Sparka Vy-sjåfør får jobben tilbake:

12 bussjåførar har fått sparken i Vy etter mobilbruk. Men ein fersk dom slår fast at selskapet har brote arbeidsmiljølova

Birgitte Haneide / Ruter

Bussjåfør (52) fekk sparken då han brukte mobilen bak rattet. For drastisk, slår retten fast.

2020010611412920200107123220

tormod@lomedia.no

Med hjelp frå LO tok bussjåføren ut søksmål mot arbeidsgivaren, med krav om å få jobben tilbake. 19. desember avsa Oslo tingrett dommen som gav han medhald i at avskjeden var i strid med stillingsvernsreglane i arbeidsmiljølova.

Dermed får 52-åringen stillinga si tilbake. Arbeidsgivaren Vy Buss AS må betale han erstatning for tapt inntekt og oppreising på til saman 300.000 kroner, i tillegg til sakskostnader på 150.000 kroner.

Ankefristen er i slutten av januar, og Vy Buss opplyser overfor Magasinet for fagorganiserte at dei ikkje har bestemt seg om dei vil anke dommen.

Kronikk: – Politikerne ofrer sjåførenes sikkerhet på «mammons alter»

p

Fekk sparken

Ein annan tilsett i Vy Buss varsla om hendinga i juni, då han kvelden i forvegen observerte at bussjåføren prata i handhalden mobiltelefon bak rattet.

Dagen etter vart bussjåføren tatt av vakt og kalla inn på eit møte med avdelingsleiaren, der han innrømte brot på mobilforbodet. Det same gjorde han i drøftingsmøtet dagen etterpå, men meinte det var formildande høve at samtala var kort, ingen passasjerar var i bussen og at den var på veg inn på Vy Buss sitt parkeringsanlegg.

Dagen etter fekk han likevel sparken. Dermed varsla han søksmål mot arbeidsgivaren, med krav om at avskjeden vart kjent ugyldig, erstatning og jobben tilbake.

Se hva som skjedde da bussen ble gratis i tre måneder

For hardt til verks

Mannen har køyrt buss for selskapet i 13 år, i dag på oppdrag for Ruter i Oslo.

Retten peikar på at bussjåføren har brote både vegtrafikklova og arbeidsreglementet. Likevel meiner den hendinga ikkje utgjer eit grovt pliktbrot, som etter arbeidsmiljølova må ligge til grunn, og at avskjed dermed er ein uforholdsmessig reaksjon.

Sjåføren har ikkje tidlegare fått åtvaringar om brot på tryggleiksreglar.

12 har fått sparken

23 saker om brot på mobilforbodet har blitt behandla i Vy Buss sidan november 2018, ifølge selskapet si forklaring. 12 saker førte til avskjed.

Vy Buss, tidlegare Nettbuss, har skjerpa inn reglane for mobilbruk i fleire omgangar, kom det fram i retten.

Bakgrunnen er hendingar der publikum har observert sjåførar som bruker mobiltelefon, noko som kan føre til dårleg omdømme og bøter frå oppdragsgivarar.

Stillingsvernsreglar

– Vi er veldig glad for at resultatet vart som det vart og at vi vann fram på alle punkt. Vi meiner dommen er riktig, seier LO-advokat Katrine Rygh Monsen, som førte saka for sjåføren og Fellesforbundet, til Magasinet.

Busstillitsvalgte vil ha slutt på konkurranseutsetting: –Vi bør drive med færrest mulig direktører

p

– Når det er sagt, er det ikkje slik at vi ikkje meiner det er alvorleg når bussjåførar snakkar i mobiltelefon bak rattet. Men dette var eit enkeltståande tilfelle med ein innkommande telefonsamtale, der køyreforholda var oversiktlege og alle passasjerar var sette av bussen på slutten av arbeidsdagen, seier Monsen.

– Ei bedrift kan ikkje lage retningslinjer som fastset strengare sanksjonar enn stillingsvernsreglane i arbeidsmiljølova, poengterer LO-advokaten.

Velkommen tilbake

– Sjåføren er glad, og vi har ønska han velkommen tilbake. Han vart informert om dommen av avdelingsleiar og har vore i arbeid sidan 20. desember. I løpet av neste veke er han inne i sin vanlege turnus igjen, slik dommen føreset, seier kommunikasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby i Vy til Magasinet.

– Dommen er klar på at vi har ei for streng tolking av lova når det gjeld avskjed ved førstegongsbrot på reglar om bruk av handhalden mobiltelefon. Men dommen peikar også på at det er svært dårleg åtferd å køyre buss med handhalden mobiltelefon.

– Vi kjem til å behandle dette i leiinga i Vy Buss og sjå på framtidig handtering av regelverket, held han fram.

Press frå oppdragsgivar

I Oslo har oppdragsgivar Ruter lagt ned totalforbod mot bruk av mobiltelefon for sjåførane, kom det fram i retten, også når dei bruker den handfritt på lovleg måte. Ruter gir Vy Buss eit gebyr på 5000 kroner dersom sjåførar bruker mobiltelefon.

LO-advokat Monsen meiner avskjeden er ein uheldig konsekvens av anbodsprosessar, der krav frå oppdragsgivarar gjer at oppdragstakarar innfører strenge straffar for tilsette. Dette vil ikkje Lundeby i Vy kommentere.

– Dette er noko vi tar i dialog med Ruter og andre oppdragsgivarar, seier han.

Dårleg kommunikasjon

Samtidig som mobilbruk er forbode gjennom arbeidsinstruksen, oppfordrar Vy Buss sjåførane til å ha med seg mobiltelefon, fordi systemet på bussane ikkje dekker behovet for kommunikasjon mellom trafikkleiinga og sjåførane. Mobilen skal berre brukast når bussen står stille.

– Sjåførar skal ikkje halde på med mobiltelefon mens dei køyrer buss, men då må også bedrifta legge til rette for at ein kan kommunisere på anna vis, slik at sjåførane overheld dei øvrige pliktene sine i arbeidslivet, seier Monsen.

Ho viser til at sjåførane er forplikta til å melde frå om for eksempel forseinkingar, feil på bussane, trafikale problem og ulukker. I tillegg ringer trafikkleiarane til sjåførane også når GPS-en i bussane viser at den er i bevegelse, poengterer LO-advokaten.

p

Privat samtale

– Eg meiner selskapet bør sjå på rutinane sine og korleis kommunikasjonsutfordringane kan løysast i praksis for å få kvardagen til ein bussjåfør til å fungere. Dersom dei skal ha eit mobilforbod, bør strengt tatt ikkje bussjåførane ta med seg mobiltelefonen i bussen i det heile. Dei bør få ordentlege radiosystem som fungerer, og så må trafikkleiinga forholde seg til at det er det systemet som blir brukt, seier ho.

– Denne konkrete saka gjeld ein privat samtale som ikkje skjedde på grunn av manglar ved kommunikasjonssystemet, svarer Lundeby i Vy.

Arbeidsmiljølova sin paragraf 15-14 om avskjed

«(1) Arbeidsgiver kan avskjedige en arbeidstaker med påbud om øyeblikkelig fratreden dersom denne har gjort seg skyldig i grovt pliktbrudd eller annet vesentlig mislighold av arbeidsavtalen.

(2) Ved avskjed gjelder bestemmelsene i §§ 15-1 og 15-4 tilsvarende.

(3) Dersom avskjeden er urettmessig, skal retten kjenne den ugyldig etter påstand fra arbeidstaker. I særlige tilfeller kan retten likevel, etter påstand fra arbeidsgiver, bestemme at arbeidsforholdet skal opphøre dersom den etter avveining av partenes interesser finner at det vil være åpenbart urimelig at arbeidsforholdet fortsetter. Retten kan også bestemme at arbeidsforholdet skal opphøre når den finner at vilkårene for saklig oppsigelse er til stede.

(4) Arbeidstaker kan kreve erstatning dersom avskjeden er urettmessig. Erstatningen fastsettes i samsvar med § 15-12 andre ledd.»

Ansvarlig redaktør:
Eva Ler Nilsen
Redaksjonssjef:
Simen Aker Grimsrud (konst.)

Nettredaktør:
Knut A. Nygaard
Utgiver:
Fagforbundet
Kontakt redaksjonen:
tips@ignore-fagbladet.no
Telefon:
23 06 40 00
Annonser:
Salgsfabrikken
Sosiale medier:
FacebookTwitter
RSS:
RSS-feed
Besøksadresse:
Keysers gate 15 (4. etasje), Oslo
Postadresse:
Postboks 7003, St. Olavs plass, 0130 Oslo
Fagbladet er medlem av Fagpressen og redigeres etter: RedaktørplakatenVær Varsom-plakatenEtiske husregler Les også: Fagbladets personvernpolicy