Frp og Høgre svarar på sjukelønskritikk frå Ap
Frp-Limi: – Vi vil ha kutt sjukefråværet, og ikkje i løna
BEVARE: Frp og Hans Andreas Limi seier dei vil bevare sjukeløna, etter at dei har snudd. Før ville partiet ha karensdag, det vil seie trekk i løna eller inga løn første dagen du er sjuk.
Leif Martin Kirknes
– Eg trur alle forstår det er noko gale når truleg verdas friskaste arbeidstakarar har verdas høgaste sjukefråvær, seier Frp-nestleiar Hans Andreas Limi. Høgre seier dei vil gå hardare til verks mot fråværet, men ikkje sjukeløna.
oystein.windstad@fagbladet.no
Nyleg gjekk Ap og Fagforbundet-leiar Mette Nord ut og sa at dei ikkje stolar på verken Høgre eller Frp når det kjem til sjukeløna. Hans Andreas Limi er 1. nestleiar i Frp:
– Det hadde vore meir konstruktivt om Arbeidarpartiet heller hadde brydd seg om korleis vi skal få ned sjukefråværet i staden for å skremme med kva andre parti skal gjere. Vi har eit enormt problem med altfor høgt sjukefråvær, seier Limi.
• Stolar ikkje på Høgre og Frp sine lovnader om vern av sjukeløna
Vil Frp garantere for sjukeløna?
Frp snudde nyleg og sa at dei ikkje vil ha trekk i løna den første sjukedagen likevel:
– Kan Frp garantere for at de ikkje vil kutte i sjukeløna om de kjem i regjering, svar ja eller nei og gjerne korfor?
– No er vi midt i ein programprosess. Det blir opp til landsmøtet kva det endelege svaret blir. Men for programkomiteen er det kutt i fråværet og ikkje i sjukeløna som er viktig. Det er viktig at dei som er sjuke, skal få sjukeløn og at dei som er friske, skal gå på jobb. Vi ønsker å gjennomgå heile sjukelønsordninga for å sjå korleis reglane kan betrast slik at vi får ned sjukefråværet. Eg trur alle forstår det er noko gale når det som truleg er verdas friskaste arbeidstakarar har verdas høgaste sjukefråvær, svarar Limi på epost.
• Forskar: Sår tvil om «verdas høgaste sjukefråvær»
Høgre meiner Ap ikkje snakkar sant
Høgre meiner Ap ikkje er sannferdige når dei seier ein ikkje kan stole på Høgre og sjukeløna:
– Det er synd at Arbeidarpartiet har bestemt seg for å bygge valkampen sin på usanne utsegn om Høgre sin politikk. Høgre er ikkje for å kutte i sjukepengane til arbeidstakarar, noko Ap og LO veit godt. Heldigvis blir ikkje ei løgn meir sann av å gjenta ho, svarar Anna Molberg. Ap og Mette Nord på si side har vist til at det største partilaget i Høgre, Oslo Høyre, ønsker å kutte i sjukeløna.
• Einige om ny IA-avtale etter lang konflikt
SLÅR TILBAKE: Anne Molberg i Høgre meiner Ap bommar når dei seier ein ikkje kan stole på Høgre og at dei vil bevare sjukeløna.
Kasper Holgersen
Meiner Ap har gjort lite
Høgre og Molberg meiner Ap i regjering har kome til kort i å få ned sjukefråværet:
– Forskjellen på Høgre og Arbeidarpartiet er at Høgre ønsker å gå hardare til verks for å få ned sjukefråværet. Dessverre har Støre-regjeringa med Tonje Brenna i spissen gjort fint lite for å ta tak i det aukande sjukefråværet, seier stortingspolitikaren.
• Frp snur: Vil ikkje kutte i sjukeløna likevel
Vil at sjefane skal gjere meir mot sjukefråvær
Ho skriv på epost at Høgre har trua på at arbeidsgjevarane kan gjere meir for å få tilbake dei langtidssjukemelde:
– Høgre vil blant anna at gradert sjukemelding skal vere absolutt hovudregel og at arbeidsgjevarar skal få større insentiv til å få ned langtidsfråværet. Mot at dei betalar mindre for korttidssjukefråveret.
• Sjekk kor mykje du kan tape: NHO opne for svensk sjukeløn i Norge
Frp har trua på graderte sjukemeldingar
Limi og Frp meiner regjeringa har gjort for lite med helsekøane. Og meiner det må bli brukt meir graderte sjukemeldingar:
– Vi veit blant anna at helsekøane har auka kraftig under denne regjeringa. Då må fleire vente på behandling i staden for å bli friske og kome ut i arbeid igjen. Meir bruk av å graderte sjukemeldingar, tettare oppfølging av korttidsfråvær for å avverje unødig bruk av sjukedagar og tettare oppfølging av langtidsfråvær for å avklare arbeidsemne kan vere gode tiltak, meiner Limi i Frp.