JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Hevdar ordføraren skyv prideflagg-nekt over på andre: – Ho må stå for det sjølv

– TOLERANSE: Siv Andreassen (til venstre) og Tone Sommerseth heisar flagga og viser kva tenkjer om regnbogeflagg-debatten i Lyngdal kommune.

– TOLERANSE: Siv Andreassen (til venstre) og Tone Sommerseth heisar flagga og viser kva tenkjer om regnbogeflagg-debatten i Lyngdal kommune.

Privat

Tillitsvalde i Fagforbundet meiner flaggnektet er flaut. Ordføraren seier at flagget er meir splittande enn inkluderande, men tok sjølv initiativ til å heise eit anna kontroversielt flagg.

2024092011080320240925095706

oystein.windstad@fagbladet.no

Kva kan offentleg tilsette ha på kontoret? Den debatten har gått sidan det kom reaksjonar på eit regnbogeflagg som var hengt opp i vindauget på rådhuset i Lyngdal.

Ein menneskerettekspert meiner flagg er innafor og heilt greitt. Ordføraren i kommunen, Unni Nilsen Husøy frå Frp, meiner at prideflagg «ikkje er noko folk treng å ta med på jobben».

Lyngdal-ordførar nektar å snu om flagg-nekt.

– Skjønar ikkje at dette skal vere ei sak

Tone Sommerseth er hovudtillitsvald i Fagforbundet Lyngdal. Ho meiner saka om tilsette sine kontor og prideflagg-nekt kunne vore handtert annleis:

– Slagordet til Lyngdal kommune er «vi vil og vågar». Arbeidsgjevarpolitikken vår seier jo at vi skal vere inkluderande og respektere mangfald. Kvifor skal vi ha ei sak på dette her? seier Sommerseth undrande.

Ho meiner ordførar Unni Nilsen Husøy (Frp) har vore pådrivar i debatten:

– Det var ordføraren som absolutt ville ha ei politisk behandling. Vi prøvde å formidle at ingen andre av landets kommunar har ei liknande sak.

– Eg opplever at ordføraren skyv litt av ansvaret for denne saka over på alle andre. Ho må stå for dette sjølv, og det var ingen av dei tilsette eller i administrasjonen som ville drøfte dette politisk. Vedtaket som er gjort viser til dei etiske retningslinjene i kommunen, og det står ingenting om at flagg er ulovleg.

KRITISKE: Siv Andreassen (til venstre) og Tone Sommerseth i Fagforbundet Lyngdal seier dei stussar over at det politiske fleirtalet har brukt kommunen sine etiske retningslinjer som argument for å nekte pride-flagg: – Det står ingen ting om at vi ikkje kan ha regnbogeflagg eller andre flagg der, seier Andreassen.

KRITISKE: Siv Andreassen (til venstre) og Tone Sommerseth i Fagforbundet Lyngdal seier dei stussar over at det politiske fleirtalet har brukt kommunen sine etiske retningslinjer som argument for å nekte pride-flagg: – Det står ingen ting om at vi ikkje kan ha regnbogeflagg eller andre flagg der, seier Andreassen.

Privat

Menneskerett-ekspert: – Kan ikkje nekte prideflagg på kontoret.

Fleire oppslag

Leiar av Fagforbundet Lyngdal, Siv Andreassen, peikar på at både lokal- og rikspresse har skrive om nei til prideflagg:

– Ordføraren får mykje mediedekning på saka, og det er vel kanskje veldig bra for ho, seier Andreassen.

Ho meiner dette om regnbogeflagg-debatten i Lyngdal:

– Det er flaut og heilt bak mål. Dei tilsette greier å handtere kva som skal vere på kontora saman med leiarane. Det handlar om sunt bondevett, seier leiar og hovudtillitsvald for Fagforbundet i Lyngdal.

Etter at tre personar sende inn spørsmål til kommunen om eit prideflagg i eit vindauge, blei det eit oppslag i lokalavisa. Saka om prideflagget i vindauget enda opp til politisk behandling.

– Vi skal jo vere inkluderande og respektere mangfald, seier Andreassen.

• Dette kan du seie som offentleg tilsett.

For Israel – mot regnboge

Dei to siste åra har det blitt arrangert Pride-markering i Lyngdal, fortel Sommerseth. Fagforbundet sat i Pride-komiteen, og ei som var fungerande hovudtillitsvald, var leiar for Pride i Lyngdal i 2024:

– Då blei det søkt om å kunne flagge på kommunen si flaggstong, men det blei avslag. Ordføraren uttalte då blant anna at regnbogeflagget var meir splittande enn inkluderande, seier ho.

Ordførar Unni Nilsen Husøy tok sjølv initiativ til at kommunen skulle heise Israels flagg etter Hamas sitt terrorangrep 7. oktober i fjor.

Blant andre NRK har omtala pride-flaggdebatten i Lyngdal.

Over halvparten som jobbar i kommunane veit ikkje om dei kan seie meininga si.

Ikkje regler for unntaka

Andreassen meiner kommunen bør ha plass til flagg:

– Om det står ein vimpel eller eit flagg på eit kontor, er det innafor. Er det nokon som oppfattar det som støytande, bør det takast opp der det er støytande.

– Å lage reglar for unntaka er ikkje noko Fagforbundet støttar. Vi kan ikkje ha reglar i kommunen som gjev unntak for nokre og ikkje gjeld alle, seier Andreassen.

Ho viser til at det ikkje er noko i dei etiske retningslinjene vedtekne av kommunen sitt arbeidsmiljøutval som forbyr regnbogeflagg:

«Ansattes kontor og opne landskap er offentlege stader og bør derfor heller ikkje innreiast som private sfærer eller utsmykkast på ein måte som kan skade Lyngdal kommunes omdømme».

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy