Nesten halvparten av søkarane vel yrkesfag
Fleire elevar søker helsefag
POPULÆRT: Helsefag er populært blant dei som søker vidaregåande skuleplass.
Coulourbox
Helse- og oppvekstfag held fram med å auke.
tips@fagbladet.no
Artikkelen er henta frå framtida.no
73 707 elevar søker plass i Vg1 frå hausten 2017. Det er ein liten nedgang frå tidlegare år, viser søkertala. Av desse søker 52 prosent eit av dei studieførebuande utdanningsprogramma, mens 48 prosent vel yrkesfag.
• Nå kan helsefagarbeidere bli sykepleiere
Helsefag er populært
– Trass i at det er færre søkarar i årets elevkull, ser vi at stadig fleire søker helsefag. Det kan verke som om elevane har teke innover seg at det er eit stort behov for helsefagarbeidarar dei neste åra, seier Hege Nilssen, direktøren i Utdanningsdirektoratet i ei pressemelding.
• Enorm interesse for alternativ vei til bachelor-grad
Helse- og oppvekstfag aukar mest
Det er 361 fleire elevar som har søkt seg til helse- og oppvekstfag på Vg1. Dette tilsvarer ein auke på fire prosent.
Helse- og oppvekstfag er det yrkesfaglege utdanningsprogrammet med størst auke i søkartal på Vg1, Vg2 og læreplass. 758 fleire elevar har søkt enn i 2016, og det tilsvarer ein auke på tre prosent.
Den største nedgangen av søkarar har Teknikk og industriell produksjon med 924 færre elevar – noko som tilsvarer ein nedgang på seks prosent. Dette er ein nedgang vi har sett dei siste åra.
• Martia (17) vil bli verdsmeister i helsefag
(Artikkelen held fram under biletet)
MANGEL: – Noreg kjem til å stå framfor ein mangel på mange fagarbeidarar i tida som kjem, og særleg innan helsesektoren.
Leif Martin Kirknes
• Dei har sjukeheimen som klasserom
Fleire søkarar til læreplass
I 2017 er det 19 966 elevar som søker om læreplass. Dette er ein auke på 326 elevar samanlikna med fjoråret. Nesten halvparten av denne auken kjem av at elevar søker om læreplass innanfor helse- og oppvekstfag.
– Noreg kjem til å stå framfor ein mangel på mange fagarbeidarar i tida som kjem, og særleg innan helsesektoren. Difor er vi glade for at mange elevar søker yrkesfag, og særleg at fleire vil ta helsefag. No må vi saman med partane i arbeidslivet og fylka skaffe nok læreplassar, så fleire fullfører fagbrevet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
• – Det er de med fagbrev i bunnen som er A-laget
Variasjon
I det totale søkartalet står søkarar til læreplass for 13 prosent. Denne delen varierer mellom fylka. Oslo har 5,4 prosent søkarar til lærefag, mens Sogn og Fjordane og Nordland har over 12 prosent.