JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Ung-leiaren: – Generasjon Z er undervurdert og vil bygge landet

OPPFØLGING: Jeanette Lea Romslo er leiar av Fagforbundet Ung og trur regjeringa og Ap sitt forslag om jobb til alle unge kan fungere: – Om grunnbemanninga er nok og dei unge får skikkeleg oppfølging.

OPPFØLGING: Jeanette Lea Romslo er leiar av Fagforbundet Ung og trur regjeringa og Ap sitt forslag om jobb til alle unge kan fungere: – Om grunnbemanninga er nok og dei unge får skikkeleg oppfølging.

Øystein Windstad

Fagforbundets ungdomsleiar har trua på det nye tiltaket der alle under 30 skal få tilbod om jobb i helse og omsorg.

2025050715261720250507152616

oystein.windstad@fagbladet.no

Ap og helseminister Jan Christian Vestre lanserte eit nytt tiltak for alle mellom 16 og 30 år, som ikkje er i arbeid eller utdanning. Dei skal kunne prøve seg i barnehage, SFO og på sjukeheim, blant anna.

Helseministeren: – Alle under 30 får tilbod om jobb

SUKESS: Jeanette Lea Romslo viser til Menn i helse. Som det nye ungdomsprogrammet er inspirert av. Ho seier at Menn i helse har vore ein stor suksess i hennar heimfylke Rogaland: -Mange har fått augene opp for helse- og omsorgsyrka.

SUKESS: Jeanette Lea Romslo viser til Menn i helse. Som det nye ungdomsprogrammet er inspirert av. Ho seier at Menn i helse har vore ein stor suksess i hennar heimfylke Rogaland: -Mange har fått augene opp for helse- og omsorgsyrka.

Øystein Windstad

Trur fleire vil oppdage helse

Jeanette Lea Romslo er leiar av Fagforbundet Ung og har trua på at ungdomsprogrammet vil få fleire til å opne auga for omsorgsyrka:

– Det kan godt vere at ein ikkje har tenkt at det er noko som er aktuelt. Så får ein prøvd seg litt og innser at dette var noko ein syntest var kjekt å drive med, seier Romslo. Ho meiner tiltaket til regjeringa kan lykkast om dette skjer:

– At dei unge har god nok grunnbemanning rundt seg. Og at dei har nokon som følgjer dei opp. Då trur eg dette tiltaket kan vere med å gje mange unge eit gjevande liv.

Ungdomsprogrammet

• For ungdom mellom 16 og 30 år som står utanfor arbeidslivet eller utdanning.

• Skal gje fleire unge ein ny sjanse gjennom jobbing i barnehage, SFO, sjukeheimar og anna helsejobbar.

• Kjem frå Ap sitt partiprogram vedteke våren 2025.

• Der står det at Ap vil «etablere eit nytt arbeidsprogram for unge under 30 år som sikrar dei jobb i barnehage, SFO eller helse og velferd innan tre månader».

• Fagforbundet og Ap har også gått saman om fire andre punkt for å sikre fleire i helse.

• Satsing på heile faste stillingar, mindre bruk av vikarbyrå, meir oppgåvedeling og gje fleire sjansen til å ta fagbrev på jobb.

• SV vil forby innleige i helse

– Må ikkje ha mastergrad

Ein del av dei 100.000 unge som står utanfor, har slite med teoretisk utdanning. Romslo i Fagforbundet Ung seier ho er glad for at ungdomsprogrammet til regjeringa opnar døra for fleire som står utanfor. Og dei som lærer best på ein praktisk måte:

– Ein ting som er bra med programmet, er at du ikkje må ha mastergrad eller to bachelorgrader og dessutan eit fagbrev for å kunne prøve deg i arbeidslivet, seier Romslo.

Ho understrekar at samfunnet treng både dei praktisk orienterte og dei meir teoristerke. Og peikar på at det har blitt færre praktiske vegar til ein jobb historisk sett.

Vil ha meir betalt utdanning på jobb

– Undervurdert generasjon

Dei som er i alderen 13 til 30 år i dag ofte omtalt som Generasjon Z:

– Min generasjon vil absolutt bygge landet og er undervurdert, seier Romslo. Debatten har gått om at det har vore ein krasj mellom dei unge når dei møter arbeidslivet:

– Generasjon Z har blitt sett litt rart på. Vi er som alle andre. Når vi spør dei unge kva som er viktigast for dei når dei kjem til jobb, så er det dette: Ein trygg og stabil jobb der ein har det fint, seier Romslo og legg til:

– Vi er ikkje den gjengen som vil ta med PC-en og drikke café latte på ein kaffibar. Vi vil ha eit heilt vanleg arbeid og ei trygg og sikker inntekt.

LO-kongressen: Fagforbundet vil gje uføre rett til AFP

ENERGISK: Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre og regjeringa har fått ned helsekøene. No snakkar han energisk om å få redusert talet på unge utanfor arbeid og utdanning.

ENERGISK: Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre og regjeringa har fått ned helsekøene. No snakkar han energisk om å få redusert talet på unge utanfor arbeid og utdanning.

Alf Ragnar Olsen

Korfor 100.000 utanfor?

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre sa dette om forslaget som blei lansert måndag under LO-kongressen:

– Målet er at ingen ungdom skal kjenne på følelsen av å vere unyttig eller gløymt.

Leiaren av Fagforbundet Ung trur psykisk helse spelar inn som årsak til korfor 100.000 unge står utanfor arbeid og utdanning:

– Det er eit veldig godt og stort spørsmål. Men vi ser jo at psykisk helse er eit av dei store områda kor unge slit, og at det òg påverkar sjukefråværet at ein står utanfor, seier Romslo.

Dette meiner palestinarar i Fagforbundet om Israel-boikott

Håpar på mindre «vakt-shopping»

Ungdomsleiaren tenkjer at ungdomsprogrammet fører til mindre venting på vakter for dei som er laust tilknytt arbeidslivet:

– Eg trur at dette programmet kan gjere det meir attraktivt å starte innan helse og omsorg. Fordi her slepp ein å sitte med mobilen i handa og shoppe vakter, seier Romslo.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy