viktig no, legg ho til.

– Dette er spesielt viktig med tanke på folkemordet i Gaza som skjer no. Vi må vise kven vi er til verda, slik at vi blir menneskeleggjort. Om vi kan vise til verda at vi er som alle andre, vil det vere med å menneskeleggjere oss. Det vil bli lettare for fleire å føle sympati og få innsikt i okkupasjonen av landet vårt.

Palestinske tillitsvalde: – Vi gjev oss aldri

HEILE LAGET: Det palestinske kvinnelandslaget i fotball på tur i Oslo.

HEILE LAGET: Det palestinske kvinnelandslaget i fotball på tur i Oslo.

Privat

– Norsk solidaritet

Phillips fortel at ho og lagvenninnene er svært nøgde med oppmøtet på venskapskampen og at fleire tusen kom for å sjå og støtte dei:

– At Norge inviterer oss hit, viser solidaritet. Landa våre har ein historisk link. Blant anna når det kjem til støtte til palestinsk frigjering. Vi veit at Norge ville ha fred og prøvde å hjelpe oss med Oslo-avtalen, seier Phillips.

Veit ikkje om barn frå Fagforbundet-støtta fotballag lever

I AKSJON: Charlotte Phillips spelar på universitetslaget York Lions i tillegg til det palestinske fotballandslaget.

I AKSJON: Charlotte Phillips spelar på universitetslaget York Lions i tillegg til det palestinske fotballandslaget.

Privat

Fotballkampen gjev mange håp

Trass i at Israel igjen har starta bombinga av Gaza, sendt tanks til Vestbredden og drive 40.000 palestinarar på flukt i vinter, har ho håp.

– At vi kan spele fotball her i Norge og representere Palestina, gjev håp til dei som kjenner på håpløyse. Kampen viser at land som Norge bryr seg om oss og vil hjelpe med å få fridomen vår. Det er viktig at vi er her og kan knytte band og bli sett som menneske.

– Kva tenkjer du folk i Norge kan gjere?

– Vi har fått med seg at det er mange som demonstrerer i Norge. Fortsett å gå i protestane, fortsett å ta til orde mot okkupasjonen, bruk stemma di for dei som ikkje har ei stemme. Jobb for at regjeringa i Norge skal boikotte og deinvestere i selskap som har med den israelske okkupasjonen å gjere. Det norske Oljefondet har investert 220 milliardar kroner i selskap knytte til israelske busettarar og okkupasjonen. Snakk med dei nasjonale, regionale og lokale styresmaktane dine for å få slutt på desse investeringane. Det betyr så mykje for oss å sjå at de demonstrerer her i Norge. Det er vi takksame for, seier Phillips.

Fagforbundet har sponsa Toppserien for kvinner sidan 2020. Vålerenga har vunne den serien dei to siste åra på rad.

Kampen på Intility Arena i Oslo enda 4-0 til Vålerenga.

Ambulansearbeider Line etter massakre i Gaza: –⁠ Trist og hjerterått

Sjekk den doble redninga til Phillips i videoen under

Phillips reddar igjen mot Vålerenga på Intility arena i Oslo foran rundt 2000 tilskodarar

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy