Stortinget
Raudt vil kjøpe tilbake 300 barnehagar. Det kan koste mange milliardar
Ihne Pedersen
Partiet Raudt vil at staten skal bla opp for å kjøpe hundrevis av barnehagar: – Vi vil ha slutt på sugerøyr i lommeboka til foreldra og skattebetalarane, seier stortingspolitikar Tobias Drevland Lund.
oystein.windstad@fagbladet.no
Eit svensk selskap overtok hundrevis barnehagebygg rundt om i heile landet. Eigedomsselskapet SBB kjøpte bygga til Læringsverkstedet og FUS i 2020 og 2021. Etter at renta gjekk opp og krona ned, har selskapet vakla. Og selt barnehagane vidare til eit Kanadisk oppkjøpsfond. Raudt vil ha barnehagane tilbake:
– Det er heilt feil at eit utanlandsk hedgefond(*1) skal eige barnehagebygg i Norge. Det meiner vi er hol i hovudet, seier Tobias Drevland Lund.
• Firedobla husleiga til barnehage etter sal
BARNEHAGE BUSINESS: Fleire store barnehage-kjeder har utmerka seg med høgare husleige enn andre. NHH-professor Ola Grytten har i eit tidlegare intervju sagt at husleige har blitt brukt som viktig måte å sikre profitt og uttak frå barnehagar for enkelte store kjeder.
Hanna Skotheim
{f1}
– Rev i hønsehuset
Stortingspolitikaren meiner det fellesskapet som skal eige:
– Barnehagar bør vere eigd av det offentlege eller ideelle. Aktørar som ikkje har til formål å bruke barnehageeigedom for å ta ut profitt og forteneste. Dette er eit resultat av noko vi har åtvara mot lenge og eit resultat av når ein slepp revane fri i hønsehuset, vil dei forsyne seg, seier Tobias Drevland Lund i Raudt.
Torsdag skal Stortinget seie ja eller nei til om dei ønsker å kjøpe tilbake norske barnehagar.
KRITISK: Tobias Drevland Lund sit på Telemarksbenken for Rødt på tinget. Han meiner at store selskap har gribba til seg pengar frå norske barnehagar.
Ihne Pedersen
• Fekk offentleg subsidiar: Selde til utlandet for milliardar
Har tent milliardar ved hjelp av barnehagebygg
Fagbladet har avdekt korleis ein barnehage fekk firedobla husleiga si, etter at den blei selt til utlandet.
Fagbladet har også avdekt korleis eigarar av ei barnehagekjede betalte dobbelt husleige. Den doble husleiga betalte dei til seg sjølve. Og selde seinare barnehagane til utlandet for nesten 3 milliardar kroner til eit utanlandsk oppkjøpsfond. Kjedene FUS, Læringsverkstedet og Norlandia har selt bygga sine til utanlandske eigarar for til saman over 11 milliardar kroner.
UTLANDET: Vestskrenten barnehage på Holmlia i Oslo er ein av 138 Læringsverkstedet-barnehager som no er eigd av det kanadiske fondet Brookfield.
Leif Martin Kirknes
• Sjekk om ditt barn går i utanlandsk-eig barnehage her
Selde og flytta til Sveits
Ein rapport gjort av BDO-analyse på vegner av Kunnskapsdepartementet viser at tre av fire barnehagekjeder bruker pengar som skal gå til drift, på husleige. Pengane var ikkje meint å gå til husleige, men tilsette i barnehagene, blant anna. Eigarane av Læringsverkstedet som selde 138 barnehagar til SBB for over 4 milliardar kroner, har no flytta til Sveits for å betale mindre skatt.
• Fekk barnehagetomter gratis eller billig frå kommunen, selde for milliardar til utlandet
– Eigedom har blitt sugerøyr
Drevland Lund i Raudt seier det er eigedom som har blitt den store måten for private å tene seg rike på barnehage:
– Og det synest vi i Raudt er tøys. Det er skattebetalarane sine pengar som har subsidiert tomtene, renter og lån til å bygge barnehagane, seier han og legg til:
– Høge husleiger på barnehage og sal av bygga til utlandet har vore og er sugerøyr i lommeboka til foreldre, skattebetalarane og barna. Det er dette vi vil hindre med å kjøpe tilbake bygga.
• Barnehage like lønsamt som olje
Trur samfunnet vil spare
Forslaget til Raudt om å kjøpe tilbake barnehagane er venta å få støtte av SV. Det vil sikre 21 stemmer, men er langt ifrå å få fleirtal. Drevland Lund viser til at i Sverige har Socialdemokraterna som er søsterpartiet til Ap foreslått å kjøpe tilbake barnehagane.
– Har de noko anslag på kva det vil koste staten å kjøpe tilbake barnehagebygga som har blitt seld til utlandet?
– Vi har ikkje eit fullt anslag på det. På sikt er dette noko samfunnet vil spare på. I staden for at barnehagebygga skal bli ein viktig profittledd, kan ein hoppe over dette leddet og sikre at alle pengane som vi betalar i skatt, går tilbake til drifta. At pengane går til gode tenester til barna, gode løns- og arbeidsvilkår for dei som jobbar der. Og ikkje til utbytte i utanlandske hedgefond.
• Slik blei 37 norske barnehagar verdt over ein halv milliard
Vil at bygga endar hos kommunane
Stortingsrepresentant Drevland Lund seier at dei ser for seg at staten kjøper barnehagane tilbake. Men, at på sikt er det kommunane som overtek bygga:
– Det viktigaste er at vi tek kontroll og at barnehagane kjem tilbake i offentleg regi. Og at det ikkje er eit eller anna hedgefond eller investeringsfond som vi ikkje anar kven er som eig barnehagane våre, seier Tobias Drevland Lund som er tidlegare leiar av Raud Ungdom.
• Sjekk kva barnehagen din brukar pengar på her
Har fått ut 16 milliardar frå barnehagane
Telemarksforskning har estimert at private eigarar har fått ut 16,8 milliardar kroner frå norske barnehagar i perioden 2014 til 2021. Sal av barnehagar er den største delen av verdiuttaket, på rundt 11,5 milliardar kroner.
– Det vil vere dei som meiner at det blir både feil og for dyrt for staten å kjøpe barnehagane tilbake. Kva seier du til det?
– Eg meiner at på sikt er dette ei investering i velferdsstaten vår. For å sikre at nettopp alle skattepengane vi betalar skal gå til eit godt barnehagetilbod. Og ikkje eit utanlandsk hedgefond, seier Drevland Lund som sit i kommunal- og forvaltningskomiteen på tinget.
*1 Hedgefond eller risikofond[1][2] er et samlebegrep for en profesjonelt forvaltet fondsinvestering som har relativt frie rammer for investeringsaktiviteten sammenlignet med ordinære verdipapirfond. Den vesentligste forskjellen ligger i forvalterens frihet til å benytte seg av ulike finansielle instrumenter, herunder derivater, og muligheten til å selge seg short og belåne porteføljen.
Dette er kjedene som har seld barnehagebygg til utanlandske eigarar
Læringsverkstedet
• Eid og etablert av ekteparet Hans Jacob og Randi Sundby i 2003.
• Omfatter over 240 barnehagar. Mange av dei har kommet til gjennom oppkjøp av små kjeder og enkeltstående barnehagar.
• Omsetter for rundt tre milliarder i året.
• Har drevet med mellom åtte og tolv prosent driftsmargin 2014–2018.
• Hadde resultat på over 100 millioner kroner i 2017.
• Selde 138 barnehageeiendommer til SBB sommeren 2020, for 4,25 milliarder kroner.
• Årlig husleie til SBB vil være 251,4 millioner kroner.
• Konsernet hadde da fem milliarder kroner i gjeld, blant annet i form av et obligasjonslån på 1,5 milliarder kroner.
Fus/Trygge barnehager
• Ekteparet Eli Sævareid og Sigurd Aase eier barnehagekjeden Fus gjennom selskapet Trygge barnehager AS, som også har bygget barnehagar for andre aktører. Fus ble etablert i 2001.
• Fus-kjeden omfatter rundt 180 barnehagar. Mange av dei har kommet til gjennom oppkjøp av små kjeder og enkeltstående barnehagar.
• Har drevet med driftsmarginer på mellom åtte og elleve prosent i perioden 2014–2018.
• Over flere år er over 900 millioner kroner ført ut av barnehagevirksomheten og oppover i konsernet der pengene er investert i næringsvirksomhet. Blant annet er det gjort betydelige investeringer i oljevirksomhet.
• Selde 142 barnehageeiendommer til SBB i desember 2021 for 4,6 milliarder kroner.
• Årlig husleie til SBB vil være 262 millioner kroner.
Espira
• Omfatter i dag over 100 barnehagar.
• Etablert under navnet Barnebygg-gruppen av Einar Magne Jansen.
• Jansen selde deler av konsernet til oppkjøpsfondet CapMan i 2009.
• Jansen beholdt 46 barnehagebygg som han leide ut til Espira gjennom selskapet Service Property AS. Husleiene var for flere barnehagar så høye at de drev barnehagene til konkursens rand.
• Jansen selde de 46 barnehagebyggene til Adolfsen-brødrenes Pioneer Public Properties i 2014.
• Omtrent på samme tid selde CapMan selskapet til det svenske selskapet Academedia, eid av oppkjøpsfondet EQT.
• Academedia skilte ut ti barnehagebygg som fulgte med, og selde dei til det svenske selskapet Hemfosa Fastigheter, som igjen ble kjøpt av SBB i 2019.
Norlandia
• Omfatter i dag rundt 50 barnehagar.
• Etablert av Kristian og Roger Adolfsen, Benn Eidissen og Helge Carlsen.
• Benn Eidissen og Helge Carlsen selde seg ut av konsernet i 2016 for 500 millioner kroner.
• I 2019 selde Adolfsen-brødrene 170 barnehage-eiendommer i Norge, Sverige og Finland til det australske pensjonsfondet Whitehelm Capital for 2,7 milliarder kroner.
Kidsa
• Omfatter i dag 27 barnehagar i Bergen.
• Kidsa-barnehagene ble etablert av Stiftelsen husmødrenes barnehagar i Bergen, som senere fikk navnet Vappus.
• Eiendomsutvikler Tore Andersen tok over Vappus-barnehagene og slo kjeden sammen med sin egen, Regnbuen barnehagar, under navnet Kidsa barnehagar.
• I 2015 kjøpte Adolfsen-brødrene, Benn Eidissen og Helge Carlsen Kidsa-barnehagene gjennom selskapet sitt Kidprop AS.
Gnist
• Omfatter 17 barnehagar i Møre og Romsdal, Trøndelag og Hordaland.
• Etablert av ekteparet Grønmyr, som i 2018 selde 80 prosent av aksjene til det svenske oppkjøpsfondet Altor for 382 millioner kroner. Ifølge DN ble 356 millioner kroner bokført som gevinst.
• I perioden 2007 til 2017 tok ekteparet Grønmyr ut utbytter på til sammen 54,2 millioner kroner fra konsernet.
• Drev med en driftsmargin på mellom 11 og 14 prosent i perioden 2014–2018.
• I 2019 vedtok Trondheim kommune varig stenging av Gnist Trøa, fordi kommunen mente driften av barnehagen var uforsvarlig og at det hadde pågått pedagogisk svikt over tid.
• I juni 2021 vedtok Trondheim kommune å kjøpe Gnist Trøa for 46,13 millioner kroner.
• I september 2021 ble det kjent at Norlandia har inngått avtale med Altor og ekteparet Grønmyr om å kjøpe Gnist-barnehagene.
Ulna
• Driver rundt 20 barnehagar i Norge.
• Etablert av Trond Ingvaldsen og Geir Hartmann som eide 50 prosent hver gjennom selskapet Fem T.
• I 2018 selde Fem T Ulna-kjeden til det svenske selskapet Atvexa AB for 225,9 millioner kroner. Barnehageeiendommene inngikk ikke i salget.
Barnehagenett
• Paraply for 14 barnehagar med PBLs styreleder Eirik Husby på eiersiden.
• 11 av barnehagene eies av Borg barnehagar AS og to av dei av Økernly barnehagedrift AS.