JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Landsmøtevedtaket: Vil Høgre kutte eller frede sjukeløna?

KUTT? Høgre vil skape seg eit handlingsrom for å kunne kutte i sjukeløna. Det trur blant andre Ap-politikar Per Vidar Kjølmoen etter at Høgre hadde landsmøte i helga.

KUTT? Høgre vil skape seg eit handlingsrom for å kunne kutte i sjukeløna. Det trur blant andre Ap-politikar Per Vidar Kjølmoen etter at Høgre hadde landsmøte i helga.

Håvard Sæbø

Høgre seier dei vil frede sjukeløna dei neste fire åra etter landsmøtet i helga. Det trur ikkje Ap-politikar Per Vidar Kjølmoen eit sekund på: – Dette språket betyr kutt, meiner han.

2025032414494220250324144941

oystein.windstad@fagbladet.no

I helga la Høgre kursen for deira politikk dei neste fire åra. På landsmøtet blei det debatt om sjukeløna, etter at fem fylkeslag ville ha kutt. Landsmøtet landa på dette vedtaket:

«Sette ned en sykefraværskommisjon, som skal finne årsaker til det høye sykefraværet og hva som står i veien for å få folk raskere tilbake i jobb. Som en del av dette skal man evaluere sykelønnsordningen og vurdere endringer i denne».

Sjekk kor mange kroner du vil tape på kutt i sjukeløna

Kva vil Høgre?

På epost svarar Høgre-nestleiar Henrik Asheim at vedtaket og teksten betyr at dei vil frede sjukeløna:

– Høgre sitt landsmøte vedtok å frede sjukepengane til arbeidstakarar i neste stortingsperiode. Og at eventuelle endringar i ordninga skal gjerast i samråd med partane. Men vi treng også ein sjukefråverskommisjon som finn ut kva vi kan gjere for å få ned sjukefråværet, skriv nestleiaren. Partiet vil at gradert sjukemelding skal bli hovudregelen og at arbeidsgjevarar skal koplast på fastlegane mykje raskare enn i dag:

– Slik at fleire kan få hjelp til å jobbe så mykje som råd i sjukmeldingsperioden, forklarar Asheim.

Har du det yrket som vil bli ekstra hardt ramma av sjukelønskutt? Sjekk her

-Freda: Henrik Asheim er første nestleiar i Høgre og seier at vedtaket i helga betyr at partiet har freda sjukeløna dei neste fire åra.

-Freda: Henrik Asheim er første nestleiar i Høgre og seier at vedtaket i helga betyr at partiet har freda sjukeløna dei neste fire åra.

Jan-Erik Østlie

– Trur Høgre vil ligge lågt til etter valet

Per Vidar Kjølmoen er arbeidspolitisk talsperson for Ap. Stortingsrepresentanten les vedtaket heilt annleis enn Asheim:

– Når politikarar begynner å skrive sånne ting, som at dei vurderer endringar, så er det for å skaffe seg sjølv eit handlingsrom, seier han og viser til at store delar av Høgre har teke til orde for sjukelønskutt:

– Vi såg jo alle oppspelet til landsmøtet til Høgre. Det var sju fylkeslag som enten ville ha i kutt sjukeløna eller som ville opne for kutt. Det er dei kreftene som no har vunne fram på landsmøtet, seier han og legg til:

– Høgre seier minst mogleg om sjukelønn før valet, men har allereie skaffa seg handlingsrom til å kutte etterpå.

Forskar: Sår tvil om «verdas høgaste sjukefråvær»

Høgre: – Løgn og desperat Ap

Asheim og Høgre er svært kritisk til Kjølmoen i Ap:

– Ei løgn blir ikkje meir sann om ho blir gjenteke fleire gongar. Eg skjønar Ap er desperate, men dette er lågmål for sjølv Kjølmoen å vere, skriv Asheim og fortset:

– Om Ap vil bygge valkampen sin på usanningar om Høgre sin politikk, får det stå for deira rekning. Høgre er mest opptekne av å finne politiske svar på korleis vi kan få ned det høgaste sjukefråværet på 16 år. Og få fleire tilbake i jobb raskare. Det vil vere bra for både samfunnet og den enkelte.

Norsk snittløn: Vil koste deg 122.000 kr å vere sjuk i eitt år

GARANTERER: Per Vidar Kjølmoen er arbeidspolitisk talsperson for Ap og seier at han kan garantere at det ikkje blir kutt i sjukeløna om dei får fortsette i regjering. Han kallar kutt i sjukeløna usosialt og seier det vil ramme dei som har minst, mest.

GARANTERER: Per Vidar Kjølmoen er arbeidspolitisk talsperson for Ap og seier at han kan garantere at det ikkje blir kutt i sjukeløna om dei får fortsette i regjering. Han kallar kutt i sjukeløna usosialt og seier det vil ramme dei som har minst, mest.

Martin Guttormsen Slørdal

Ap: – Alle skjønar Høgre snakkar om kutt

Kjølmoen på si side seier han trur Høgre vil fokusere på skattekutt til dei rike som vil ramme vanlege arbeidsfolk:

– Når Høgre skal gjere endringar i sjukelønna, så skjønner jo alle at dei gjer det for å kutte, seier Kjølmoen, som er stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal og sentralstyremedlem i Arbeidarpartiet. Han får støtte frå Mette Nord som er leiar for Fagforbundet som har 412.000 medlemmar.

Desse yrka har verna sjukeløna i tariffavtalane

Trur ny regjering=sjukelønskutt

Leiaren for det største fagforbundet i landet er ikkje i tvil om kva ho trur vedtaket og teksten «Vurdere endringer i denne» betyr. Nord tenkjer at om Høgre får fleirtalsregjering saman med Frp og Venstre, vil det skje noko med sjukeløna:

– Det ligg an til at sjukelønnsordninga blir svekt. Når parti snakkar om at folk skal ta større ansvar for korttidsfråvær, betyr det i praksis kutt, seier Nord. Venstre vil redusere sjukeløna til 80 prosent etter seks månader. Frp har tidlegare sagt dei vil at arbeidstakarar får trekk den første dagen dei er sjuke, såkalla karensdag. Partiet snudde i vinter og seier dei likevel går for full løn under sjukdom. Det endelege svaret vil kome på Frp sitt landsmøte som startar 2. mai.

KRITISK: Mette Nord er leiar av Fagforbundet og trur Høgre med sitt landsmøtevedtak klargjer kutt i sjukeløna: -Kva betyr det når Høgre vil "gjere endringar" i sjukeløna? Dei vil ialle fall ikkje auke den, seier Nord.

KRITISK: Mette Nord er leiar av Fagforbundet og trur Høgre med sitt landsmøtevedtak klargjer kutt i sjukeløna: -Kva betyr det når Høgre vil "gjere endringar" i sjukeløna? Dei vil ialle fall ikkje auke den, seier Nord.

Berit Baumberger

Venstre: Kallar sjukeløna verdas mest sjenerøse ordning og vil kutte

– Dramatiske konsekvensar

Nord fortel at Fagforbundet gjorde ei undersøking blant medlemmane sine i haust om kor god råd dei har. Undersøkinga viste at rundt ein av tre Fagforbundet-medlemmer ikkje vil takle ei plutseleg utgift på 10.000 kroner. Ho seier kutt i sjukeløna vil vere katastrofe for tusenvis:

– Sjå for deg at du blir smitta på jobb og må vere heime fordi du blir sjuk. Du har to korttidsfråvær. Med kutt i sjukeløna vil desse korttidsfråvera koste meir enn den uventa utgifta på 10.000 kr. Som mange av våre medlemmer ikkje har råd til, grunna deira økonomiske situasjon. Kutt i sjukeløna vil få dramatiske konsekvensar, seier Nord. Høgre har til no ikkje svart på Fagbladet sitt oppfølgingsspørsmål om dei kan garantere for at det ikkje blir kutt i sjukeløna på noko måte om dei kjem i regjering.

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Michael Brøndbo

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utviklingsredaktør:
Vidar Eriksen
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Telefon:
23 06 40 00
Adresse:
Møllergata 10, 0179 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy